
8 minute read
Bemanning og arbeidssituasjon
BEMANNING OG ARBEIDSSITUASJON
Stord Yard
Advertisement
• 1600 ansatte • Norgs største offshoreverft • Leverandør til olje- og gassindustrien i Norge og internasjonalt
2021 har vore eit travelt år for oss alle. Eit år med både oppturar og nedturar. Fortsatt koronarestriksjonar og stengte grenser i byrjinga av året med fare for permitteringar for eigne tilsette. I midten av mars månad, har 3.000 tilsette ved dei fire verfta til Aker Solutions varsla om at det kan komme omfattande permitteringar.
Årsaka er grensestenging som gjer det vanskeleg å få inn utanlandske arbeidarar som i sin tur kan ramme eigne tilsette. På Stord har me mangla ca. 1000 innleigde arbeidarar på Mekaniske og ISO- faga (isolasjon, stillas og overflate). Det vart sett ned ei arbeidsgruppe som såg på talet eigne tilsette, og norske innleigde me ikkje ville ha arbeid til, som følgje av at ein ikkje får inn personell frå utlandet. Eit stykke ut i mai kunne ein komme opp i rundt 600 permitterte.
Etter kvart kom regjeringa med ein avgrensa utviding av unntaksordninga forå inkludera arbeidskraft me hadde behov for. Dette har bidrege til at faren for permitteringar vart vesentleg redusert.
I løpet av 2021 har me oppnådd mykje positivt også. Det som er viktig for oss er at me har vunne fleire viktige og avgjerande Feed-kontraktar, og dermed kome i posisjon til å vinne nesten samtlege prosjekt me hadde øvst på ønskelista. Noko som gir mykje aktivitet i mange år framover.

STRATEGI OG VERFTSTRANSFORMASJON:
Den nye selskapsstrategien for Aker Solutions har blitt vedteken av styret og blitt rulla ut. Overordna handlar det om å vri selskapet over til fornybart. Bedriftas ambisiøse lågkarbon-målsetnad, - fornybart og energiomstilling er vår viktigaste forretning i 2030.
Parallelt arbeider me også med ein strategi for Topsides & Facilities. Det er ikkje så mykje nytt i den. Men det handlar i stor grad om konkurransekraft for å sørgje for at me utnyttar ressursane våre på ein best mulig måte og er konkurransedyktig anten det er for olje og gass eller fornybart. Blant anna handlar det om at mykje av det som skal byggjast til ny energi faktisk skal bli utført på Stord. Som til dømes HV/DC -plattformer til havvindparker. Ein annan ting er å tydeleggjera «formålserklæring» for selskapet. - Gjennom kultur-og strategiprosjektet som gjekk føre seg i vår, vart det tydelig at mange tilsette sakna ei tydeleg formålserklæring for selskapet. Kvifor er me her, - utover det å ha ein jobb å gå til, - og tena pengar for aksjonærane. Me har i lengre tid bidrege med sysselsetting og verdiskaping som er viktig for både lokalsamfunn og storsamfunn. Men me ser at me kan enda meir. Me er ein aktiv bidragsyter i samfunnet. Me er ein del av løysinga på klimautfordringane.
Me trur at for å lykkast med energiomstilling som me alle i fellesskap skal gjennom, ligg nøkkelen hos industrien og hos oss. Difor er ikkje vår formålserklæring lenger berre å gjennomføra store prosjekt. Me løyser globale energiutfordringar for framtidige generasjonar. Det er Aker Solutions formålserklæring. Og det er me i topsides og facilities ein viktig del av. • Ansatte totalt: 1600 • Antall operatører: 869 • FF.Mek,fag: 621 • EL&IT fag: 248
Fornybart og energi-omstilling: 1/3 av omsetninga innan 2025 2/3 av omsetninga innan 2030
Reduksjon i utslipp: 50% reduksjon i eigne utslipp innan 2030
Lærlingar: Selskapet har totalt tatt inn over 100 nye lærlingar. Rundt 25 av lærlingane her på Stord var på plass i august.
Lærlingeinntak 2021
Fag Elektro Automasjon Industrirørlegger Sveis Kran Mekanisk Plate Stillas Sum
2 stk er tatt inn via NAV
Antall 6 3 4 5 1 2 3 1 25 19 6
Kvinner Menn

Koronasituasjonen har vist oss kor viktig det er å ha tilstrekkeleg med eigne arbeidarar. Verkstadklubben og bedrifta har jobba tett med å gjennomføra ei Gap-analyse som skal kartlegge behovet for inntak av nytt personell. Kartlegging skal gi svar på følgjande: • Kva er strategien til bedrifta (kapabilitet & kapasistet)? • Kva har vi i dag, i forhold til kva me kjem til å mangla framover? • Kva for fag må vi styrkja oss på? Basert på tilbakemeldingar som har kome inn, har bedriften beslutta å gjennomføra ein rekrutteringskampanje for operatører i 2022. Det er målsatt tall på 95 operatørar. Lærlinger og personell via Nav systemet kjem i tillegg.
ISO-fabrikken:
Aker Stord har bygd ein ny og moderne isoleringsfabrikk og er i ferd med å bygge opp kompetanse innan ISO-faga. Det vart tilsett 5 fagarbeidarar i 2020. Vinteren 2021 starta prosessen med å søkje godkjenning som lærebedrift i isolasjonsfaget. Bedrifta har som mål å ha ei godkjenning klar i april. Slik at me kan jobba med å ta inn lærlingar i isolasjonsfaget. I tillegg har bedrifta starta ei kartlegging og utvelgelsesprosess av 4-5 eigne ansatte, som me skal ta inn på internopplæring i isolasjonsfabrikken til våren.

Innleide:
Forutan eigne tilsette har bedriften vore avhengig av innleid personell. Omlag 700 innleide operatørar har vore innom dagleg. Bedrifta hadde ein rammeavtale med omlag 50 bedrifter. Største del av dei innleide har vore på ISO-faga.
Berebjelkane gjennom året har vore prosjekt i sluttfase og nye prosjekt i tidlig fase.
PÅGÅANDE PROSJEKT:
HYWIND TAMPEN

Koronasituasjonen på site påverkar framdrift i prosjektet, pågåande utbrot har vore opp i 7 - 8 % av arbeidsstokken kvar veke. Noko som utgjer omlag 10% sjukefråvær. Havvindprosjektet på Dommersnes har fått ein ufrivillig pause på grunn av langvarig smittepress. I samband med jula planla prosjektet å skalera ned aktiviteten på Dommersnes frå 22. til 29. desember for å prøva å stoppa vidare smitte. Støypen og utrusting av dei 11 flytande betongfundamenta er no inne i sluttfasa og er ca. 70% ferdig. Nitten sugeanker frå Verdal og restproduksjon på Stord er no ferdig. I mars - april 2022 startar tauing frå Dommersnes til Gulen for ferdigstilling. Prosjektet har i snitt rundt 300 personer i arbeid på Dommersnes. Av dei er omlag 140 personer innleigd frå søsterbedrifta Aker Verdal.
Alle system er ferdig og overlevert, - prioritert mot ferdigstilling av system med lite attståande og klargjering for offshorefase. Førebuingane for sjøprøve og utslep frå kai til Klosterfjorden er lagt til medio februar 2022. Det er planlagt ein kort sjøprøve på om lag to veker. Utslep til feltet startar 1. mars 2022. Aker Solutions skal gjennomføra oppdraget med Njord Offshore Hook-up.
NJORD A

JOHAN SVERDRUP
: I juni månad segla den 5.000 tonn tunge tilleggsmodulen til Johan Sverdrup RP frå verftet på Stord. På Stord har toppbemanning på prosjektet vore på 550 personar, og for Aker Solutions rundt 300 personar. Inkludert ringverknader for underleverandør, - tenesteleverandørar og liknande har kontrakten generert arbeid for om lag 2000 personar. Hook-up arbeid offshore skal gå føre seg fram til hausten 2022. For tida er det om lag 150 personar som arbeider ute til ei kvar tid.
Stort sett alle modulane som skal monterast på skipet ligg no klare langs den nye kaien og produksjonsområdet på vestsida av dokken. Turret-modulane, vinsjen og trustarar er på veg til Stord og skal landsettast på sørøya (Eldøy) for klargjering før den skal løftast om bord i august månad 2022. Johan Castberg er klar til å forlata Singapore og set kursen mot Stord i midten av februar. Oppstart for montering av modular er planlagt til 9. april. Prosjektet har opplevd gode leveransar frå Egersund på AP-500 og AP-800 modulane.

JOHAN CASTBERG

FABRIKASJONSSTART PÅ TO NYE SERVICETÅRN
DECOMMISSIONING AT ELDØYANE

Bedrifta har vedteke å bygge to nye servicetårn. Servicetårna skal primært brukast som etesal, men skal også innreiast med kontor. Tårna vert bygd for å optimalisere drift og produksjonsflyt, og vil lette på logistikken av både materiell og personell. I slutten av oktober var det fabrikasjonsstart i brennehallen, servicetårna skal etter planen vere klar til bruk i løpet av sommaren 2022. Prosjektet kjem til å sysselsetje mellom 1.000 og 1.500 personer på Stord til ei kvar tid.
Aker Solutions og AF Gruppen annonserte 1. juli at dei skal skilje ut demoleringsaktiviteten og etablere eit nytt, felles selskap som er reindyrka for demolering og resirkulering av utrangerte offshore-installasjonar. Sidan har det blitt arbeidd med å førebu det nye selskapet. Status er at selskapet har blitt godkjent av Konkurransetilsynet. Det har blitt arbeidd med å etablere ein organisasjon, leiing og med å finne eit nytt namn på selskapet. Selskapet vil bli eigd 50 prosent av Aker Solutions og 50 prosent av AF Gruppen. Målet var at selskapet skulle være operativt i november. Status: Prosessen er stoppa opp i forhold til usemje om det økonomiske.

FABRIKASJONSSTART KOLLSNES

I september var det fabrikasjonsstart på Kollsnes-prosjektet på verftet på Stord. Til stades i brennehallen var representantar frå samarbeidspartner og oppdragsgivar i prosjektet Wood Norge, og Equinor og Gassco.
Kollsnes-prosjektet vil ha ein byggeperiode på Stord fram mot hausten 22, med prefabrikasjon og samanstilling av modular og røyrarrangement. Hovudblokker som blir bygd her på Stord er eit nytt MEG-tog, MEG-filter modul og ferdige røyrarrangement for installasjon i stansvinduer på Kollsnes. aktivitet på Site er starta i hausten 21, men primært gå føre seg i andre, - tredje og fjerde kvartal 2022, og ferdigstilling på Kollsnes i løpet av 2023.
Kontrakten omfattar opsjonar med muligheiter for framtidig arbeid. Det er venta at kontrakten vil omfatte rundt 150 årsverk i løpet av prosjektperioden. For tida er det noen få operatørar på Site. Desse går 4 dagars uke rotasjon. Det er planlagt opptrapping av personell på Site til våren og overgang til 14/21 rotasjon.
TILDELTE KONTRAKTAR 2021
• Wisting Feed • Heimdal- Veslefrigg Demolering 68.000 tonn • Troll B og C elektrifisering • Sunrise wind
• Valhall NCP
Amram Hadida- Klubbleiar