BEMANNING OG ARBEIDSSITUASJON
Stord Yard • 1600 ansatte • Norgs største offshoreverft • Leverandør til olje- og gassindustrien i Norge og internasjonalt
2021 har vore eit travelt år for oss alle. Eit år med både oppturar og nedturar. Fortsatt koronarestriksjonar og stengte grenser i byrjinga av året med fare for permitteringar for eigne tilsette. I midten av mars månad, har 3.000 tilsette ved dei fire verfta til Aker Solutions varsla om at det kan komme omfattande permitteringar. Årsaka er grensestenging som gjer det vanskeleg å få inn utanlandske arbeidarar som i sin tur kan ramme eigne tilsette. På Stord har me mangla ca. 1000 innleigde arbeidarar på Mekaniske og ISO- faga (isolasjon, stillas og overflate). Det vart sett ned ei arbeidsgruppe som såg på talet eigne tilsette, og norske innleigde me ikkje ville ha arbeid til, som følgje av at ein ikkje får inn personell frå utlandet. Eit stykke ut i mai kunne ein komme opp i rundt 600 permitterte. Etter kvart kom regjeringa med ein avgrensa utviding av unntaksordninga forå inkludera arbeidskraft me hadde behov for. Dette har bidrege til at faren for permitteringar vart vesentleg redusert.
VERKSTADKLUBBEN STORD
I løpet av 2021 har me oppnådd mykje positivt også. Det som er viktig for oss er at me har vunne fleire viktige og avgjerande Feed-kontraktar, og dermed kome i posisjon til å vinne nesten samtlege prosjekt me hadde øvst på ønskelista. Noko som gir mykje aktivitet i mange år framover.
19
2021