Årsmelding 2021 Verkstadklubben

Page 27

FAGLEG POLITISK ARBEID 2021 eit år som i likskap med 2020 har vore prega av korona og har vore utfordrande for fagforeininga si utadretta verksamheit i den same perioden. Men her i Noreg har landet i løpet av sommaren og hausten gradvis blitt opna opp igjen etter kvart som befolkninga har blitt vaksinert, og det har blitt mogleg å delta på kurs og konferansar. Nokre av sakene som Verkstadklubben i løpet av årsmøteperioden har vore engasjert i:

10-årsmarkering 22. juli. I fjor var det ti år sidan terrorangrepet på Utøya og regjeringskvartalet. Torsdag 22. juli vart dette markert her på Stord med filmvisning i kulturhuset, og musikk og appellar ved Storddøra. Verkstadklubben tilslutta seg arrangementet og for første gong tok me i bruk den nye fana vår. Faneberar var Jørgen. M. Pedersen og dottera Tonja. Stortingsvalet Stortingsvalet i fjor haust resulterte i et raudgrønt fleirtal på Stortinget, og alt låg til rette for ei ny fleirtalsregjering beståande av AP, SV og SP. Dessverre førte ikkje mellom desse partia fram og me fekk ei mindretalsregjering med AP og SP. Regjeringsskifte viser ein klar og tydeleg retningsendring i politikken. Blant anna kjem fagforeiningsfrådraget til å bli dobla. Dette er eit viktig grep for å styrke faste tilsetjingar og avgrense innleie og midlertidige tilsetjingar. Blant anna er det allereie sendt ut på høyring forslag om igjen å innføre kollektiv søksmålrett i arbeidsmiljølova som Høgreregjeringa fjerna. Dette vil kunne bli eit godt verktøy å bruke for å få tak i ulovlig innleie og misbruk av midlertidige tilsetjingar. Regjeringa vil og sette i gang lovarbeid for å avgrense bemanningsbransjens omfang og rolle. Krav om betre permitteringsreglar Arbeidstakarar vert hardt råka av koronatiltaka. Koronapandemien har store konsekvensar for norsk arbeidsliv og næringsliv. For å møte denne situasjonen må me igjen få ekstraordinære tiltak for dei som blir permittert. Gjennomføre og vidareføre permitteringstiltaka frå mars 2020 Innføre feriepengar på dagpengar Utvide permitteringsperioden

Står opp for norske verft Me er bekymra for framtida til dei store skipsverfta i Noreg. I dag går alt for mange av dei store oppdraga til utanlandske verft. Dette gjeld blant anna elektriske ferjer. Desse vert bygd med tilskot frå det offentlige, og er viktige for å få til miljøvennlig transport. Myndigheitene må spele på lag og finne ut korleis den offentlige støtta skal bidra til sårt tiltrengt aktivitet i Noreg.

VERKSTADKLUBBEN STORD

• • •

27

2021


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Årsmelding 2021 Verkstadklubben by SKAG Profilera - Issuu