1 minute read

Føreord

Annemor (1914-2010) og Odd Larsen (1910-1996).

I MAI 2022 HAR FIRMAET ODD LARSEN AS HALDE TIL MIDT I FITJAR SENTRUM I 75 ÅR. DET ER EIN MILEPEL SOM VERT LAGT MERKE TIL!

Advertisement

I dag er det ingen andre forretningar i Fitjar eller i Stord som har drive så lenge i same familie eller under same firmanamn. Ved 50-årsjubileet i 1997 stod Knut Rimbereid for jubileumsskriftet, og dokumenterte drifta fram til då. No vert den boka digitalisert og gjort tilgjengeleg på internett med eigen link. Det heftet du no les i, skildrar i hovudsak dei siste 25 åra, men det er naturleg å dra linjer bakover til 1947 både når det gjeld familien, eigarar og utbyggingar. Tredje generasjon, Odd-Sverre og Vidar, har stått for drifta den største delen av denne perioden. Dei ynskjer å markera jubileet og dela det med bygdefolket og kundane utanfor Fitjar.

Tirsdag 10. mai var den rette datoen for jubileet. Det vart markert i butikken. Mange tidlegare tilsette var innom og gratulerte, og det vart servert kaker og kaffi.

Mandag 9. mai var det stor reportasje i avisa Sunnhordland. Sjå linken: https://www.sunnhordland.no/naeringsliv/ aud-var-berre-17-ar-da-ho-blei-den-aller-forste-tilsette-hos-odd-larsen-as/ Fitjarposten hadde si sak på nettet på jubileumsdagen, med reportasje frå butikken. Sjå linken https://fitjarposten.no/bautaen-i-sentrum-jubilerer/ Firmaet Odd Larsen AS er ein sentral aktør i Fitjar på mange måtar. Me ynskjer til lukke med jubileet, og ynskjer alt godt for drifta i åra som kjem!

Sandvik, 23. juni 2022 Harald Johan Sandvik

Fitjarsjøen midt på 50 tallet.