2 minute read

Tariffoppgjer 2021

Next Article
Til minne

Til minne

TARIFFOPPGJERET 2021 - MELLOMOPPGJER

NHO-leiar Ole Erik Almlid og LO-leiar Peggy Hessen Følsvik markerer at innspurten på årets mellomoppgjer er i gong.

Advertisement

Som vanleg i mellomoppgjer dreiar det seg berre om kroner og øre. Grunnlaget for forhandlingane var reguleringsklausulen for andre avtaleår, som lyder slik: «Det skal forhandlast om lønnsreguleringar og forhandlingane skal førast på grunnlag av den økonomiske situasjonen og utsiktene for 2. avtaleår, samt pris og lønn. Årets tariffoppgjer er eit mellomoppgjer, som betyr at det kun forhandlast om lønn.

Etter planen skulle forhandlingane mellom LO og NHO starta måndag 15. mars, ved at LO som representerer arbeidstakarne, skulle levere sitt krav til NHO som representerer arbeidsgivarane. Etter Hans Christian Gabrielsens bortgang er kravoverleveringa utsett til 24. mars. Dagen etter vart det brot i forhandlingane med NHO og det vart varsla om plassoppseiing for 179.000 arbeidstakarar. Partane hadde frist fram til laurdag den 10. april kl. 24.00. Etter å ha mekla 15 timar på overtid, vart partene samde.

LOs krav ble formulert av representantskapet den 16. februar. LO kravde at kjøpekrafta skulle oppretthaldast, at lønningane samla sett skulle halde tritt med prisstigninga, ikkje eit øre meir. Etter at Teknisk beregningsutval justerte sine prognosar for prisveksten, rett før forhandlingane kom i gong, tilsa dette ei ramme for lønnsveksten på 2,8 prosent. Med ei ramme på 2,7 prosent, 0,1 prosentpoeng under kravet på 2,8 prosent, mangler det 30 øre per time på å oppretthalde kjøpekrafta. Det viktige kravet om eit ekstra låglønnstillegg var inne. Det valte eit einstemmig forhandlingsutval å akseptera. Då var LO i mål. Det sentrale oppgjeret inneber eit generelt tillegg på 2,25 kroner per time for alle. Det blir 4.378 kroner meir i året. Lavløna får eit tillegg på 1 krone i timen ekstra, altså 3,25 kroner. Det bli 6.377 kroner meir i året – til alle arbeidstakarane som er omfatta av overenskomstar med ei gjennomsnittsløn som ligg under 90 prosent av gjennomsnittleg industriarbeiderløn.

Offshoretillegget vart heva med 2.9%.

Amram Hadida - Klubbleiar

SELSKAPSFUSJON- KVÆRNER AS OG AKER SOLUTIONS AS

Bringing Together Aker Solutions and Kvaerner

Etter fusjonen av moderselskapa Aker Solutions ASA og Kværner ASA i 2020, har det blitt arbeidd med å førebu fusjonen av dei operasjonelle, norske verksamheitane Aker Solutions AS og Kværner AS.

Fusjonen hausten 2020 var mellom gruppene sine morselskaper. Ein ny, felles organisasjon vart etablert, men dei operasjonelle dotterselskapa Kværner AS og Aker Solutions AS vart ikkje fusjonert i den prosessen. Førebuingane til den fusjonen har gått føre seg det siste halvåret, og skal etter planen sluttførast 1. februar 2022. Fusjonen av Kværner AS og Aker Solutions AS i Norge er å betrakte som ei verksamheitsoverdraging, noko som betyr at arbeidsavtalane til alle tilsette i Kværner vert overført til Aker Solutions AS.

Amram Hadida - Klubbleiar

This article is from: