2 minute read

Sjøsio

Opna i 2008

Dronefoto: Kai Melkevik

Advertisement

Larsen-kaien har i alle år vore eit aktivt område i sentrum. Folk frå Øyane la til der når dei hadde ærend innover, og der kom båtar med sement, gjødsel, formjøl og olje. Ute på kaien var det store lagertankar for diesel og parafin.

Dei store tankane vart fjerna etter kvart, og handelen med volumvarene i sekker vart fasa ut. Det gamle kaiarealet var likevel for lite.

Trafikken med fritidsbåtar auka år for år, og ei bygd som Fitjar vender seg naturleg mot sjøen. Gjennom mange år var det arrangert fiskefestivalar som samla mykje folk.

Sentrum trong sterkt ei oppgradering med gjestekaiar og større areal som var fleksibelt i bruk. Sjøsio vart namnet på det store fleirbruksområdet og kaianlegget mot nord.

Då den store utbygginga var i gang i 2001, var det planen at Sjøsio skulle byggjast ut med det same. Den var med på reguleringsplanen. Men det vart for tungt økonomisk. Dei tok kontakt med både kommunen og private aktørar som truleg ville ha nytte av ei oppgradert gjestehamn, men interessa for samarbeid var liten. Så kjøpte Fitjar Kraftlag sjøeigedomen til Larsen i Årskog. Det frigjorde kapital, og slik vart Sjøsio realisert. Kaianlegget vart verkeleg til felles glede og nytte for heile bygda! Først no var Prosjekt 2000 fullført. Sjøsio vart opna i 2008. Her var stort kaiareal, nytt bunkringsanlegg, parkeringsplassar, dusj og toalett for turistar, molo og lange flytebrygger med god plass for båtfolket. Investeringa kom på 5,3 mill, og var ei svært framtidsretta satsing.

Mange bygder i Sunnhordland hadde sine eigne sommarfestivalar. Fitjar hadde berre Fiskefestivalen, ein laurdag om sommaren. Med Sjøsio låg det godt til rette for å byggja opp ein større festival også her.

Kake høyrer med ein slik stor dag. Frå venstre Morteins- Johannes-n, Mogens Fosse, Tor Lundekvam, Helga Myklebust, Odd-Sverre Larsen.

Dronefoto: Kai Melkevik

Øydeleggingar etter stormen «Nina» 10. januar 2015

Orkanen Nina laurdag 10. januar. Opprydding søndag 11. januar etter NINA si herjing. Vidar Larsen til venstre og Tore Sagenes i båten. Stormflo kombinert med orkan frå nordvest gjorde stor skade på bryggene våre.

Laurdag 10. januar 2015 dura uvêret Nina over Vestlandet og gjorde mykje skade. Sjøsio fekk verkeleg sin del, med totalhavari på flytebryggjer og skadar på bunkringsanlegg. Det måtte gjerast store reparasjonar.