Larsen 75 år 1947-2022

Page 1

LARSEN

1947 -2022
Harald Johan Sandvik Fitjarsjøen 1966.
LARSEN 75 ÅR 4 INNHALD Helsing frå ordføraren 5 Føreord 6 Prolog 8 Folketal, skulekrinsar og butikkar 10 Famlien Larsen 12 Torolf-en 15 Liv Larsen 18 Dei tilsette 19 Styret 23 Leverandørar 28 Byggjeprosessar og utvikling 30 Prosjekt 2000 32 Sjøsio 36 Så kom Fitjarfestivalen! 38 Pila peikar oppover 41 Folkelivet og kundane 42 Kondisen 46 Fiskefestivalen 48 Samarbeid med lag og organisasjonar 54 Kjøpmannen sin tale 56 Aud Strandnæs ser tilbake 58 Historisk oversyn 60 Framtidstankar 62 Takk 63

Odd Larsen AS, ein institusjon i Fitjar

Då Annemor og Odd Larsen kom til Fitjar i 1947 etablerte dei butikken sin midt i hjarta av bygda vår. Familien har frå då og fram til no utvikla det mangfaldige handelshuset til å bli ein institusjon som eg trur alle Fitjarbuar, hyttefolk og mange fleire har fått eit heilt spesielt forhold til.

Familien Larsen har i alle år vore kjende for arbeidsglede, mot, kunnskap, og mest av alt å ha eit svært godt lag med kundane. Eg snakkar rett som det er med folk som er flytta til Fitjar og spør kva dei synest om det me har å by på i bygda vår. Då er det å bli sett og kjent igjen på butikken noko av det som vert trekt fram som positivt. For litt sidan hadde me i kommunen besøk av ein delegasjon frå byutviklingsetaten i Bergen. Ein av dei som var med har hytte på Fitjar. Han hadde ikkje opplevd maken til handelshus, slik som me har på Fitjar. Difor ville han ikkje at kollegane skulle reisa tilbake til bydn utan å ha fått oppleva «Larsen med sjødn».

Slike historiar veit eg at det finst mange av. Varene som vert selde hos Larsen kan ein få tak i mest kvar som helst, men kontakten og interessa for kunden sitt ve og vel får ein ikkje på t.d. nettbutikken. Dette er ein kvalitet som er verd å ta vare på.

Eg håpar at familien Larsen saman med tilsette og andre gode samarbeidspartar vil gje Fitjarbuar og andre handlande gode tilbod og opplevingar i mange år framover.

Til lukke med 75-årsjubileet, takk for alt de har bidrege med til Fitjarbygda gjennom desse åra, og alt godt for arbeidet i dagane som ligg føre.

Harald Rydland

5 1947 - 2022
Ordførar i Fitjar kommune

Annemor (1914-2010) og Odd Larsen (1910-1996).

Føreord

LARSEN AS HALDE TIL MIDT I FITJAR SENTRUM I 75 ÅR. DET ER EIN MILEPEL SOM VERT LAGT MERKE TIL!

I dag er det ingen andre forretningar i Fitjar eller i Stord som har drive så lenge i same familie eller under same firmanamn. Ved 50-årsjubileet i 1997 stod Knut Rimbereid for jubileumsskriftet, og dokumenterte drifta fram til då. No vert den boka digitalisert og gjort tilgjengeleg på internett med eigen link. Det heftet du no les i, skildrar i hovudsak dei siste 25 åra, men det er naturleg å dra linjer bakover til 1947 både når det gjeld familien, eigarar og utbyggingar.

Tredje generasjon, Odd-Sverre og Vidar, har stått for drifta den største delen av denne perioden. Dei ynskjer å markera jubileet og dela det med bygdefolket og kundane utanfor Fitjar.

Tirsdag 10. mai var den rette datoen for jubileet. Det vart markert i butikken. Mange tidlegare tilsette var innom og gratulerte, og det vart servert kaker og kaffi.

Mandag 9. mai var det stor reportasje i avisa Sunnhordland.

Sjå linken: https://www.sunnhordland.no/naeringsliv/ aud-var-berre-17-ar-da-ho-blei-den-aller-forste-tilsette-hos-odd-larsen-as/ Fitjarposten hadde si sak på nettet på jubileumsdagen, med reportasje frå butikken.

Sjå linken https://fitjarposten.no/bautaen-i-sentrum-jubilerer/ Firmaet Odd Larsen AS er ein sentral aktør i Fitjar på mange måtar. Me ynskjer til lukke med jubileet, og ynskjer alt godt for drifta i åra som kjem!

Sandvik, 23. juni 2022

LARSEN 75 ÅR 6
I MAI 2022 HAR FIRMAET ODD
7 1947 - 2022
Fitjarsjøen midt på 50 tallet. Fitjarsjøen 2008.

PROLOG

Tora Vestbøstad hadde både oppvekst og vaksenliv midt i Fitjar sentrum. Ho skreiv mange viser om aktuelle saker i Fitjarsamfunnet, og handelsmennene slapp slett ikkje unna den skarpe og humoristiske pennen hennar. No skal du få ei vise som ho skreiv til 17.-mai-revyen i 1959:

Handleviso

Ska tru ka tid me kjeme te å handla oss te fant, eg trur`kje da blir lengje te, da trur eg jammen sant! Når adle set opp sjappe og sele alt dei kan, då e da ikkje budle for ein stakkars Fitjar-mann!

Eg gjere all min handel hos Larsen no som før i tran og Tonipan og slikt pluss blanding te likør. Petroleum og syklar og brød og sildasodd. Ja, alt so tenkjast kan da skaffa Annemor og Odd.

På Handelslaget e da ikkje godt å koma te, da e so monge tenarar so springe opp og ned. Den eine har i posar, ein anen ete kjeks, og slik helde dei da gåande te klokko verte seks.

Ein wittenberg frå Skålevik med Dagny sin salat da e ein ting so gjere seg på adle sine fat. For brøo dei e hole, du skjere skalkjen tå og fydle med salat og smør og sete skalkjen på!

Fru Christiansen hu har både gommisko og trå og adle vekeblao og potetemjøl og skrå. Og blekk og peppermynte og lebestift og salt, og «nydelig og kledelig og festlig» da e alt.

Ja, Rydlandsknuten han har fått seg spilders nye sko. Dei har han kjøpt for pengar han har tent frå jul te no. Han selde to-tre ovnar og eit strykejadn og to, men prosenten den er støste på komfyr og radio.

Men bakarmeister Henriksen han har so lite tid, da e nettsovidt han håtta på å sleppa mjølet i. Om fredag kjøpt eg julabrød, ka byr de meg for den? For tenk, eg fant rosino eg, den lyt han få igjen.

LARSEN 75 ÅR 8
Tora Vestbøstad 1959 Tora Vestbøstad.
9 1947 - 2022
Då Håkonastatua vart lossa på kaien. Utdrag frå film som ligg på YouTube. Fotograf Tor Resser. Maleri av gatebilete Fitjar sentrum frå -50 talet. Leif Kåre Helland RESSER-ARKIVET

Kart frå boka Fitjar 150 år i kvardag og fest.

Familien Larsen

-selskapa, generasjonsskifta og rollar i dag

Frå kjøkenet i den gamle butikken. Odd Larsen, Anton Tangen, Åshild Larsen og Annemor Larsen.

Bilete (t.v.) frå 50-60 talet utanfor butikken.

UTVIKLING

Først på 1970-talet vart det kjøpt truck, og no kunne dei bruka pallar. Då var det slutt på det aller tyngste manuelle arbeidet. Fitjar Meieri tok over store deler av salet av kraftfor og gjødsel i den same 10-årsperioden. Dermed vart salet av volumvarer sterkt redusert.

Firmaet Odd Larsen var eit personleg foretak fram til januar 1969. Då vart det omgjort til aksjeselskap, Odd Larsen AS, med Annemor og Odd som aksjeeigarar. I 1986 vart aksjane overførte til Torolf, som då vart eineeigar.

Odd døydde i 1996. Annemor levde like til 2010. Ho hadde ansvar for rekneskapen i firmaet like til 1990.

I 1995 vart selskapet Odd Larsen AS delt i to, Odd Larsen AS som driftsselskap og Larsen Eigedom AS som eigedomsselskap. Torolf hadde alle aksjane i begge selskapa.

ODD-SVERRE OG VIDAR

I 1999 overtok Odd-Sverre og Vidar selskapet Odd Larsen AS frå faren Torolf. Sønene kom tidleg med i drifta og er dei aktive drivarane i dag. Odd-Sverre vart tilsett i 1984 etter å ha vore assisterande butikksjef på lågprisbutikken Mekka i Bergen hos den nytenkjande og energiske Einar Nistad i eitt år. Vidar vart tilsett i 1986. Begge brørne var med og hjelpte til frå dei var 13-14 år gamle.

Odd-Sverre hadde mykje ny kunnskap med seg då han kom heim til Fitjar etter at han hadde gått i lære hos Nistad. Det var vel ikkje til å unngå at det vart temperatur over diskusjonane i familien. Dei eldste kjende kanskje at dei miste litt kontroll.

No skjedde det mykje på kort tid. Daglegvarebutikken vart mykje utvida, dei forenkla drifta og slutta heilt med gjødsel, kraftfor og sement. Det hadde aldri vore organisasjonskart i firmaet, no vart det sett opp. Martin Eltarvåg var Larsen sin revisor, men han gjorde mykje meir enn ordinære revisortenester. I praksis var han advokaten og rådgjevaren, også. I denne perioden var det mange endringar. Eltarvåg gav dette rådet til Odd-Sverre: «Du får ikkje ansvar, du tar det!»

Vidar og Odd-Sverre delte oppgåver, strukturerte og innførte betre kommunikasjon på huset. Odd-Sverre brukar mesteparten av tida si på SPAR-butikken. Etter fleire ombyggingar, utvidingar og oppgraderingar er butikken i dag topp moderne, og tilbyr eit breitt utval daglegvarer. SPAR er ei viktig kjede i NorgesGruppen ASA sitt daglegvarekonsept. Neste endring kom i 2005, då Vidar og Odd-Sverre overtok selskapet Larsen Eigedom AS frå faren. Samtidig etablerte dei holdingselskapet Kjøpmannsstova AS, der dei to brørne kvar hadde 50 % av aksjane.

LARSEN-FIRMAET har hatt ei eventyrleg utvikling. I lang tid var det fire daglegvarebutikkar i sentrum. Dei andre tre var L. Skålevik, Fitjar Handelslag og M. Vestbøstad. Etter tur vart desse tre avvikla, og Larsen var åleine igjen. Det gav ein sterk butikk med stor omsetning, men det har sine baksider. Folk kan reagera negativt, og det skaper gjerne handelslekkasje. Dei store konkurrentane i denne samanhengen var på Heiane, men mange køyrde like til Haugesund.

NYE UTFORDRINGAR

Hausten 2010 vart situasjonen vesentleg endra. REMA 1000 etablerte seg på Fitjar. Mange stussa på om det kunne vera marknad for to store butikkar. Larsen sine var uroa for utviklinga, men det har gått seg til. Begge butikkane har tilnærma lik omsetning, og Spar står sterkt i konkurransen med eit breitt vareutval og god service. Det fokuset Larsen har på å støtta lokalt frivillig arbeid i bygda, styrkjer også butikken.

FITJAR DETALJHANDEL AS

I 2012 vart Fitjar Detaljhandel AS etablert som fisjon av Odd Larsen AS. Det nye selskapet driv MX Sport Larsen, Larsen Multihandel og drivstoffsalget. Dette er Vidar sitt område.

Larsen Multihandel er ein svært innhaldsrik butikk. Den femner om alt du treng til fiske og båt, drivstoff, verktøy i alle kategoriar, beslag og skruar, arbeidstøy, maling og tilhøyrande utstyr, tapet og golvbelegg, kjøkenutstyr og dekketøy, kosmetikk, medisiner og Post i butikk. Vidar har auge for kortreiste varer, også. I mange år selde han teiner som Størk Sørfonn laga.

Det vert sagt at når båtglade bergensarar byrjar på ferie, sjekkar dei at dei har nok drivstoff til å koma seg til Fitjar. Så kastar dei fortøyningane og går til Larsenkaien på Fitjar. Der kjøper dei nytt tauverk til å fortøya med, drivstoff, fenderar og anna utstyr før dei går over til SPAR-butikken og provianterer for ferien. Dei siste 20 åra har det skjedd store endringar i faghandelen, og på landsbasis er mange spesialforretningar borte.

Difor er det tøft å driva ein frittståande butikk som Fitjar Multihandel. Grossistane er bundne opp av kjedeavtalar, der kjedene har einerett på avtalte varer. Difor er det ein stor jobb å finna leverandørar til mange av varegruppene, og å få inn varer i rett tid. Vidar har eit stort kontaktnett og får tak i det meste. Han trivest i butikken, han er kreativ, flink og praktisk, og kjenner folk på pulsen.

Internett og ikkje minst Heiane er dei største konkurrentane, med press på prisar og med eit overveldande utval.

13
1947 - 2022

BUTIKKEN NÆR DEG

Det kostar tid og pengar å køyra ut av kommunen og handla, sjølv i våre Elbil-tider. Difor er dei lokale butikkane gull verd. Eit gamalt ord seier at butikken vert betre og betre til meir du brukar den. Det gjeld også i dag. Når du handlar lokalt, held du oppe varetilbod og arbeidsplassar i bygda du bur i.

Ein forretning må ha ein marknad, men forretningen må vera rusta til å ta imot marknaden. Personalet og kundane er dei viktigaste elementa, samtidig som vareutvalet må vera aktuelt og attraktivt. Når du får spørsmålet: «Kvifor går du i den butikken?» kan kanskje svaret vera: «Butikken ligg nær oss, den er ryddig, og der finn eg eit breitt vareutval med kvalitet. I tillegg får eg god service hos dei som jobbar der.»

Me kan slå fast at den lokale Fitjar-marknaden er attraktiv, og den har heile tida vore det berande grunnlaget for drifta hos Larsen. Det er er stor kjøpekraft hos innbyggjarane i Fitjar, og deira bruk av Larsen-butikkane er og har vore fullstendig avgjerande for drifta og den gode utviklinga verksemda har hatt.

I tillegg er båtturistane ei god kundegruppe, og utbygginga i Kråko kjem mange aktørar i Fitjar til gode. Oppdrettsnæringa er også viktig. I løpet av ei veke er det mange oppdrettsbåtar inne til Larsen-kaien.

Odd-Sverre og Vidar seier at det er veldig kjekt å møta kundane. Dei kjenner mange i alle generasjonar, og har livet i bygda tett på pulsen. Det er spanande å vera lagleiarar i ei verksemd der vegen er kort frå idé til handling.

LARSEN 75 ÅR 14
Annemor levde like til 2010. Ho hadde ansvar for rekneskapen i firmaet like til 1990. Odd Sverre Larsen tek eit siste overblikk før nyopning i -89. Vidar Larsen med kunden Vilhelm Sjøvold i 2. etasje i nyopna butikk, Odd og Annemor Larsen var begge yrkesaktive til 80-årsalderen. Ikkje lett å få fyllt på varer her, Anne Marie på mjølke/fruktkjølen 1994.

Torolf Larsen

Torolf, sonen i huset, vart tidleg med i drifta og hadde heile arbeidslivet sitt i familiefirmaet. Når han ser tilbake, kan han fortelja om korleis dei lossa båtar med kraftfor, gjødsel, koks og sement og stua alt med handemakt på lageret. Seinare skulle dei same varene køyrast ut til kundane. Ingen veit kor mange tonn ulike varer Torolf har handtert, men det er eit høgt tal! I Fitjar sommarguide 2006 hadde Håkon C. Hartvedt eit godt intervju med Torolf. Me har fått lov til å ta det med her. Intervjuet er svært representativt for Torolf sitt liv og arbeid. Men han slutta ikkje i 2006. Fram til november 2018 var han stort sett kvar dag på plass i butikken. Frå 1957, då tok til for fullt i butikken og til han slutta i 2018, er det 61 år! Det er ikkje mange som har ei så lang karriere å sjå tilbake på! Her kjem intervjuet:

«Torolf´en»

Torolf-en hos Larsen på Fitjar er eit omgrep. Etter over 50 år i butikken er han kjend av dei fleste. Både for sin lune veremåte, og for si interesse for folk.

Ikkje av ufin nyfikensskap, sjølv om det gjerne er det revygjengen på Fjordhotellet humørfylt brukar å erta han med, når dei parodierer han med kommentarar som: «Ka skal du bruka da te?» eller «Kin e han der borte so står i lag med Lars-n?»

For Torolf Larsen er rett og slett interessert i folk, og det beste han veit er å kunna stå til teneste for kundar som treng hjelp til noko. Difor er han stadig å finna i butikken dagen lang, sjølv om han forlengst har overlate ansvaret for butikkdrifta til sønene, Odd Sverre og Vidar.

Tidlegare var han gjerne like mykje på matvareavdelinga som i avdelinga med jernvarer, maling og alt anna som er å finna hos Odd Larsen AS.

«I SPAR-butikken finn folk ut av det meste sjølv, men her er det mange som lurer på noko og treng råd om mangt og mykje. Og eg legg ikkje skjul på at eg trivest godt mellom jernvarer, verktøy og malingboksar», seier han, medan han leitar seg fram på dataarkivet som er knytt opp til kundar og kva maling dei skal ha. Snart finn han både kunden og den aktuelle malingboksen, og puttar ein 10-liter boks på blandemaskina. Medan malinga finn den rette fargen sin, fortel han om tidlegare tider.

«Mor og far, Annemor og Odd, starta butikken i 1947, og sjølv begynte eg å ta del i butikkarbeidet i 14-års alderen. Men så kom ei tid med realskule og butikkfagskule i Bergen, før det bar til Sola og militærteneste som sjåfør i flyvåpenet.» Malingboksen er ferdigblanda, og Torolf-en gjer den klar for kunden før han held fram:

«Då eg kom tilbake til Fitjar i 1957, var det fullt kjør i butikken. Og den gongen hadde me omtrent alt mogeleg. Mellom anna gjødsel, sement og kraftfòr. Eg hugsar at gjødselsekkene var 100 kg den gongen. Så vart dei 75 kg, men no er dei snart nede i 10!» humrar han medan han gir hjelp til ein kunde som skal ha noko i reolen med oljekanner og smøremidlar.

Etterpå får me vita at det meste måtte gjerast for hand på femtitalet. Både lasting av bilar, stuing av sekker og levering hos bøndene.

«Det var eit slit, og ofte kunne dagane vera 14 timar i strekk. Det kan no bli lange dagar no òg, men no er det ikkje snakk om noko fysisk slit lenger. Er det snakk om slit no, er det heller på det psykiske planet.

Men eg har alltid likt å jobba, og eg er glad for at det enno er bruk for meg», seier Torolf, varmt. Før kjende han mest alle som budde i Fitjar. Det kan han ikkje seia no lenger, men at han kjenner mange, både fastbuande og hyttefolk, er det ingen tvil om. Men Torolf-en er kjend av dei alle, klart det.

Gjennom fem tiår i Fitjar sentrum er det ikkje fritt for at Torolf Larsen har ein og annan episode å fortelja om, både av det morosame slaget, og i kategorien nesten-ulukker. «Eg hugsar ein gong eg gjekk nedover kaien at ein tollkryssar la til ved nabokaien. Då vart eg så oppteken av båten at eg gløymde kor eg gjekk, og peiste rett i sjøen. Men det gjekk bra. Det gjorde det heldigvis òg ein gong ein sjark låg til kai og ei skøyte ikkje klarte å stoppa på veg inn til kaien. Skøyta dundra i sjarken og delte han tvert i to. Lukkelegvis vart det ikkje alvorlege skadar på personane», fortel Torolf, og sluttar med ein episode som kunne blitt farleg.

«Det var ein gong ein stor frysebåt som skulle til fabrikken med brisling. Båten hadde eit svært høgt baugparti, og då han med denne høge baugen peiste borti dieseltanken vår, var me redde for at denne skulle velta. Hadde han gjort det, kunne det blitt skummelt. Men heldigvis enda det heile med ein bulk i tanken», fortel Torolf før han ruslar inn i butikken for å hjelpa endå ein kunde.

Mykje tid har gått til butikken, og dei lange kveldane har nok gjort sosialt engasjement utanom det vanskeleg, men folk i Fitjar har både høyrt og veit at Torolf-en er ein heidra brassmusikar etter over 55 år som messingblåsar i Fitjar musikklag. «Men du trivest godt i butikken framleis?»

«Ja, eg gjer det. Eg likar framleis å jobba. Og eg må berre innrømma at eg trivest utruleg godt med den kontakten eg får med kjende og ukjende dag etter dag», seier Torolf-en til slutt. Og me er ikkje eit sekund i tvil om at han meiner det!»

15 1947 - 2022

«Torolf-en»

LARSEN 75 ÅR 16
17 1947 - 2022
Torolf og Odd Larsen. Foto: Sunnhordland Flott karikatur som Oddrun Hatlevik har teikna.
LARSEN 75 ÅR

Dei tilsette

DEI TILSETTE er ein enormt viktig ressurs i firmaet. Dersom ikkje leiing og tilsette kommuniserer godt, går det ut over heile drifta, og korkje trivsel eller resultat vert slik det burde vera. I byrjinga kunne nok Larsen sine vera krevjande arbeidsgjevarar. Det var få formelle reglar å halda seg til, og det vart gjort svært mykje og variert arbeid gjennom veka. Fleire av dei tilsette

budde på loftet i huset, og utedøra på vestsida var alltid open. Det vart sosialt og tett, men ikkje lydlaust. Tinder eller andre sjekketenester var ikkje oppfunne enno, men butikken og loftet til Larsen fungerte til tider som eit effektivt ekteskapsbyrå! Mange gode ekteskap i bygda har sin bakgrunn frå dette huset. Det har vore stabilitet i arbeidsstokken over lang tid. I 50-årsboka ser me at to

av dei tilsette, Aslaug Gloppen og Inger Siglen Sørfonn, hadde 30 års tenestetid ved jubileet. Ved 75-årsjubileet har to andre tilsette vore med like lenge. Det er Laila Hatlevik Olsen og Jorunn Karin Sørfonn.

I dag er det 18 fast tilsette i begge butikkane, pluss 12-15 studentar og skuleelevar som steppar inn i feriar og travle periodar.

19 1947 - 2022
Amalie Bente Anne Hilde Jan Kristian Jorunn Kjersti Korina Marit Monica
Siv Stine Sølvi
Odd-Sverre
Silje
Tove Vidar Wenche

JORUNN KARIN SØRFONN

Jorunn hadde sine første timar hos Larsen i 1978. Det er 44 år sidan!

Ho får litt meir plass i boka enn dei andre, dels på grunn av at ho i jubileumsåret er den einaste tilsette med over 30 års ansiennitet, og dels på grunn av at ho er forretningsføraren i verksemda.

Jorunn fortel at dei første åra var ho med berre på deltid og i periodar. Først i 1990 vart ho fast tilsett. Det var ein stor fordel at ho kjende folket og kulturen på huset. Annemor var då framleis fullt arbeidande, i ein alder av 76 år! Sjølv etter at Annemor hadde trappa ned, kom ho på butikken kvar dag ved stengetid. Ho la kåpa frå seg og tok dagsoppgjer på kassaapparata før ho gjekk heim att til huset borte ved Fitjar-elva, der ho og Odd budde.

Jorunn fekk straks ansvar for rekneskapen, og det førte til store endringar i rutinane. Dei var tidleg ute med dataløysingar. Den første tida kjøpte dei tenester hos Jostein Vik som dreiv rekneskapsbyrå. Han døydde diverre brått og uventa. Dei fann ein ny samarbeidspartnar i Bremnes Regnskapskontor på Bømlo som då tok til med kontordagar på Fitjar. No vart det ny teknologi, med kommunikasjon via modem.

For Jorunn var dette svært nyttig. Ho fekk eit nytt nettverk her, og tok del i ei teknologisk utvikling. All programvare var knytt opp mot Bremnes Regnskapskontor, med backup på diskettar.

Først la dei inn rutinar for fakturering, så rekneskap og deretter løner.

Frå starten jobba dei i DOS = Disc Operating System, eit tastaturbasert operativsystem som kom før Windows. Så fekk dei litt større skjermar, auka kapasitet, nye program

og raskare maskinar. Det heile vart meir brukarvenleg.

Dei første åra på 90-talet var hektiske, og svært travle også på heimebane. For å vera i rute med oppgåvene, jobba ho mykje overtid. Nokre gonger gjekk ho på jobb laurdagar, også.

I dag er ho overvelda over kor mange dokument som går inn og ut, og kor mange namn ho har i lønssystemet. Gjennom desse 32 åra har ho stått midt i ei rivande utvikling på både program og maskinvare. Men det har gått seg til, og alt har blitt lettare å bruka etter kvart.

Odd-Sverre kommenterer at Jorunn har ein svært viktig rolle i firmaet. Ho er påhalden, punktleg og tar tak i saker for at dei ikkje skal gli ut. Jorunn og eigarane har kvar sine sterke sider, og slik utfyller dei kvarandre i den daglege drifta.

Uteståande krav er ei utfordring for alle som opererer med kredittsalg. Jorunn har eit profesjonelt syn på denne viktige delen av økonomistyringa.

Jorunn er også veldig ryddig overfor dei tilsette når det gjeld løner og andre vilkår. Ho har den store oversikta.

No ligg rekneskapen i «skya», i Dropbox. SPAR har sentralt lønskontor i Brumunddal, og faktuaraer vert handsama digitalt. Det er nok av oppgåver i dette bildet, og Jorunn har full oversikt og er svært aktiv.

Jorunn trivest med arbeidet og samarbeidet på huset. Ho har hatt stor fridom i jobben, også til å vera mor i dei travlaste åra. Når borna var sjuke, kunne ho køyra heim i pausen og ta seg av dei.

Jorunn vart i 2021 heidra med medalje for lang og tru teneste, etter 30 år i full stilling.

LARSEN 75 ÅR 20

WENCHE HENRIKSEN

jobba tidlegare som førstedame på Kondisen, og flytta over til Larsen då Henriksen-eigedomen og Kondisen vart kjøpt opp. Ho fekk tidleg ansvar for frukt og grønt, og har vore pådrivar for å styrkja denne varegruppa. Wenche er imøtekomande og synleg i butikken. Ho har veldig god kontakt med kundane, men ho har ein fysisk krevjande jobb og ein hektisk kvardag. Den flotte fruktavdelinga i butikken er det beste provet på at ho gjer ein god jobb. No har ho jobba hos Larsen i 26 år.

KJERSTI IVARSØY BÅRDSEN

kom også frå arbeid på Kondisen og har sidan vore hos Larsen. Ho har særskilt ansvar for sortimentsoversikt og kontroll på det feltet. Det skal haldast orden på produkt som går ut og inn av sortimentet, på varene si plassering, og ho skal ta seg av «nyheter», nye varer som skal testast i marknaden. Det er noko som skjer tre gonger i året. Kjersti har ein krevjande jobb, men ho er veldig god på feltet sitt. Ho har også 26 år bak seg hos Larsen.

LAILA HATLEVIK OLSEN

vart tilsett i 1983. I tillegg til vanleg butikkarbeid var ho pioneren på butikkdata, og var svært tidleg ute på det feltet. Ho sette i gang utan bakgrunnskunnskap, og styrte utviklinga i butikken via diskettar og modem fram til vår tid sine intranettløysingar. Ho vart ein kløppar i faget!

I 2013 vart ho heidra med 30-års diplom og medalje for lang og tru teneste. Ho sleit med helsa den siste perioden ho var i arbeid, men det tok tid før ho fekk ein diagnose. Ho leid av ALS, ein sjeldan nervesjukdom. Laila døydde i heimen i 2021 etter ein lang sjukdomsperiode.

21 1947 - 2022

«Kjem Norges hyggelegaste kassadame frå Fitjar?»

Det var overskrifta på ein reportasje i Fitjarposten 19. april 2022. Vekebladet Hjemmet kårar årleg Norge si hyggelegaste kassadame eller -mann, og dette året fekk dei inn 5.000 nominasjonar. Ein av desse var Amalie Korsvik som jobbar på SPAR Fitjar. Ho er mellom dei 18 finalistane i kåringa, og ho vart nominert av fleire SPAR-kundar.

I ein av nominasjonane står det: «Amalie er alltid smilande med eit utroleg humør. Har ein smittande latter som du ofta kan høyra lenge før du ser ho i butikken – herlig! Har til og med høyrt synging i butikken på kveldstid – det er nydelig, det! Om du ikkje går ut med humøret løfta nokre hakk etter ein handel med Amalie, har du vore uheldig og ikkje truffe på ho!»

Odd-Sverre seier til Hjemmet at han er stolt av Amalie Korsvik. «Ho har ein naturleg kontakt med kundane samtidig som ho er effektiv i kasse og butikk. Kort og godt er ho ein god representant for vårt 75-årige tilbod i bygda!»

LARSEN 75 ÅR 22 22
Jula 2021, ny runde med Korona, munnbinda måtte på igjen. Frå venstre Vegard, Amalie, Marit, Iwona, Jakob, Tori og John.

Styret

Torolf såg aldri etter noko styre for verksemda si. Han var arbeidsmann og treivst mellom kundar og varer. Kontorarbeid var kjedeleg. Men han hadde grenselaus tillit til revisor, og lytta til hans råd.

Martin Dahle kom inn i styret i 1998 i samband med drøftingar rundt framtidige utbyggingsplanar. Odd-Sverre og Vidar hadde då jobba på heiltid i 14 og 12 år.

For dei unge drivarane var dette ei veldig god hjelp. No kom det ein person frå utsida som såg på drift og investeringar med friske auge. Dahle brukte tid, bygde bru mellom generasjonane og såg dei store linjene.

I 2008 kom Marianne Heggholmen Aarbø og Kjell Fylkesnes inn i styret for Kjøpmannsstova. Dei to hadde med seg mykje kunnskap og erfaring, og hadde viktige rollar i den vidare utviklinga av selskapet. På denne tida gjennomførte Larsen ei refinansiering, og Kjell og Marianne sikra framdrifta i denne.

Kjell la vekt på at du ikkje måtte bøya hovudet når du gjekk inn i banken for søkja om lån. Han sa det omlag slik: «Når du går til banken, skal du søkja om store rammer, slik at du har handlingsrom for planane dine og innkjøpa dine, sjølv om du ikkje brukar alt med det same. Hugs, banken skal tilby deg tenester! Du skal ikkje vera underdanig!»

Kjell har gode minne etter åra han var med i styret, og kommenterer at Larsen-brørne har god yrkesetikk, dei er handlekraftige og i kvardagen set dei kundane i sentrum.

I 2012 gjekk Martin Dahle ut av styret i Larsen Eigedom AS etter 14 år. Marianne Heggholmen Aarbø gjekk ut av styret for Kjøpmannsstova. Kjell Fylkesnes heldt fram i styret for Kjøpmannsstova, og var også med i styret for Larsen Eigedom AS. Rune Sandvik vart ny styremedlem i begge selskapa.

Både Kjell Fylkesnes og Rune Sandvik gjekk ut av styra i 2016. Johannes Koløen kom no inn i styret for Larsen Eigedom AS.

1947 - 2022 23
Styret i Larsen Eigedom AS. Odd Sverre Larsen, Styreformann Johannes Koløen, Vidar Larsen.
LARSEN 75 ÅR 24 LARSEN 75 ÅR 24
Torolf Larsen. Kjersti Baardsen. Trond Fitjar. Marit Nesbø og Laila Olsen. Me som jobba på Multihandelen. Frå venstre Kate Huseth, Bente Nesbø, Vidar Larsen, Sonja Pedersen, Anne Brakedal og Liliann Sørfonn. Klar for Morsdag, SPAR: Iwona, Wenche, Marit, Kjersti, Tove og Sølvi.

Tilsette opningsdagen ny SPAR, 14. oktober 2002 Bak frå venstre Odd-Sverre Larsen, Lillian Drønen, Wenche Henriksen, Tor Jørgen Larsen, Ingmar Bukkøy, Kjell Ove Koløen, Hans Engel Ivarsøy, Ann Kristin Larsen. Rekke nr 3 frå venstre Torolf Larsen, Ingvild Nes Helland, Laila Vestbøstad, Linn Sørfonn, Berit Siglen, Jenny Helland, Mailis Helland, Silje Linge Haaland, Magnhild Hylleseth. Rekke nr 2 frå venstre Kirsti Willemse, Henny Strand, Jorunn Sørfonn, Kjersti Ivarsøy, Vigdis Skram, Ingunn Bukkøy, Marit Drønen, Laila Olsen. Framme frå venstre Irene Kvernenes, Espen Hatlevik,

Tilsette 1995 Frå venstre: Ann Kristin Larsen, Maren Gjerde, Jenny Helland, Laila Olsen, Vigdis Skram, Therese Nesbø, Tori Gjerde, Karen Elisabeth Helland. Midten frå venstre: Ingmar Bukkøy, Ingvild Helland, Ingunn Bukkøy, Randi Tverderøy, Lars Martin Volden, Odd Sverre Larsen. Nederst frå venstre: Vidar Larsen, Sissel Ivarsøy, Liv Larsen, Torolf Larsen, Marit Nesbø, Jorunn Sørfonn. Tilsette 1989 Bak frå venstre Odd-Sverre Larsen, Randi Tverderøy, Vidar Larsen, Torolf Larsen Framme frå venstre Odd Larsen, Vigdis Skram, Anny Sandtorv, Aslaug Gloppen, Laila Olsen, Karen Urdshals, Marit Nesbø. Morten Torland, Mai Engevik, Tara De Vreede, Andreas Siglen, Beate Bondevik.

Vidar og Odd-Sverre Larsen

Rollar frå 1997 til no:

Vidar vart dagleg leiar i Fitjar Detaljhandel AS då dette selskapet vart oppretta, og han er den sentrale personen i butikken Larsen Multihandel. Odd-Sverre er dagleg leiar og butikksjef i daglegvarebutikken SPAR.

Dei to brørne deler oppgåvene i Larsen Eigedom. Vidar tar seg av praktisk oppfølgjing med vedlikehald og utbetringar, og Odd-Sverre er dagleg leiar.

4. GENERASJON

Ann Kristin og Vidar har borna Theodor og Vebjørn. Sissel og Odd-Sverre har borna Tor Jørgen, Lars Andreas, Halvor og Eirik.

Dei seks gutane har vore på jobb i butikkane, hjelp til med vedlikehald ute og inne i ALLE feriar og som ekstrahjelper etter skuletid og i helgar. Ingen av dei bur i dag på Fitjar, men kven veit, ein dag vender ein eller fleire av dei attende til røtene.

Theodor.

Tor Jørgen.

LARSEN 75 ÅR 26
Vebjørn og Halvor. Eirik. Lars Andreas.
27 1947 - 2022
På bryggjene i lag med båtfolk.

Leverandørar

Det siste avsnittet i jubileumsskrivet som vart gitt ut i samband med 50-årsjubileet, lyder slik: «Dei store kjedene pregar difor mykje av det som går føre seg i verksemda i dag, og det er rimeleg å tru at kjedesamarbeidet berre vil auka i omfang i tida som kjem.»

Utviklinga dei siste 25 åra, frå 1997 og fram til i dag, er nyansert. Det kjem an på kva bransje det handlar om.

Som tidlegare nemnt, er daglegvaredelen av omsetninga i Larsen-huset dominerande. Den utgjer 75 %. Dei siste 25 % er fordelt på omsetninga til Larsen Multihandel og Larsen MX sport. Som for 25 år sidan, er daglegvarebutikken profilert som SPAR. I SPAR er dei fleste butikkane eigde av lokale kjøpmenn. Det gjeld også butikken på Fitjar.

Når det gjeld daglegvareverksemda, har det som starta med Annemor og Odd sitt nære forhold til HC Krohn, gått «hand i

hand» i 75 år. Grossistar og kjeder har hatt ulike namn; Migrofa, Køff Asko Vest, Asko Vest – med kjeder som Mathuset og SPARutan at dette rokka ved forholdet mellom kjøpmann og grossist.

I 2000 vart NorgesGruppen ASA etablert, som ein fusjon mellom ASKO og fleire kjeder og filialforetak. I dag har NorgesGruppen ASA den største marknadsdelen i landet innan daglegvarer. Her finn me dei kjende kjedene KIWI, MENY, SPAR og JOKER. Dette er den lange linja frå H. C. Krohn til ASKO og NorgesGruppen ASA.

I 2022 er det tre daglegvareaktørar som dominerer marknaden: NorgesGruppen ASA med 44 % av marknaden, COOP med 30 % og REMA 1000 med 23%.

LARSEN 75 ÅR 28
Esso spelte ei svært viktig rolle for firmaet i mange år. Fylling av drivstoff frå Knapphus Energi, Torolf i samtale med sjåføren.

Store endringar i handelsbransjen

Dei siste 25 åra har daglegvaremarknaden vore prega av store endringar på distribusjonssida. Med nokre få unntak vert det meste av varene dagleg distribuert av ASKO og ikkje som før av eit utal direkteleverandørar. Trass i færre og større leverandørar generelt, er forholdet til lokale leverandørar svært viktig. Kortreiste produkt som Hogste Egg, poteter frå Korsvikjen, honning frå Dåfjorden, pinnekjøt frå Lundal i Åkrafjorden, laks frå Engesund, fiskepudding frå Hjønnevåg i Uskedalen og spanande lokale varer frå Troye og fleire, vert helsa varmt velkomne av kundane!

Talet på daglegvarebutikkar har minka dei siste 25 åra. Det er ei dramatisk utvikling for dei som må gi opp, men sett i høve til det som har skjedd på non food-delen av den nasjonale handelen, framstår utviklinga som udramatisk. Kapitalsterke og børsnoterte nasjonale og internasjonale aktørar har gjort inntog, og dei samarbeider med utbyggjarar og senterutviklarar som flokkar seg rundt sentralt plasserte handelsbyar. Slik har handelen totalt endra karakter, frå eit mangfald av butikkar i alle

bransjar spreidde rundt omkring, til ei sterk sentralisering. Kva påverknad har dette for Larsen på Fitjar? Faghandelen er meir og meir prega av integrasjon. Det er når kjedene sjølve syt for innkjøp og distribusjon. Då treng dei ingen grossist. Dette går ut over mindre aktørar, som over natta kan stå utan den leverandøren som alltid har stilt opp og levert varene raskt. Mange av kjedene som såg ut til å utvikla seg positivt for 25 år sidan, er no på det næraste borte frå marknaden.

Trass i denne dystre skildringa av faghandelen, ser Vidar lyst på framtida. Innanfor bransjane sport, klær, maling, jernvarer, kjøken, gåver og mykje meir vil han oppretthalda kontakten med leverandørar som verdset kundar som Larsen Multihandel og Larsen MX sport. På dette grunnlaget vil han framleis skapa ein spanande bransjemiks tufta på ei gamal og god oppskrift for Larsen si verksemd: «Tilbyr du det folk treng, har du ein kunde!» Slik har det vore, og slik ynskjer me verkeleg at det skal halda fram!

29 1947 - 2022
Personrelasjonar har alltid vore viktig for bedrifta. Her får mangeårig sjåfør i ASKO Kjell Asbjørn Hagevik blomar som takk for innsatsen. HC Krohn, seinare Migrofa som til slutt vart til Asko, har i alle år vore ein viktig leverandør av matvarer til butikken.

Byggjeprosessar og utvikling

I 1954 KOM DEN FØRSTE LASTEBILEN på bruket, ein Opel Blitz, og i 1955 bygde dei nytt lager på vestsida av tomta.

Den første store investeringa skjedde i 1960. Då vart det bygd ny kai som tålte den moderne trafikken. Kaibygginga var eit stort løft den gongen.

Framgangen pressa også fram større inneareal. Butikken på 77 m2 frå Tangen si tid var i bruk like til 1965, men då kom den første utvidinga. Påbygget kom austover, mot Fitjar Bakeri, og utgjorde rundt 100 m2.

I 1973 kom neste byggetrinn som var meir omfattande. Fasaden var den same. Det nye bygget kom mot kaien og sjøen, og var i to etasjar. Først no gjekk dei over til full sjølvbetening i daglegvarebutikken.

Endringa som kom i 1989 var stor, og byggeprosessen var spesiell. Torolf, Odd-Sverre og Vidar var sterkt involverte i både riving, bygging og rydding. Bygningsfolka var Olav Sørfonn, Sigmund og Bjørn Leon Vestbøstad og Tore Sigurd Fitjar. Dei bygde vidare på grunnlaget frå 1973,

men no var ikkje det gamle, gule bustadhuset liv laga lenger. Det vart rive, og det reiste seg ein flott bygning med ny fasade mot gata. Knut Eide på Stord var arkitekt, den dyktige Leif Magne Vik var byggjeleiar og firma Isak Koløen AS var leverandør. Annemor og Odd kjøpte eit hus ved Fitjar-elva og flytta dit.

I nybygget vart det plass til nye leigetakarar. Nina Volden og Hårloftet flytta inn i tredje etasje sommaren 1989, og Terje Havro med sitt firma Fitjar fysikalske kom rett etterpå. Dei er framleis i huset.

I åra etterpå ekspanderte verksemda kraftig, og trong større plass. Fitjar Bakeri var næraste nabo mot aust. Saman med Odd Larsen A/S stifta Hermund Henriksen, Jarle Henriksen og Margunn Melkersen selskapet Henriksen Eigedom A/S i 1991, og det vart inngått leigeavtale med Fitjar Bakeri.

Det var ikkje enkelt å driva eit lite, lokalt bakeri lenger, og det gjekk mot avvikling. Drifta vart avslutta i 1996, og i 2000 vart Henriksen Eigedom A/S slegen saman med Larsen Eigedom A/S.

LARSEN 75 ÅR 30
Opel Blitz med Peder Heggøy på lasteplanet, Torolf Larsen med pipe og Åshild Larsen i kjole.

Kaifronten i midten av -80 talet.

HANDELSLAGET

På vestsida stod bygningane til Fitjar Handelslag, den største konkurrenten gjennom mange år. Då Handelslaget slutta av drifta, kjøpte Ragnhild og Tor Midtsæter eigedomen og flytta firmaet sitt, M. Vestbøstad AS, dit. Dei slutta av butikkdrifta i 1995 og leigde ut lokala til Vidar Risnes med Fitjar Mat AS, som dreiv i litt over eitt år.

I desember 1998 selde Ragnhild og Tor Midtsæter eigedomen til Larsen Eigedom AS. No hadde Larsen større plass å snu seg på, og dei kunne leggja planar for endå ei utbygging.

Samtidig markerte det slutten på to butikkar som hadde vore i gata lenge. I svingen rett over vegen frå banken hadde det vore handel frå 1899. Martha Skumsnes, Johannes K. Tveita og Astrid og Marcelius Vestbøstad hadde drive der etter tur. Fitjar Handelslag L/L var stifta i 1914, og bygde i 1939 det huset som stod på tomta då Larsen overtok. Den kjende forretningskvinna Thea Træet var styrar her i mange år.

Då Larsen overtok eigedomen i 1998, vart den lagt direkte inn under Larsen Eigedom AS. Utbygginga på den nye tomta fekk namnet Prosjekt 2000.

31 1947 - 2022
Hårloftet var først i 3. etasje. Firmaet har vore trufast leigetakar sidan 1989. Opningsdag for nybygg 1989. Odd, Torolf, Odd Sverre og Vidar. Nytt bygg tek form,. 1988

Prosjekt 2000

Eitt av fleire føremål ved å stifta Larsen Eigedom A/S, var å følgja marknaden. I første rekkje var det å vurdera løysingar for lokalisering av eigne butikkar, men også det å kunna tilby lokale for utleige. Det vart utarbeid eit prospekt som fekk arbeidstittelen Prosjekt 2000. Prosessen starta med eit formelt møte hos Engevik & Tislevoll AS, der dei sette opp rammer for prosjektet. Det måtte utarbeidast reguleringsplan som omfatta heile arealet som Larsen Eigedom AS no disponerte. I denne fasen kom Martin Dahle inn i styret.

Engevik & Tislevoll A/S var verdifull diskusjonspartnar, og Geirmund Engevik fekk rolla som deira kontaktperson. For Larsen var det naturleg å mest mogeleg gjera seg nytte av lokale fagfolk, og det låg også til grunn for at Engevik & Tislevoll A/S vart vald. Dei hadde ord på seg for å vera ein solid totalentreprenør, ikkje berre lokalt, men også i regional samanheng.

Planarbeidet tok til vinteren 1999. Det skulle syna seg at dette vart ei svært krevjande og langdryg øving. Martin Dahle, som var styreformann i Larsen Eigedom A/S frå 1998 til 2012, tilførte svært verdifull kompetanse.

Drifta av butikkane var tungvint i dei dåverande lokala. Vidar og Odd-Sverre, som hadde overteke driftsselskapet Odd Larsen A/S, var utålmodige etter å koma i gang. Etter nesten tre år med planarbeid, tok byggearbeidet til på førjulsvinteren 2001.

Den utførande delen av prosjektet vart delt opp i tre byggetrinn med Engevik & Tislevoll A/S som totalentrepenør for alle tre. Rune Havn fekk rollen som byggeplassformann.

LARSEN 75 ÅR 32
Eit prosjekt tar tid frå idè til fullføring. Prosjekt 2000 gjekk frå 1996 til 2008.

Byggetrinn 1

Riving av lagerbygg på eigen tomt og all bygningsmasse på «Handelslageigedomen», nytt bygg på vestre delen av eigedomen mot videoen, og ombygging av første etasje i midtbygget der SPAR flytta ut, til utleige føremål. SPAR-butikken kunne 14. oktober 2002 opna opp i nye og topp moderne lokale, med dobbelt så stor golvflate som det dei hadde hatt tidlegare. Nokre veker etter stod også det ombygde arealet klart. Turid Sæverud, eigar av Iris Mote og Lisbeth Olsen, eigar av Blomestova, kunne flytta inn. Byggetrinn 1 vart markert med opningsfest.

Kraning av element.

Steinar

Jon

Rune

Opning av ny SPAR-butikk. Ordførar Agnar Aarskog og Annemor Larsen deler på oppgåva.

Tufteland i full gang med jernbitting. Legg merke til dei to telefonkioskane i bakgrunnen. 2001. Havn til høgre, byggeplassformann frå Engevik og Tislevoll, her i samtale med Olaf Strand. Tislevoll var første kunde i nyopna SPAR 14. oktober 2002. I kassen Laila Olsen.

Byggetrinn 2

Den tidlegare Henriksen-eigedomen. Riving av bustadhuset, den eldste delen av bakeriet og Kondisen og ombygging og nybygg av lokala i første etasje der Larsen Multihandel no held hus. I tillegg kom ombygging av andre etasje i midtbygget til utleigeføremål. Butikken i første etasje opna til ferien 2003. I dei ombygde lokala i andre etasje flytta tre leigetakarar inn i løpet av hausten. Det var Beron A/S som var eigd av Bente og Roger Nesbø, Cafe Annemor, eigd av Fitjar Fjordhotell og Hårloftet som flytta ned frå tredje etasje.

Riving av Kondisen og det gamle bustadhuset til familien Henriksen.

Henriksen Bakeri og konditori med Kondisen. Midten av 90-tallet.

Utkast til prosjektet, her teikna inn med alternativ inngang heilt til høgre, og gang mellom bygga i andre etasje, dette vart ikkje gjennomført.

34
LARSEN 75 ÅR

Byggetrinn 3

Ny sjøfront. Då byggetrinn 2 var fullført, vart det vedteke å seia stopp inntil vidare, og byggetrinn 3 vart utsett. Denne delen vart fullført i 2008, sjå eigen artikkel. Samtidig vart det gjort ein del ombyggingar i SPAR, Larsen MX sport flytta inn i i eigne lokale, og kafeen i i andre etasje vart utvida. Sjølv om det var nokre år på etterskot, var Prosjekt 2000 no fullført. Totale investeringar i perioden frå 1998 til 2008 var i overkant av 40 mill.

35 1947 - 2022 35
Flytting av overbygget til drivstoffpumpene. Røyropplegg til drivstoffpumpene på kaien. Den gamle oljebua og kaien i bakgrunnen. Wenche og Jorunn pyntar Sjøsio.

Sjøsio

Larsen-kaien har i alle år vore eit aktivt område i sentrum. Folk frå Øyane la til der når dei hadde ærend innover, og der kom båtar med sement, gjødsel, formjøl og olje. Ute på kaien var det store lagertankar for diesel og parafin.

Dei store tankane vart fjerna etter kvart, og handelen med volumvarene i sekker vart fasa ut. Det gamle kaiarealet var likevel for lite.

Trafikken med fritidsbåtar auka år for år, og ei bygd som Fitjar vender seg naturleg mot sjøen. Gjennom mange år var det arrangert fiskefestivalar som samla mykje folk.

Sentrum trong sterkt ei oppgradering med gjestekaiar og større areal som var fleksibelt i bruk. Sjøsio vart namnet på det store fleirbruksområdet og kaianlegget mot nord.

Då den store utbygginga var i gang i 2001, var det planen at Sjøsio skulle byggjast ut med det same. Den var med på reguleringsplanen. Men det vart for tungt økonomisk. Dei tok kontakt med både kommunen og private aktørar som truleg ville ha nytte av ei oppgradert gjestehamn, men interessa for samarbeid var liten. Så kjøpte Fitjar Kraftlag sjøeigedomen til Larsen i Årskog.

Det frigjorde kapital, og slik vart Sjøsio realisert. Kaianlegget vart verkeleg til felles glede og nytte for heile bygda!

Først no var Prosjekt 2000 fullført. Sjøsio vart opna i 2008. Her var stort kaiareal, nytt bunkringsanlegg, parkeringsplassar, dusj og toalett for turistar, molo og lange flytebrygger med god plass for båtfolket. Investeringa kom på 5,3 mill, og var ei svært framtidsretta satsing.

Mange bygder i Sunnhordland hadde sine eigne sommarfestivalar. Fitjar hadde berre Fiskefestivalen, ein laurdag om sommaren. Med Sjøsio låg det godt til rette for å byggja opp ein større festival også her.

Kake høyrer med ein slik stor dag. Frå venstre MorteinsJohannes-n, Mogens Fosse, Tor Lundekvam, Helga Myklebust, Odd-Sverre Larsen.

36 LARSEN 75 ÅR
Opna i 2008
Dronefoto: Kai Melkevik

Øydeleggingar etter stormen «Nina» 10. januar 2015

Stormflo

Laurdag 10. januar 2015 dura uvêret Nina over Vestlandet og gjorde mykje skade. Sjøsio fekk verkeleg sin del, med totalhavari på flytebryggjer og skadar på bunkringsanlegg. Det måtte gjerast store reparasjonar.

37 1947 - 2022
Dronefoto: Kai Melkevik Orkanen Nina laurdag 10. januar. Opprydding søndag 11. januar etter NINA si herjing. Vidar Larsen til venstre og Tore Sagenes i båten. kombinert med orkan frå nordvest gjorde stor skade på bryggene våre.

Så kom Fitjarfestivalen!

På Sjøsio var det plass til stor scene, ei lang rekkje salgsboder, festivaltelt og mange, mange menneske!

I 2010 feira Fitjar kommune 150-årsjubileet sitt, og Fitjarfestivalen nytta høvet til å laga eit ekstra stort arrangement. Sjøsio var hovedarena, men det var arrangement også på kulturhuset og hotellet. På Smedholmen var det konsertar laurdag kveld og friluftsgudsteneste på søndagen.

Bodgata på Sjøsio var open frå fredag morgon til søndag ettermiddag. Vareutvalet var stort, og det kom seljarar frå eit stort område.

Vêret var ikkje på publikum si side heile tida, men oppteljinga synte at det hadde vore 4.300 menneske innom på arrangementa.

Seinare har det vore fleire festivalar på Sjøsio, med Vidar og Odd-Sverre som generøse vertar for området.

Frå Fitjarfestivalen 2010, då Fitjar feira 150-årsjubileum.

LARSEN 75 ÅR 38
39 1947 - 2022

«Kanonopning av Larsenkaien»

Allerede på 900-talet har me dokumentert at folk gjekk i land. Den gongjen va da nok bere ei strand. Eirikssønene måtte nok allerede ved Fodnalandet gå ut or båten og vassa til lands so boksena vart råten.

Men folkje på Fitjar såg ittekvart ka so trongs. Då tok dei i ferde med å grava på kryss og på longs. Meir og meir kai kom te ittekvart, og ingjen på framtio såg svart.

Kaien vart god å leggja båta innte med vind i frå adle kanta. Men nordavinden sterke gjorde at båtane kunne kantra. Då tenkte Odd Sverre og Vidar at no e da nok.

Di konde kje klara å sjå på at fleire båta sokk.

Di sette i gong å grava og fylte i med steina frå tusenvis av lass. Alt låg til rette frå før med dusj og med dass. No va da bere å stengja ute nordavindsherjingjo eingong for alltid. Me har sitt ittekvart kor da tok form, og sa «SALTI! Ditta kjeme te å bli da flottaste anlegg!» -og da e da blitt.

Arbeidsfolkjo har gjøne vinteren arbeidt og slitt for at øyafolk, hyttefolk og båta frå heila distrikte konde leggja te i ei båthavn di steikjande likte. No kan di liggja i allslags vær og koppa og kar kan stå lause, og di trenge ikkje lenger båten å ause.

Odd Sverre og Vidar e hoppande gla og fornødde. Handelen går so da susa og adle vert fødde.

Torolfen kan kje heilt tru ka so skjer, for aldri før har da vore so møkje folk her.

Folk ifrå Øyane, bydn og Fodno teke med seg fruen og adle bodno.

Leggje te kai hos Larsen og hoppa i land – itte at båten e fortødde med ei kyndige hand.

Kåno står ofta framme på bauen. Og då kan de veta, at då bjynda sjauen. Kjeringjo grine og manen gaula. På kaien e da selfølgjele som møkje folk at da aula.

Av og te ser me kvinnfolk so styre. Men når kjeringjo ska bakka men framøve rykkje, veit me at da har aldri gitt nåke lykke. E di heldige so havna di på bryggjo og sklir tå. Men likavel slår di seg gule og blå.

Allslags båta sige te kaien, «Storeknut» «Gjeldsfri», «Hurtigruto» og «Laien». Noken har maste so høge so mølle, og gjedna ein liten plastbåt i følle.

Andre e store so noken beist, me allslags vimpla og flaggje e heist. Utor disse kjeme da ofta miljonera. Da e i alle fall da di vil vera. Di handla hos Larsen alt so di trenge, og mangla di gryn hjelpe bankjen med penge.

Moloen e långe og rekke långt ut på fjorden. Der kan ongane sitja å eta is med bestemoren. Andre fiska med stong og drar opp både pala og lyr. Te og med ser me at noken sete med broderiet og syr.

Fitjar har fått seg ei sabbandes havn. Den kjeme te verta til adle sitt gavn. Odd Sverre og Vidar er føregongsmenn med vyer og tankar øve et longt spenn. Uten ei krona i bidrag frå andre ordna di kai uten nåken å klandre.

Sånn kan me likavel utvikling få, når nåken tar sjangsen; at ditta ska gå. Me ynskje at Larsen sin kai vert ei havn folk vil vitja, for kjekkare plass finst ikkje som Fitjar!

LARSEN 75 ÅR 40
Synnøve Levåg Fitjar-ambassadørane Synnøve Levåg og Arne Kjelsnes saman med Agnar Årskog stod for opninga av Sjøsio.

Pila peikar oppover

Dei såg effekt av investeringane. Marknaden endra seg, og daglegvarer vart viktigare. Jernvare- og malingavdelinga vart flytta ned frå andre til første etasje, noko som synte seg å vera heilt nødvendig. På den tida vart konkurransen frå Heiane endå meir merkbar.

I 2010 var det tid for ei oppgradering av tredje etasje i Bygg 2, midtbygget. Kostnad var 2,1 mill.

På nytt trong SPAR ei oppgradering. I 2015 var det fornying av alt kjøle- og fryseutstyr pluss nye profilelement. Kostnaden var 6 mill. Satsinga var heilt rett. Omsetningsutviklinga har gått rette vegen etterpå.

I 2019 vart miljøgata i Fitjar sentrum etablert. Infrastrukturen vart heilt fornya: Drenering, vassleidningar, straum- og fiberkablar. Gata vart gravd opp, og det heile tok lang tid. Framfor butikkane var det opne krater lenge, med omkøyring over parkeringsplassen framfor Rådhuset, og minimalt med parkeringsplassar.

Sjølv om området såg ut som ein støvfylt krigssone, fann kundane vegen til butikkane heile anleggsperioden! Det seier mykje om at Larsen har mange trufaste og tålmodige kundar!

I ettertid ser alle at resultatet vart svært fint, sjølv om nokre av dei valde løysingane skapte vanskar for enkelte butikkar.

Siste endringa i varehuset Larsen kom hausten 2021. Då opna Vinmonopolet AS i lokala i første etasje der det tidlegare var blomsterbutikk. Dei siste åra har Vinmonopolet opna utsal i mange distriktskommunar, og no var det Fitjar sin tur. Etableringa har ikkje synleg effekt på den totale aktiviteten i første omgang, men utsalet til Vinmonopolet er eit skritt vidare på vegen til utviding av varetilbodet i Fitjar.

I jubileumsåret er fokus retta mot å utnytta best mogeleg det ein har, og vera i front med utstyr og vareutval.

41 1947 - 2022
Opning av nyoppussa SPAR butikk, Toralf Larsen klypper snora, Jan Kristian Mehammar og Wenche Henriksen held snora, Odd Sverre held tale. Takk til alle trufaste kundar som trossa ein «krigssone» under bygginga av miljøgata, slik såg det ut på forsommaren 2019. Opning av Vinmonopolet ved ordførar Harald Rydland. Frå venstre Ordførar Harald Rydland, Kai Rune Olsen, Vinmonopolet, Odd-Sverre Larsen, Per Christian Søiland, Vinmonopolet, varaordførar Sigurd Andre Maraas.

Folkelivet og kundane

KUNDANE HAR I ALLE ÅR KJENT SEG HEIME I LARSEN-BUTIKKEN,

anten det var i lokalet frå Tangen si tid, i 1965-utgåva eller i butikkane frå 1973, 1989 eller 2002. Annemor, Odd, Liv, Torolf, Vidar og Odd-Sverre har hatt og har god kjemi med kundane og gjer alt for å gi så god service som mogeleg til bygdefolket. Ved starten i 1947 kunne ikkje kunden stilla store krav. Det var ikkje fri tilgang til varer, og mange varer var framleis rasjonerte. Det vart betre år for år etter kvart som krigen kom på avstand og produksjon og handel kom i betre gjenge.

På den tida var kundane svært stadbundne. Dei fleste var bønder eller fiskarar, og hadde nok med å driva det dei hadde heime på garden eller i fiskebruket. Korkje ferie eller avløysarar var noko dei kjende til. Dei reiste ikkje til Bergen eller Leirvik utan at dei hadde viktige ærend. Den lokale butikken der ein var fast kunde, fekk i oppdrag å skaffa dei varene folket trong. Naturalhushaldet var framleis høgst oppegåande, og kundane leverte både egg og andre varer som delbetaling for det dei handla på butikken.

Før privatbilismen fekk fotfeste, brukte folk sykkel. Sykkelen kunne du kjøpa hos Larsen. Seinare var det freistande å gå over til moped. Mopeden kjøpte du også hos Larsen. Lagerbygget hadde eit utstillingsvindauge høgt oppe på endeveggen som vende mot pumpene og gata. I det vindauget var det utstilt mopedar i mange år på 1950- og 1960-talet!

KREDITTHANDEL

Handelsmannen kunne ikkje krevja for mykje. Folk flest hadde lite pengar og mange handla på kreditt. Det kunne skapa vanskar for handelsmannen, med mange uteståande krav hos kundane. Til

tider kunne uteståande krav utgjera 30 % av årsomsetninga hos Larsen. Samtidig var det ikkje så lett å vera hard i innkrevjinga, heller.

Men kva gjer ein ikkje for kunden? Larsen sine var tålmodige i lengste laget, men alt har sine grenser. Annemor var den som sa mest ifrå på dette feltet i sin periode. I vår tid har Jorunn på kontoret eit profesjonelt syn på denne viktige delen av butikkdrifta.

ENDRINGAR OG AUKA KRAV

Velstanden og kjøpekrafta auka år for år, og kundane handla meir og sette større krav. Dei siste 25 åra har filosofien til kundane endra seg, og dei er mykje meir flyttbare. Konkurransen er ikkje lenger lokal. Den er regional og delvis global. Folk køyrer gjerne til store kjøpesenter på Heiane og Leirvik, og desse fungerer som møteplassar for folk flest. Ei tid var det vanleg å ta laurdagstur til Haugesund for å handla. Det er det mindre av no, etter at tilbodet på Stord-øya er sterkt utvida.

Samtidig har netthandelen auka kraftig. Ein illustrasjon er at frå andre kvartal 2020 til andre kvartal 2021 auka netthandelen i Norge med 41 %, og utgjorde 60 % av den samla kort-omsetninga i andre kvartal 2021. Rett nok er berre ein svært liten del av dette daglegvarer. Framleis er det slik at folk handlar det meste av daglegvarene i nærleiken av der dei bur. Larsen-butikkane har den fordelen at dei utgjer eit kjøpesenter, og for bygdefolket er det ein møtestad. Ofte kan det høyrast kommentarar som: «Eg snakka med henne på Larsen!» «På Larsen» er eit godt innarbeidd uttrykk i Fitjar!

LARSEN 75 ÅR 42
Henny Strand ekspederer Ole Arholm, og Leif Hedman er klar for storfiske.

Den som driv forretning, må ha kunden i fokus, og endra seg i takt med kunden sine krav. Det er kunden som avgjer om butikken lever eller døyr. Kunden vil ha ei oppleving samtidig med at han handlar. Kjøpmannen må vera bevisst på sin eigen situasjon, vera attraktiv for kunden og markera at han er der. Me var der då, og me er der i dag!

Dersom du trur det er godt nok det du tilbyr, er du raskt på defensiven. Anten går pila oppover, eller så går den nedover. Målet må alltid vera at pila går oppover!

Då landet stengde ned 12. mars 2020 på grunn av koronapandemien, frykta mange det verste for både for handel og andre næringar. Men for handelen var det ein opptur. Handlemønsteret endra seg, og folk flest handla meir lokalt på grunn av alle restriksjonane. I tillegg kom effekten av at turiststraumen auka på alle måtar. Folk brukte hyttene sine, og Norgesferie var einaste alternativet for alle.

43 1947 - 2022
Drøs utforbi butikken. Frå venstre Andre Fitjar, Martin k Vik, Nils Sveinung Fitjar, Bjørn Dalen, Karl Even Helland og Erlend Helland. Bjørg Nesbø og Torolf Larsen i gemyttleg samtale. Torolf og Magne Helland. God stemning i SPAR-butikken. Frå venstre: Kjerstin Stokken, Toril Hartvedt, Gro Hatlevik og Ingvild Myhre. Torolf og frå venstre: Borghild Rimmereide, Ingeborg Kleppe og Astrid Enstad. I bakgrunnen Ola Korsvik.
44 LARSEN 75 ÅR
Bilde frå kjøttdisken: Frå venstre: Sigrun Thorland, Kjersti Baardsen, Thea Nesbø og Angunn Baardsen. Butikken har alltid rydda plass for dei som driv med frivillig arbeid. Frå venstre: Ingeborg Brekke, Hanna Vestbøstad, Else Hovland og Sigrid Brekke. Bjørn Helland sende postkort frå Kypros. Rampenissen sine sprell gjekk sin seiersgang på Facebook. Otto Nerhus og ei venninne.

Engesund Fiskeoppdrett har stand i butikken.

Gunnar får seg ein smakebit.

1947 - 2022
God stemning i kassen. Kjell Huseth og Maren Gjerde i kassen.

Kondisen

Det vart nesten eit tidsskilje i sentrum då Henriksen-eigedomen og dermed den godt innarbeidde kafeen «Kondisen» skulle rivast i 2002. Kondisen var ein samlingsstad for bygdefolket. Der sette gjestene seg ned med ein kopp kaffi og noko attåt. Så løyste dei viktige spørsmål i tida samtidig som dei hadde full utsikt til livet i gata utanfor.

Magnus Stokken, kjend diktar i bygda, skreiv ein «nekrolog» som stod i Haugesunds Avis 9. desember 2002. Der skildrar han kundegruppene og diskusjonane på kafeen:

«Kondisen»

Ei store sorg er komen her til Fitjar, gamle Kondisen skal rivast ned. Folk skal inkje lenger her få sitja, lepja kaffigrut og fylgja med.

Frå ni til tolv so er da eldrebylgja, dei kjem stiklande med stokk og stav. Sjølv om stormen blæs og regnet hylja gneg dei sukkerbrød og spelar gnav.

Dei talar varmt om dei so sist gjekk heden, og røre fløyten i sin kaffikopp. Dei skryte litt av presten og av smeden so lagar smijernspynt til mang ei tropp.

Frå tolv til fira kjem ein annan rase, dei trygda har omsider reist seg opp. Dei snakkar bomber med og utan klase, og meiner kaffi lekjer sjel og kropp.

På folk som driv med politikk dei klagar, dei verste kjem jo rett på tinget inn. Og stakrar dei med pærebrann i hagar, går so på dør, til kvar sin kant forsvinn.

Til slutt kjem bygdas store, sterke karar, med lunger fylt av nikotin og sot. Dei sete fyr på piper og sigarar, og ser at lensmann skriv parkeringsbot.

På mobil dei sender grove vitsa, etter unge møyar dei seg snur. Stappar i seg store mengder pizza, pumpar jarn i bygdas «Apebur».

Tårer fell når Kjell med grabben knusar deg so hyste mang ein slask og trel. Nordavind i plankarøysa susar, gamle Kondisen, farvel, farvel.

LARSEN 75 ÅR 46
Melodi: Vesle Daniel
47 1947 - 2022
Frå venstre: Arne Røyrøy, Knut Rimmereid, Vidar Kjemperud, Gjert Breivik, Torvald Rimmereide, Osvald Nesbø, Per Flatøy. Laura Skumsnes, Anna Nesbø, Anna Stokken og Hannemor Landa med ein kaffikopp på Kondisen. Jan Helge Tufteland, Aud Vedøy og Oscar Helland kosar seg på Kondisen. Bjarne Nesbø, Torvald Rimmereide, Harald Sørfonn, Sverre Torland og Reidar Volden. Erlend Helland, Magnar Torland og Olav Alvsvåg.

Fiskefestivalen

Fiskefestivalen var eit viktig arrangement i mange år. Lillehagen, den første kommuneingeniøren i Fitjar, fekk i gang den første festivalen på 1960-talet. Den vart årviss, like til den vart innlemma i Fitjarfestivalen.

Fiskefestivalen samla deltakarar frå store deler av Sunnhordland. Dei vart fordelte på ulike klassar, og med fiske både frå land og frå båt. Torolf stod for veging av fangstane i mange år. På bilda ser de han i kjend positur med vekta framfor Rådhuset. Me ser også heradskasserar Bjarne Lunestad som sekretær, me ser Peder Heggøy og mange andre. Veginga gjekk etter kvart i arv til Vidar, som no har hatt den oppgåva i mange år.

Festivalen samla naturleg nok mykje folk i tillegg til dei aktive fiskarane, og det var ein festdag på Larsen-kaien og i sentrum.

LARSEN 75 ÅR 48
49 1947 - 2022
Torolf og Vidar Larsen Fiskefestivalen 2022. To som har prega Fiskefestivalen mange gonger. Kristian Lunde og Oddvin Grindevik.
LARSEN 75 ÅR 50
TOROLF LARSEN STYRER BISMARVEKTA OG VEG FANGSTEN TIL ODDVIN GRINDEVIK. MIDTEN PÅ 70 TALLET.
51 1947 - 2022 FOTO: TOR RESSER
LARSEN 75 ÅR 52
EIT LEGENDARISK BILETE AV TOR RESSER. PEDER HEGGØY OG TOROLF LARSEN STÅR FOR VEGING.
53 1947 - 2022
MANGE KJENDE FJES PÅ DETTE BILETET, MELLOM ANDRE EIN PUR UNG OLE BERGESEN.

Samarbeid med lag og organisasjonar

Økonomisk støtte

Larsen sine har i lang tid lagt vekt på å støtta det frivillige arbeidet mellom born og unge i bygda. «Alle skal med», er stikkordet. Fotball er ein sport som gjev tilbod til alle, og som ikkje krev ytingar på toppnivå. Her kan alle skina, uavhengig av foreldra sin økonomiske situasjon. Samtidig krev det noko av dei vaksne, ikkje minst med køyring til kampar og turneringar. I mange år har Larsen arrangert Spar Cup Fitjar for jenter og gutar frå 7 til 10 år. Det er eit viktig arrangement i sponsorbudsjettet. Fotballgruppa i Fitjar Idrettslag er ein stor mottakar av sponsormidlar, Fotballgruppa er gjerne den største mottakaren av sponsormidlar, men det dryp godt på andre, også. Friidrettsgruppa får sin del, og skulekorpset er ein av dei andre mottakarane. Larsen-brørne ser på dette som investering i lokalmiljøet, og det kan vera ei god støtte for unge som har det tøft på ulike måtar. På denne bakgrunnen er det lett å forstå at det kjem mange spørsmål om gåver, gevinstar og fruktkorger, og det har vorte mange «Ja!» på den måten.

LARSEN 75 ÅR 54
54
Ole Bergesen og Anne Helene Vestbøstad står for utdeling av velfortente premiar.
1947 - 2022 55
4 eldsjeler. Frå venstre Gunn Evy Henriksen, Birte Steinsland, Wenche Jensen, Anne Helene Vestbøstad.

«Kjøpmannen sin tale»

Odd-Sverre sin tale ved ei SPAR-samling i 2015. Dei som er medlemer i ein kjede, har eit tett samarbeid og kjenner seg knytte saman med felles innkjøpsvilkår, utfordringar, arbeidsoppgåver og faglege og sosiale samlingar gjennom året.

I 2015 vart Odd Sverre utfordra til å halda kjøpmannen sin tale på ei SPAR-samling. Denne talen får du her:

Kjære kollegaer!

Eg er audmjuk over at eg er så heldig at eg får vera ein del av denne flotte familien, og få oppleva dette unike og nære kollegiale fellesskapet!

Eg kjem frå Fitjar, der familien har drive butikk i snart 70 år! Vår butikk har dei siste åra ikkje fylt opp skattekista til kemnaren og har heller ikkje ei peishylle fylt opp med prisar og utmerkingar. Likevel står eg her for å seia nokre ord og takka for TILLITEN.

Mi rolle som landhandlar i alt det inneber, og vår lokale konkurransesituasjon pregar nok mine meiningar, men eg håpar å kunna snakka på vegne av alle dei drivande dyktige kjøpmennene som sit her i salen!

TILLIT, dette kraftuttrykket som ligg til grunn for heile vår kultur, tenkte eg å dvela litt med.

TILLIT, sett inn i vår samanheng, kan tyda: Ei langsiktig haldning til ein annan part der forventningane er oppfylte gong etter gong over lang tid.

Først litt historie: Mange av oss som sit her i salen har sjølve erfart eller har nære relasjonar til ei butikkdrift som strekkjer seg fleire generasjonar bakover i tid, i ein kvardag som eine og åleine er bygd på TILLIT i alle ledd. Leverandørar og grossistar måtte kjempa om handelsmannen sin velvilje utan bruk av kontraktar og langsiktige leverandøravtalar. Samtidig kunne kunden i dei aller fleste tilfelle skildrast som fast, og med ei grenselaus TILLIT til handelsmannen sin. Eit brot i TILLITEN mellom kunde og handelsmann var ei dramatisk og kjensleladd hending.

Historia om vår eigen bransje er interessant. Mi tilmålte tid strekk ikkje til for ytterlegare fordjuping. Difor vil eg på det sterkaste rå til at alle som har interesse av vår koloniale fortid må få tak i «Mellommannen», eit prakteksemplar av ei bok utgitt av Joh

Johannson i samband med deira 150-årsjubileum no i vår. TILLIT er ein raud tråd i alle dei 150 åra, og ein viktig grunn til at me sit her i dag.

Som SPAR-kjøpmenn er vårt forhold til NorgesGruppen, profilhuset, leverandørar og tenesteytarar - trass i avtalar, kontraktar, lover og reglar - bygd på TILLIT. Butikken si tilknyting til NorgesGruppen, illustrert ved den månadlege avrekninga alle butikkane mottar, synleggjer våre relasjonar.

Kan me som kjøpmenn føra kontroll med alle plussane og minusane denne avrekninga er komen fram til? Neppe. Avrekninga byggjer på TILLIT!

Butikken sin relasjon til service/regionskontoret byggjer også på TILLIT. TILLIT til at dei til ei kvar tid legg til rette for at me skal lukkast i den daglege kampen for å hanka inn kunden. SPAR har eit stort hjarte, representert ved alle dei 6.000 dyktige tilsette ute i butikkane, som dagleg tar imot kundane våre på ein strålande måte. Deira framferd tar me for gitt, men utan gjensidig TILLIT hadde dette ikkje lete seg gjera. Kva med kunden? Har han TILLIT til oss?

JA! Det syner den positive utviklinga på alle frontar dei siste åra! Det er blitt jobba iherdig og godt i alle ledd, og det har gitt resultat.

Trass i dette er me nøydde til å utvikla oss vidare både som kjede, som butikkar og som leiarar. Me har aggressive konkurrentar som set seg høge mål. Skal dei lukkast, må dei stela av vår kundemasse. Den norske daglegvaremarknaden er i dag delt mellom 12-13 kjeder. Fire av desse nærmar seg 2/3 av marknaden til saman. Me andre deler den siste tredjedelen oss i mellom. I tillegg driv

LARSEN 75 ÅR 56

TILLIT

ulike matkasseselskap aggressiv marknadsføring for å tilrøva seg deler av den tradisjonelle daglegvaremarknaden.

Tilbake igjen til TILLITEN, i denne samanhengen knytt til visjonen vår; ME GIR KUNDEN DEN BESTE LOKALE HANDLEOPPLEVINGA!

Det er ikkje tvil, svært mange av kundane våre får dagleg denne opplevinga. I neste omgang kan ein stilla spørsmålet om opplevinga er knytt til våre rasjonelle eller emosjonelle lovnader. Her er forventningane frå kundane svært ulike. Min påstand er at vår gjennomsnittlege kunde har større TILLIT til våre emosjonelle lovnader enn til dei rasjonelle.

Ser me for oss framtida sin kunde? Ein kunde som avgjer innkjøpsstad for sine matvarer på same måten som dei handlar flyreiser? Der pris eine og åleine dannar grunnlaget for val av flyselskap. Alle andre faktorar som gebyr, service og selskapet sin evne og vilje til å ordna opp dersom ikkje alt går som det skal, er lagt til side.

Eg vel å tru at vår verden ikkje vert slik. Eg har TILLIT til at den butikk-kompetansen som er representert i denne salen,

den krafta som ligg i våre overordna organ, NorgesGruppen og SPAR, den TILLIT våre kundar i dag gjev oss, er eit svært godt utgangspunkt for vidare vekst og utvikling. Vilkåret er at me alle evnar å tilpassa oss dei stadige endringane i marknaden, og ikkje minst: TA LEIINGA!

Viktigast av alt er at me 1: evnar å ta vare på TILLITEN frå våre eksisterande kundar 2: byggjer opp auka TILLIT i marknaden som gir oss nye, stabile kundar, ikkje berre ved 10-kroners-tilbod.

Med gjensidig TILLIT skal me KNUSA måla som er sett for 2020! Til slutt vill eg ynskja dei dyktige butikkleiarane som er nominerte til året sin butikk, året sin servicebutikk og året sin kremmar LUKKE TIL MED KÅRINGA!

De er alle vinnarar!!

57 1947 - 2022

Aud Strandnæs ser tilbake

Den første personen på lønningslista hos Annemor og Odd heitte den gongen Aud Fitjar. Då ho gifte seg med Jan, tok ho hans etternamn, slik skikken var. No heiter ho Aud Strandnæs, og ho er 92 år i 2022.

VÅREN 1947

VAR

HO KOMEN HEIM TIL FITJAR etter ein vinter på Manger Folkehøgskule. To dagar etter at ho kom heim, fekk ho telefon frå Annemor med spørsmål om ho kunne tenkja seg å jobba i butikken hos dei. Då var ho 17 år.

Ho stilte opp dagen etterpå, og det opna seg som eit eventyr for henne. No var ho midt i ei anna verd! Opplæringa varte i ein heil time, og det viktigaste var å læra å bruka dei to vektene. Den minste stod på disken i butikken. Der vog dei opp sukker, mjøl og andre varer som ikkje var så tunge. Den andre vekta stod på lageret, og den brukte dei til å vega sekker og tyngre saker.

Odd innprenta Aud dei aller viktigaste reglane for ei butikkdame: «Pass på: Du må ha reine negler og vera fin på håret. Og - kunden har alltid rett, sjølv om du gjerne ynskjer han «dit pepparen gror»! Aud var så oppspilt at ho sov ikkje første natta etterpå.

Butikken til Larsen var den største ved Fitjarsjøen, og Odd var alltid «på høgget» med nye varer og det folk spurde etter.

Varene måtte vegast og målast opp til kundane. Sirup, grønnsåpe og mange vaskemiddel skulle tappast på flasker og kanner som kundane hadde med seg. Andre varer stod i hyllene, og måtte plukkast fram på disken til kunden.

Fårepølsa vart først skore opp for hand, men etter kort tid fekk dei oppskjærmaskin med sveiv. Det gav eit jamnare resultat. Dei la oppskårne varer i pakkar på ein hekto.

I hylla stod store flasker med blekk. Folk hadde blekkhusa sine med på butikken og fekk dei fylte opp. Dei selde tøy til gardiner og klær, strikkegarn og alt som høyrde til. Sukker og kveitemjøl kom i store sekker. Dei vog opp sukkeret i kiloposar og kveitemjølet i tre-kiloposar. Kveitemjølet var importert den første tida, og det var ein stor overgang for mange magar. Enkelte kjøpte difor «Dr. Brandreth`s piller» når dei kjøpte mjøl. Det hjelpte på fordøyinga.

Desse tablettane låg i apotek-skapet. Der var også Lusesalve og Rivanol på flaske til reingjering av sår. Den som skulle kjøpa Rivanol, måtte ha tomflaske med. Tome flasker vart returnerte til apoteket som sende dei vidare til produsenten for nye påfyll. I apotekskapet

var det også plaster, gasbind og bomull, men ikkje så mykje meir.

Bussen hadde medisinpakkar med frå Leirvik om kvelden, og då var butikken open. Aud hugsar bussjåførane. Det kunne vera Otto Bjelland, Fredrik Kannelønning, som alle kalla «Dikken», eller Peder Lorentsen.

Utanfor disken stod det korger med ulike typar såpe, og flasker med Wixi oppvaskmiddel. Grønnsåpa vart levert i trestampar. Når det var skikkeleg varmt i vêret, kunne stampane gisna, og såpa rann ut på golvet!

Halvfine og fine langebrød kosta 51 øre, og ein stor laurdagshandel kunne koma opp i 20 – 24 kroner. Til helga kjøpte gjerne folk eit ambrosiabrød, også.

Mange hadde egg eller andre varer med i korg som delbetaling på handledagen. Då måtte butikkfolket ned på lageret og vega egga. Ein kunde frå Tislavodlen kom med ei stor korg, og Aud glei stygt i tretrappa og skrapa seg skikkeleg på leggen. Men egga var viktigast, og ingen vart knuste på vegen ned kjellartrappa den gongen heller!

Butikken var ein samlingsstad. Bøndene leverte først mjølk på meieriet og kom så inn på butikken og sette seg på benken for å prata. Tangen hadde spyttebakke på golvet. Den var ikkje god å treffa alltid, så Odd tok den straks vekk.

Olaf Sjøgutt kom inn og testa den unge butikkdama. «Eg skal ha noken kausar!» sa han. Aud henta straks knippet med kausar, og opna knuten. «Kor mange skal du ha?» Nei, då skulle han ikkje ha.

Kornelius og Olaf møttest av og til på butikken, og då gjekk praten svært høgt! Drosjesjåføren Morten Helland, «Mortein», kom innom, og då fall det alltid gode replikkar. Han bøygde seg over disken til den unge dama og spurde: «Kven var det som følgde deg heim i går kveld?»

Det kom kundar frå heile fastlands-Fitjar og frå Øyane like ut til Brandasund. Fyrvaktarane på Slåtterøy inviterte alle hos

LARSEN 75 ÅR 58

Larsen ut til seg ein søndag, og Odd tok kona, borna og Aud med seg i snekka ein blikkstill og solvakker dag. Turen var fantastisk, men dei vart skikkeleg solbrende etter timar i den opne båten. Ingen hadde solkrem på den tida.

Dei kjende alle kundane, og visste nokså godt kva dei kom til å kjøpa. Alle hadde stor tillit til butikkdamene, og dei vart innvigde i mykje av det som kundane var opptekne av. Dei fleste hadde god tid, og hadde lyst til å prata når dei kom på butikken.

Då Aud byrja å jobba, var det eit slite tregolv i butikken. Odd fekk lagt eit fast dekke, slik at det var greitt å gjera reint.

Aud var lenge åleine tilsett, men etter ei tid vart også Nelly Hauge med på laget. Ho hadde tidlegare jobba hos Ole Havn i Vinnesvågen.

Nelly og Aud fekk fine presangar hos Annemor og Odd til jul. Aud hugsar godt eit Høye sengesett. Det var sjeldan kost rett etter krigen. Eitt år fekk dei kvar sitt gullarmband med emaljerte detaljar, og eit anna år var gåva seks sølvskeier i etui. Armbandet og sølvskeiene har ho teke godt vare på!

Seinare kom Inger Siglen og Malene Tufteland, som begge vart gift Sørfonn, og Ragnhild Siglen. I julemånaden hadde dei alltid ekstrahjelp.

Når dei hadde låst døra om kvelden, måtte diskane og golvet vaskast. Damene hadde kvar si veke der dei vaska anten utanfor

eller innanfor disken. Vaskevatnet varma dei på ei kokeplate. Ei av damene skulle hermetisera plommer, og varma sukkerlake på kokeplata. Så gløymde ho seg, tok sukkerlake i bøtta og vaska disken og golvet! Det var ingen suksess!

Arbeidsuniforma var grøne forkle, med belte rundt livet og lommer. Laurdagane var det nesten helg, og det vart markert. Då hadde dei kvite forkle. Så lenge det var rasjonering av varer, gjekk dei med ei spesiell tang i lomma. Den klipte dei merke i rasjoneringskorta med. Tanga sleit ofte hol i lommene. Rasjonering av kaffi, smør og sukker heldt fram like til 1952. Snart kom det bensinpumpe på plassen mellom Larsen og Handelslaget. Pumpa var låst, og nøkkelen skulle hengja på fast plass inne i huset. Det var irriterande når nokon gløymde seg og stakk nøkkelen i forklelomma. Når det striregna var det ikkje kjekt å opna pumpa og fylla på ein tank. Det fanst ikkje tak over pumpa.

Kaien var dårleg då Larsen sine overtok. Då dei skulle forsterka den, synte det seg at det var vanskeleg å finna fast botn, og dei jobba lenge. Dette var då Mao Tse-tung hadde teke makta i Kina. Ein av arbeidarane kom inn på butikken og sa: «No må eg kjøpa meg ei raud lue, for no er me snart nede i Kina!»

Dei første åra Aud jobba, var ferien avgrensa til ei veke om sommaren. Seinare vart det to veker. Løna var nokså u-endra dei fem åra ho jobba på heiltid hos Larsen. Etter det var ho der i periodar like inn på 1960-talet.

59 1947 - 2022
FOTO: Sunnhordland Aud Strandnæs, den første som vart tilsett i bedrifta.

HISTORISK OVERSIKT GJENNOM 75 ÅR

1947: 10 mai: Annemor og Odd Larsen flyttar til Fitjar og tar til med handel

1954: Den første lastebilen, Opel Blitz

1955: Ny lagerbygning på vestsida av tomta

1960: Ny kai

1965: Utviding og fornying av butikken mot aust, nye 100 m2

1969: Firmaet vert organisert som Odd Larsen AS

1970: Kjøp av truck. Ein revolusjon på kaien og lageret

1973: Ny utviding av butikken og bygget mot nord, to etasjar

1986: Torolf overtar selskapet frå foreldra

1989: Stort nybygg. Det gamle huset vart rive. Ny bygning i fire etasjar. Bygg 2

1993: Ny parkeringsplass på sjøsida, nye bryggjer og nytt bunkringsanlegg

1947

10 mai: Annemor og Odd Larsen flyttar til Fitjar og tar til med handel.

Den første lastebilen, Opel Blitz. Ny lagerbygning på vestsida av tomta.

Ny kai blir bygd. Utviding og fornying av butikken mot aust, nye 100 m2.

Firmaet vert organisert som Odd Larsen AS.

Kjøp av truck. Ein revolusjon på kaien og lageret.

Ny utviding av butikken og bygget mot nord, to etasjar.

Torolf overtar selskapet frå foreldra.

Stort nybygg. Det gamle huset vart rive. Ny bygning i fire etasjar. Bygg 2.

Ny parkeringsplass på sjøsida, nye bryggjer og nytt bunkringsanlegg.

Selskapet vert delt: Odd Larsen AS og Larsen Eigedom AS.

LARSEN 75 ÅR 60
1954 1955 1960 1965 1969 1970 1973 1986 1989 1993 1995 » » » » » » » » » »

1995: Selskapet vert delt: Odd Larsen AS og Larsen Eigedom AS 1997: 50-årsjubileumet vert markert

1998: Larsen Eigedom AS kjøper Handelslag-eigedomen

1999: Odd-Sverre og Vidar overtar Odd Larsen AS

2002: Utbygginga på Handelslagstomta er fullført. Bygg 1

2003: Ombygging av Fitjar Bakeri. Fitjar Detaljhandel flyttar inn. Bygg 3

2005: Odd-Sverre og Vidar overtar Larsen Eigedom AS

2008: Sjøsio vert opna, og Prosjekt 2000 er dermed fullført

2012: Fitjar Detaljhandel AS vert etablert

2015: Stor fornying av SPAR-butikken 2022: 75-årsjubileumet vert markert

KR.

50-årsjubileumet vert markert.

50ÅR 75ÅR

Sjøsio er vert opna, og Prosjekt 2000 er dermed fullført.

Larsen Eigedom AS kjøper Handelslag-eigedomen. Fitjar Detaljhandel AS vert etablert.

Odd-Sverre og Vidar overtar Odd Larsen AS.

Stor fornying av SPAR-butikken.

Utbygginga på Handelslagstomta er fullført. Bygg 1. 75-årsjubileumet vert markert.

Ombygging av Fitjar Bakeri. Fitjar Detaljhandel flyttar inn. Bygg 3.

Odd-Sverre og Vidar overtar Larsen Eigedom AS.

61 1947 - 2022 61
1997 2008 1998 2012 1999 2015 2002 2022 2003 2005 » » » » » » » »

Framtidstankar

Me har sett tilbake på dei siste 25 åra. No skal me sjå framover.

Fokuset til Vidar og Odd-Sverre er framleis å tilby dei varene folk ynskjer og har bruk for, og stadig utvikla tilbodet. Alle ser at både verda og handlevanane endrar seg, men det er veldig viktig for lokalsamfunnet at folk brukar dei lokale tenestene. Butikkane på si side skal tilby ei breidde og kvalitet på varene som gjer at kundane er nøgde. Då vert verdiar skapte, og dei vert verande i det lokale området og gjev positive ringverknader både for næringslivet og det frivillige arbeidet. Dersom det motsette skjer, at dei lokale butikkane vert lagde ned, vil mykje lokalt arbeid tapa inntekter og stoppa. Tenk

berre på idrett og kultur. Det syner seg også at dersom bygda misser eit tilbod, er det tungt å få det på plass att seinare. I tillegg kjem synet av tome butikklokale, noko som gir eit negativt preg i mange bygder og byar.

Samtidig ser Vidar at dei som handlar på nettet, må i butikken hans for å henta varene. Det skaper trafikk i butikken, og vareutvalet vert synt fram for alle som kjem inn.

Med Fitjarbygda sine kvalitetar bør alt liggja til rette for at butikkane til Larsen har ei god framtid, og at me også i åra som kjem har eit levande sentrum.

LARSEN 75 ÅR 62
JK-Arkitekt

Takk!

Meininga med dette heftet var å oppsummera dei siste 25 åra av vår 75 år lange historie. Vårt historiske materiale er mangfaldig, med stoff nok til opptil fleire bøker. Det vart difor naturleg å dra med seg historien heilt frå 1947, sjølv om dei første 50 åra vart dokumentert i samband med jubileet i 1997.

Trass i mangfaldet, valde me å begrensa oss, og gjekk for eit hefte med bilde og utfyllande tekst som skildrar våre trufaste kundar, våre tilsette, familien, utviklinga og livet ved sjødn i 75 år.

Me ynskjer å retta ei stor takk til

Harald Johan Sandvik - Redaktør og tekstforfattar

Kjetil Rydland - Digitalisering av bilde Håkon C Hartvedt - Bilde og rådgjeving Gunhild Aksdal frå Skag Profilera - Layout og trykk for å ha utvist tolmod og standhaftighet i ein lang og krevjande prosess, fram til det ferdige produktet.

Vidar og Odd-Sverre

64
år
Odd Larsen AS 75
i Fitjar 1947 - 2022 Harald Johan Sandvik

Articles inside

Takk

1min
pages 63-64

Framtidstankar

1min
page 62

Samarbeid med lag og organisasjonar

1min
pages 54-55

Kjøpmannen sin tale

4min
pages 56-57

Historisk oversyn

1min
pages 60-61

Fiskefestivalen

1min
pages 48-53

Aud Strandnæs ser tilbake

6min
pages 58-59

Kondisen

2min
pages 46-47

Folkelivet og kundane

4min
pages 42-45

Så kom Fitjarfestivalen

3min
pages 38-40

Byggjeprosessar og utvikling

3min
pages 30-31

Leverandørar

3min
pages 28-29

Pila peikar oppover

1min
page 41

Sjøsio

2min
pages 36-37

Prosjekt 2000

3min
pages 32-35

Styret

4min
pages 23-27

Prolog

1min
pages 8-9

Føreord

1min
pages 6-7

Torolf-en

5min
pages 15-17

Helsing frå ordføraren

1min
page 5

Liv Larsen

1min
page 18

Famlien Larsen

8min
pages 12-14

Dei tilsette

6min
pages 19-22

Folketal, skulekrinsar og butikkar

1min
pages 10-11
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.