1 minute read

Takk

Meininga med dette heftet var å oppsummera dei siste 25 åra av vår 75 år lange historie. Vårt historiske materiale er mangfaldig, med stoff nok til opptil fleire bøker. Det vart difor naturleg å dra med seg historien heilt frå 1947, sjølv om dei første 50 åra vart dokumentert i samband med jubileet i 1997.

Trass i mangfaldet, valde me å begrensa oss, og gjekk for eit hefte med bilde og utfyllande tekst som skildrar våre trufaste kundar, våre tilsette, familien, utviklinga og livet ved sjødn i 75 år.

Advertisement

Me ynskjer å retta ei stor takk til

Harald Johan Sandvik - Redaktør og tekstforfattar Kjetil Rydland - Digitalisering av bilde Håkon C Hartvedt - Bilde og rådgjeving Gunhild Aksdal frå Skag Profilera - Layout og trykk

for å ha utvist tolmod og standhaftighet i ein lang og krevjande prosess, fram til det ferdige produktet.

Vidar og Odd-Sverre