
8 minute read
Årsrapportar gruppene
ÅRSRAPPORTAR GRUPPENE
ÅRSMELDING AVD. 254 RØYR
Advertisement
2021 vart også eit år prega av verdsomspennande pandemi, og derav mange restriksjonar både på arbeid og i samfunnet elles. Me har likevel hatt full sysselsetting og aktivitet, både offshore og på verftet.
Offshore vart kraftig redusert for vår del og det har berre sysselsett 9 -10 medarbeidarar. RP- modulen vart ferdigstilt og levert denne årsperioden, og Njord er heilt i sluttfasen og planlagd på prøvetur i februar.
2022. Pandemien slapp litt opp midt i årsmøteperioden og me kunne lempe litt på restriksjonane. Det ser dessverre ut til at det no blussar opp igjen, og nye tiltak blir iverksett. Produktiviteten har trass i vanskar i alle prosjekta likevel vore bra, og me ligg ganske bra på plan.
Det har også vore god aktivitet i prefab, - og her har i snitt om lag 30 - 40 medarbeidarar vore sysselsett. Her blir det og produsert godt, med bra faktor og god kvalitet, men me måtte redusere bemanninga litt i sommar grunna venting på teikningar til Kollsnes-modulen. Me har som vanleg ein god del medarbeidarar utlånt som ingeniørar, arbeidsleiarar, HSSE- personell, tilretteleggarar og diverse andre funksjonar i ulike prosjekt.
Avdelinga har i skrivande stund 140 tilsette mot 152 tilsette året før. Dette skuldast fleire som har fått nye jobbar i bedrifta, tre personar som er slutta, - og fire som gjekk av med pensjon. Det er i årsperioden tilsett fem nye medarbeidarar til avdelinga. Det er planlagt ei større rekrutteringskampanje til avdelinga i 2022.
Så godt som alle lærlingar som tok fagbrev på røyrfaget/sveisefaget i 2020 - 2021 fekk tilbod om fast tilsetting på avdelinga. Det har også dette året vore betydeleg interesse for vidareutdanning, og fleire står per i dag i eit utdanningsløp.
Avdelingsutvalet har fast møte ein gong per månad og består av:
Verv: Namn: Gruppeleiarar Jan Egil Føyen / Inge Buchvold Vara Rune Sivertsen/ Per Geir Hansen
Sekretær Tina Åkra
Område verneombud Ole Petter Hauge
I tillegg er avdelingsleiar Jarle Helland fast medlem, produktivitetstillitsvalt frå klubben og HVO har møterett, - og øvrig leiing frå bedrifta blir kalla inn etter sak og behov.
Helsing Gruppestyret og avdelingsleiar
ÅRSMELDING AVD 258 STILLAS
Me er om lag 48 personer som er tilknytte stillasavdelinga. Medarbeidarane er fordelt på fagarbeidarar, hjelpearbeiderar, lærlingar og kandidatar. Det var tre lærlingar som fekk fagbrev og som takka ja til å bli fast tilsett i avdelinga i 2021. På noverande tidspunkt har me tre lærlingar som skal ta fagprøven i 2022.
Avdelinga er med i eit prosjekt kor bedrifta og Nav har starta eit samarbeid om å få folk i arbeid, og gjennom dette prosjektet tok me inn fire personer. Dei skulle gjennom eit «kompetanseløp» på ni månader. «Kompetanseløpet» var delt opp i modular som dei skulle gjennom får å sjå om stillasarbeid høvde for desse, - og med målsetnad om å kartlegge om kandidatane kunne ende som fast tilsette i bedrifta. Dei var først gjennom to månader med litt innføring i stillasfaget, samt teori og ymse kurs knytt til fallsikring, rigg og lift. Dei fekk og prøve seg på å bygge litt stillas.
Etter fyrste modul kom dei ut i produksjonen der fire fadrar tok i mot dei. I løpet av den kommande månaden skulle ein avdekke om stillasarbeid høvde for kandidatane. Etter dette fekk dei kontrakt på seks månaders prøvetid. I desember vart to av desse fast tilsette, og to andre fikk forlenga prøvetid. Me håpar og trur at også desse blir fast tilsett i fyrste del av 2022.
Avdelinga har sagt ja til å fortsette samarbeidet mellom bedrifta og Nav med å ta imot nye kandidatar.
Me har også nokre tilsette som har teke Teknisk Fagskule og som no er gått over i nye stillingar i bedrifta.
To personar vart i 2021 godkjent til å resertifisere fallsikringsutstyr og høgderetningsutstyr som me har i bedrifta. I tillegg til dette har me nokre som arbeider som midlertidige arbeidsleiarar, og nokre andre har kursa seg og arbeider i betongfaget.
Me har folk på ymse prosjekt. Blant anna offshore på Sverdrup, - noko me og vil ha på Njord når den dreg frå verftet. Me har også folk på Hywind Tampen. Når det gjeld Njord, Hywind og Castberg har me fleire folk som er i midlertidige stillingar på dei tre prosjekta.
Me er ein veldig aktiv avdeling kor me nyttar den tillitsvalte samt våre verneombod til å heve kompetansen til folk med ulike kurs og skulering.
Venleg helsing Stillas Avd.
ÅRSMELDING FOR TOOLS & EQUIPMENT
T&E hadde omlag 45 eigne og innleigde arbeidarar i 2021.
Avdelingsleiar slutta i august. Og i slutten av oktober starta ein ny avdelingsleiar. Det har vore eit utfordrande og travelt år med mykje fokus på utvikling av Webshop som skal gje prosjekta innblikk i kva T&E kan tilby.
Grunna pandemien har me vore avgrensa og ikkje fått samlast sosialt like mykje som me ønskjer. Fleire har sete på heimekontor store delar av året.
Det har vore kioskar i operasjon med 14/21 rotasjon, 2 - skift i kiosk 2.
Gjennom året vart det halde fire AU-møter. Dette er færre enn ønska grunna månader utan avdelingsleiar.
ÅRSMELDING DRIFTSAVDELING
Gjennom 2021 har me hatt personell på Stord, Dommernes og offshore. Me er involvert i samtlege prosjekt som har utspring frå Aker Stord. Avdelinga vår tel rett i overkant av 30 personar. I året som gjekk tilsette me éin ny medarbeidar og me treng enda fleire i åra som kjem. Som Aker Stord elles har me hatt eit noko høgare sjukefråvær enn normalt. Noko av dette skuldast korona. Likevel vil dette og vera eit av områda me må jobba knallhardt med å forbetra i åra som kjem. Me treng absolutt alle på jobb. Totalfråvær enda på 6,96%. Kjell Tore Vassnes, gruppetillitsvalt
ÅRSMELDING 255 STÅL
I årsmøteperioden har Gruppestyret vore samansett av:
- Kristoffer Hamre Andersland, leiar prefab - Morten Nordeide, leiar installasjon - Øyvind Skogseide, sekretær - Armand Storeide, vara prefab - Stian Bakke, vara installasjon
• Prosjekt
Stål har vore involvert i mange prosjekt i 2021. Blant desse er Njord, Johan Sverdrup RP, Castberg, Hywind Tampen og Kollsnes. Me har hatt folk spreidd utover i forskjellige fag utanom plate/sveis. Me har hatt folk på demolering, preservering, ISO-fag, kabelstål, betong, engineering, beredskap, HSSE, formenn, stillas og transport.
• Utlån
Me har hatt 53 tilsette på utlån til andre fag, - deriblant 17 som arbeider på kontor. Stål har vist stor fleksibilitet i ei krevjande tid og har prestert godt i dei faga som dei har blitt flytta over til. Det har stort sett vore positive haldningar og gode tilbakemeldingar på den jobben som har blitt gjort.
• Kurs
Me har hatt kursing og anna opplæring på Stål i 2021, i tillegg til sveis og plate. Vi har hatt boltetrekkarkurs (15), betongkurs (18), AML (2), offshorekurs (3) truckførarkurs (2) og G4 traverskrankurs (2).
• Fellesmøter
Dessverre vart det få fellesmøter dette året grunna korona, men me fekk til eit fysisk årsmøte, - og med digital løysing på Teams for dei som ikkje var til stades. Me hadde eit avdelingsmøte før sommaren og eit før juleferien på Teams.
• Sosiale samlingar i 2021
Tre pizzasamlingar for enkelte gjengar
• Tal på medarbeidarar inkludert lærlingar: 192
• Pensjon:
Sju personar gjekk av med pensjon. Dette var: - Hans Gaute Lillejord - Arto Mäkinen - Einar Asbjørn Vik - Arvid Kloster - Hans Steinar Kismul - Åsmund Vikanes - Kjell Arne Tyse
• Sjukefråvær
Talet for 2021: 10,01% akkumulert på 12 månader. Her er korona ei medverkande årsak.
• Tal på AU møter
Me har hatt 11 AU - møter denne årsmøteperioden. Under desse møta har me hatt ulike saker. Blant anna:
• Sveisemasker Ares 2 Tenotec • Ventilasjon/høgvakumanlegg • Sjukefråvær • Produktivitet • Helse og psykososialt miljø • Kvalitetssikring av verktøy og utstyr • Ergonomiske hjelpemidlar • Verneutstyr og verneklede
• Nytilsette 2021:
Fire platearbeidarar og fire sveisarar
- Preben Dahl (sveis) - Arne Linga (sveis) - Sondre Bjelland (plate) - Runar Skard (plate) - Heine Åsbø (sveis) - Mats Tolo (sveis) - Øyvind Skogseide (plate) - Kenneth Riis Ellefsen (plate)
• Fyrsteårs-lærlingar
Fire på plate og fire på sveis
• Aiden Berg (plate) • Andreas Vold (plate) • Natalie Steien (plate) • Christian Heggøy (plate) • Adam (sveisefaget) • Kristoffer Jacobsen (sveisefaget) • Håvard Mikal Vedøy (sveisefaget) • Erik Jungmann (sveisefaget)
Helsing gruppestyret Stål v/Kristoffer Hamre Andersland og Morten Nordeide. Avdelingsleiar Lene Rundhovde
ÅRSMELDING LAGER
Gjennom 2021 har me hatt personell på Stord, Stavanger, Kollsnes, Dommernes, Mongstad, Romania, Singapore og offshore. Me er involvert i samtlege prosjekt som har utspring frå Aker Stord.
Gjennom AU-utval og tett samarbeid med tilsette har me hatt eit stort fokus på arbeidsmiljø, og no har lageret eit godt arbeidsmiljø. Arbeidsmiljø kjem fortsatt til å få eit høgt fokus hos oss.
Avdelinga vår tel rett i overkant av 50 personar fordelt på operatørar og funksjonærar. I året som gjekk tilsette me 6 nye medarbeidarar og me treng enda fleire i åra som kjem. Gjennom året har 6 personar tatt fagbrev, 2 lærlingar og 4 praksiskandidatar. No har over 90% av dei tilsette på lager fagbrev i logistikk.
Me hadde to som gjekk av med pensjon. • Ole Gisle Polden • Helge Gravdal
Me har hatt eit noko høgare sjukefråvær enn normalt, noko av dette skuldast korona. Likevel vil dette og vera eit av områda me må jobbe knallhardt med å forbetre i åra som kjem. Me treng absolutt alle på jobb. Totalt fravær enda på 6,96%.
Gruppestyret Lager:
• Vivian Bergli, leiar • John Dahl, nestleiar • Tor Magne Skumsnes, sekretær
ÅRSMELDING TRANSPORTEN
Det er per i dag 63 personar som arbeidar innan transport, tungtransport, rigg og marine. I tillegg har me fire lærlingar i kran- og løfteoperasjonsfaget.
Dette fordeler seg med personell i desse prosjekta: Njord A, Johan Castberg, Johan Sverdrup Hook-Up og Hywind Tampen, samt Kollsnes Upgrade. Me har og noko personell på VUP, samt nokre i permisjon for førstegongsteneste og anna arbeid.
For tida er me i gong med ei rekrutteringskampanje og vil rekruttera stort i alle fag.
Lars Olav Westerheim