ÅRSRAPPORTAR GRUPPENE ÅRSMELDING AVD. 254 RØYR 2021 vart også eit år prega av verdsomspennande pandemi, og derav mange restriksjonar både på arbeid og i samfunnet elles. Me har likevel hatt full sysselsetting og aktivitet, både offshore og på verftet. Offshore vart kraftig redusert for vår del og det har berre sysselsett 9 -10 medarbeidarar. RP- modulen vart ferdigstilt og levert denne årsperioden, og Njord er heilt i sluttfasen og planlagd på prøvetur i februar. 2022. Pandemien slapp litt opp midt i årsmøteperioden og me kunne lempe litt på restriksjonane. Det ser dessverre ut til at det no blussar opp igjen, og nye tiltak blir iverksett. Produktiviteten har trass i vanskar i alle prosjekta likevel vore bra, og me ligg ganske bra på plan. Det har også vore god aktivitet i prefab, - og her har i snitt om lag 30 - 40 medarbeidarar vore sysselsett. Her blir det og produsert godt, med bra faktor og god kvalitet, men me måtte redusere bemanninga litt i sommar grunna venting på teikningar til Kollsnes-modulen. Me har som vanleg ein god del medarbeidarar utlånt som ingeniørar, arbeidsleiarar, HSSE- personell, tilretteleggarar og diverse andre funksjonar i ulike prosjekt. Avdelinga har i skrivande stund 140 tilsette mot 152 tilsette året før. Dette skuldast fleire som har fått nye jobbar i bedrifta, tre personar som er slutta, - og fire som gjekk av med pensjon. Det er i årsperioden tilsett fem nye medarbeidarar til avdelinga. Det er planlagt ei større rekrutteringskampanje til avdelinga i 2022. Så godt som alle lærlingar som tok fagbrev på røyrfaget/sveisefaget i 2020 - 2021 fekk tilbod om fast tilsetting på avdelinga. Det har også dette året vore betydeleg interesse for vidareutdanning, og fleire står per i dag i eit utdanningsløp. Avdelingsutvalet har fast møte ein gong per månad og består av: Namn:
Gruppeleiarar
Jan Egil Føyen / Inge Buchvold
Vara
Rune Sivertsen/ Per Geir Hansen
Sekretær
Tina Åkra
Område verneombud
Ole Petter Hauge
I tillegg er avdelingsleiar Jarle Helland fast medlem, produktivitetstillitsvalt frå klubben og HVO har møterett, - og øvrig leiing frå bedrifta blir kalla inn etter sak og behov.
VERKSTADKLUBBEN STORD
Verv:
Helsing Gruppestyret og avdelingsleiar 37
2021