4 minute read

Styret

Styret i Larsen Eigedom AS. Odd Sverre Larsen, Styreformann Johannes Koløen, Vidar Larsen.

Torolf såg aldri etter noko styre for verksemda si. Han var arbeidsmann og treivst mellom kundar og varer. Kontorarbeid var kjedeleg. Men han hadde grenselaus tillit til revisor, og lytta til hans råd.

Advertisement

Martin Dahle kom inn i styret i 1998 i samband med drøftingar rundt framtidige utbyggingsplanar. Odd-Sverre og Vidar hadde då jobba på heiltid i 14 og 12 år.

For dei unge drivarane var dette ei veldig god hjelp. No kom det ein person frå utsida som såg på drift og investeringar med friske auge. Dahle brukte tid, bygde bru mellom generasjonane og såg dei store linjene.

I 2008 kom Marianne Heggholmen Aarbø og Kjell Fylkesnes inn i styret for Kjøpmannsstova. Dei to hadde med seg mykje kunnskap og erfaring, og hadde viktige rollar i den vidare utviklinga av selskapet. På denne tida gjennomførte Larsen ei refinansiering, og Kjell og Marianne sikra framdrifta i denne. Kjell la vekt på at du ikkje måtte bøya hovudet når du gjekk inn i banken for søkja om lån. Han sa det omlag slik: «Når du går til banken, skal du søkja om store rammer, slik at du har handlingsrom for planane dine og innkjøpa dine, sjølv om du ikkje brukar alt med det same. Hugs, banken skal tilby deg tenester! Du skal ikkje vera underdanig!»

Kjell har gode minne etter åra han var med i styret, og kommenterer at Larsen-brørne har god yrkesetikk, dei er handlekraftige og i kvardagen set dei kundane i sentrum.

I 2012 gjekk Martin Dahle ut av styret i Larsen Eigedom AS etter 14 år. Marianne Heggholmen Aarbø gjekk ut av styret for Kjøpmannsstova. Kjell Fylkesnes heldt fram i styret for Kjøpmannsstova, og var også med i styret for Larsen Eigedom AS. Rune Sandvik vart ny styremedlem i begge selskapa.

Marit Nesbø og Laila Olsen.

Kjersti Baardsen.

Klar for Morsdag, SPAR: Iwona, Wenche, Marit, Kjersti, Tove og Sølvi. Trond Fitjar.

Torolf Larsen.

Me som jobba på Multihandelen. Frå venstre Kate Huseth, Bente Nesbø, Vidar Larsen, Sonja Pedersen, Anne Brakedal og Liliann Sørfonn.

Tilsette 1989

Bak frå venstre Odd-Sverre Larsen, Randi Tverderøy, Vidar Larsen, Torolf Larsen Framme frå venstre Odd Larsen, Vigdis Skram, Anny Sandtorv, Aslaug Gloppen, Laila Olsen, Karen Urdshals, Marit Nesbø.

Tilsette 1995 Frå venstre: Ann Kristin Larsen, Maren Gjerde, Jenny Helland, Laila Olsen, Vigdis Skram, Therese Nesbø, Tori Gjerde, Karen Elisabeth Helland. Midten frå venstre: Ingmar Bukkøy, Ingvild Helland, Ingunn Bukkøy, Randi Tverderøy, Lars Martin Volden, Odd Sverre Larsen. Nederst frå venstre: Vidar Larsen, Sissel Ivarsøy, Liv Larsen, Torolf Larsen, Marit Nesbø, Jorunn Sørfonn.

Tilsette opningsdagen ny SPAR, 14. oktober 2002

Bak frå venstre Odd-Sverre Larsen, Lillian Drønen, Wenche Henriksen, Tor Jørgen Larsen, Ingmar Bukkøy, Kjell Ove Koløen, Hans Engel Ivarsøy, Ann Kristin Larsen. Rekke nr 3 frå venstre Torolf Larsen, Ingvild Nes Helland, Laila Vestbøstad, Linn Sørfonn, Berit Siglen, Jenny Helland, Mailis Helland, Silje Linge Haaland, Magnhild Hylleseth. Rekke nr 2 frå venstre Kirsti Willemse, Henny Strand, Jorunn Sørfonn, Kjersti Ivarsøy, Vigdis Skram, Ingunn Bukkøy, Marit Drønen, Laila Olsen. Framme frå venstre Irene Kvernenes, Espen Hatlevik, Morten Torland, Mai Engevik, Tara De Vreede, Andreas Siglen, Beate Bondevik.

25 25

Vidar og Odd-Sverre Larsen

Rollar frå 1997 til no:

Vidar vart dagleg leiar i Fitjar Detaljhandel AS då dette selskapet vart oppretta, og han er den sentrale personen i butikken Larsen Multihandel. Odd-Sverre er dagleg leiar og butikksjef i daglegvarebutikken SPAR.

Dei to brørne deler oppgåvene i Larsen Eigedom. Vidar tar seg av praktisk oppfølgjing med vedlikehald og utbetringar, og Odd-Sverre er dagleg leiar.

4. GENERASJON

Ann Kristin og Vidar har borna Theodor og Vebjørn. Sissel og Odd-Sverre har borna Tor Jørgen, Lars Andreas, Halvor og Eirik.

Dei seks gutane har vore på jobb i butikkane, hjelp til med vedlikehald ute og inne i ALLE feriar og som ekstrahjelper etter skuletid og i helgar. Ingen av dei bur i dag på Fitjar, men kven veit, ein dag vender ein eller fleire av dei attende til røtene. Eirik. Lars Andreas.

Theodor.

På bryggjene i lag med båtfolk.