8 minute read

Famlien Larsen

Familien Larsen

-selskapa, generasjonsskifta og rollar i dag

Advertisement

ANNEMOR OG ODD LARSEN hadde vore i Fitjar i tolv år og ei veke då Tora Vestbøstad framførte Handleviso si 17. mai 1959. Me ser at Larsen alt var blitt Tora sin butikk, og ho var godt nøgd med vareutvalet ho fann der. Annemor og Odd flytta til Fitjar 10. mai 1947 og overtok forretningen til Anton Tangen. Tangen var ein dyktig forretningsmann og samfunnsbyggjar som hadde eit ord med i laget mange stader, og butikken gjekk godt. Dei nye eigarane var erfarne, dei hadde drive butikk i Hanevik på Askøy i ni år. Der var usentralt, tungvint og ikkje straum, så dei hadde sett seg om etter ein betre stad å driva. No gjorde dei avtale med Tangen om å overta, men det var ikkje beint fram å finansiera kjøpet. Vestlandsbanken sa nei. Banken meinte at Fitjar ikkje var nokon attraktiv stad å driva forretning. Folk der sør var dårlege betalarar, og dei hadde ikkje mykje å betala med, heller. Men Larsen sine hadde opparbeidd eit godt namn hos grossisten H. C. Krohn. Der fekk dei låna det dei trong til kjøpet. Så var dei i gang på Fitjar. Både Annemor og Odd hadde lett for å få kontakt med folk, og kundane likte dei nye handelsfolka. Butikken hadde ei god utvikling like frå starten, og var den største i Fitjar sentrum. På posane til Fitjar Handelslag stod slagordet: «Alt det du treng finn du på Fitjar Handelslag» Då drog Odd slagordet vidare: «. . og det du ikkje finn på Handelslaget, finn du hos Larsen!» Annemor og Odd var med i songkor og andre aktivitetar i bygda, og hadde eit godt auge til folket. Det var viktig å vera imøtekomande og positive. Det skaffa kundar og handel. Utedøra til bustaden var aldri låst, og både dei tilsette som budde på loftet og andre gjekk ut og inn. Lensmann Jeremiassen var fast gjest. Då Tangen i si tid innreia bad i huset sitt, vart lensmannen fast badegjest. Det heldt han fram med etter at Larsen sine hadde overteke. Jeremiassen tenkte at det var økonomisk. Han var kjend for å vera nøysam. Då kongen kom til Fitjar for å avduka statuen av Håkon den gode i 1961, var det ope hus i stova til Larsen. Der var det god utsikt til det som skjedde. Gamle og skrøpelege folk som hadde vanskeleg for å ta seg fram, vart støtta og borne opp den lange og bratte trappa til andre etasje, der dei fekk sitja på orkesterplass og få med seg det som skjedde. I andre etasje var det stove og stort kjøken, og dei tilsette åt middag der. På loftet var det soverom for både familien og butikkdamene.

UTVIKLING

Først på 1970-talet vart det kjøpt truck, og no kunne dei bruka pallar. Då var det slutt på det aller tyngste manuelle arbeidet. Fitjar Meieri tok over store deler av salet av kraftfor og gjødsel i den same 10-årsperioden. Dermed vart salet av volumvarer sterkt redusert. Firmaet Odd Larsen var eit personleg foretak fram til januar 1969. Då vart det omgjort til aksjeselskap, Odd Larsen AS, med Annemor og Odd som aksjeeigarar. I 1986 vart aksjane overførte til Torolf, som då vart eineeigar.

Odd døydde i 1996. Annemor levde like til 2010. Ho hadde ansvar for rekneskapen i firmaet like til 1990. I 1995 vart selskapet Odd Larsen AS delt i to, Odd Larsen AS som driftsselskap og Larsen Eigedom AS som eigedomsselskap. Torolf hadde alle aksjane i begge selskapa.

ODD-SVERRE OG VIDAR

I 1999 overtok Odd-Sverre og Vidar selskapet Odd Larsen AS frå faren Torolf. Sønene kom tidleg med i drifta og er dei aktive drivarane i dag. Odd-Sverre vart tilsett i 1984 etter å ha vore assisterande butikksjef på lågprisbutikken Mekka i Bergen hos den nytenkjande og energiske Einar Nistad i eitt år. Vidar vart tilsett i 1986. Begge brørne var med og hjelpte til frå dei var 13-14 år gamle.

Odd-Sverre hadde mykje ny kunnskap med seg då han kom heim til Fitjar etter at han hadde gått i lære hos Nistad. Det var vel ikkje til å unngå at det vart temperatur over diskusjonane i familien. Dei eldste kjende kanskje at dei miste litt kontroll.

No skjedde det mykje på kort tid. Daglegvarebutikken vart mykje utvida, dei forenkla drifta og slutta heilt med gjødsel, kraftfor og sement. Det hadde aldri vore organisasjonskart i firmaet, no vart det sett opp. Martin Eltarvåg var Larsen sin revisor, men han gjorde mykje meir enn ordinære revisortenester. I praksis var han advokaten og rådgjevaren, også. I denne perioden var det mange endringar. Eltarvåg gav dette rådet til Odd-Sverre: «Du får ikkje ansvar, du tar det!»

Vidar og Odd-Sverre delte oppgåver, strukturerte og innførte betre kommunikasjon på huset. Odd-Sverre brukar mesteparten av tida si på SPAR-butikken. Etter fleire ombyggingar, utvidingar og oppgraderingar er butikken i dag topp moderne, og tilbyr eit breitt utval daglegvarer. SPAR er ei viktig kjede i NorgesGruppen ASA sitt daglegvarekonsept. Neste endring kom i 2005, då Vidar og Odd-Sverre overtok selskapet Larsen Eigedom AS frå faren. Samtidig etablerte dei holdingselskapet Kjøpmannsstova AS, der dei to brørne kvar hadde 50 % av aksjane. LARSEN-FIRMAET har hatt ei eventyrleg utvikling. I lang tid var det fire daglegvarebutikkar i sentrum. Dei andre tre var L. Skålevik, Fitjar Handelslag og M. Vestbøstad. Etter tur vart desse tre avvikla, og Larsen var åleine igjen. Det gav ein sterk butikk med stor omsetning, men det har sine baksider. Folk kan reagera negativt, og det skaper gjerne handelslekkasje. Dei store konkurrentane i denne samanhengen var på Heiane, men mange køyrde like til Haugesund.

NYE UTFORDRINGAR

Hausten 2010 vart situasjonen vesentleg endra. REMA 1000 etablerte seg på Fitjar. Mange stussa på om det kunne vera marknad for to store butikkar. Larsen sine var uroa for utviklinga, men det har gått seg til. Begge butikkane har tilnærma lik omsetning, og Spar står sterkt i konkurransen med eit breitt vareutval og god service. Det fokuset Larsen har på å støtta lokalt frivillig arbeid i bygda, styrkjer også butikken.

FITJAR DETALJHANDEL AS

I 2012 vart Fitjar Detaljhandel AS etablert som fisjon av Odd Larsen AS. Det nye selskapet driv MX Sport Larsen, Larsen Multihandel og drivstoffsalget. Dette er Vidar sitt område.

Larsen Multihandel er ein svært innhaldsrik butikk. Den femner om alt du treng til fiske og båt, drivstoff, verktøy i alle kategoriar, beslag og skruar, arbeidstøy, maling og tilhøyrande utstyr, tapet og golvbelegg, kjøkenutstyr og dekketøy, kosmetikk, medisiner og Post i butikk. Vidar har auge for kortreiste varer, også. I mange år selde han teiner som Størk Sørfonn laga.

Det vert sagt at når båtglade bergensarar byrjar på ferie, sjekkar dei at dei har nok drivstoff til å koma seg til Fitjar. Så kastar dei fortøyningane og går til Larsenkaien på Fitjar. Der kjøper dei nytt tauverk til å fortøya med, drivstoff, fenderar og anna utstyr før dei går over til SPAR-butikken og provianterer for ferien. Dei siste 20 åra har det skjedd store endringar i faghandelen, og på landsbasis er mange spesialforretningar borte.

Difor er det tøft å driva ein frittståande butikk som Fitjar Multihandel. Grossistane er bundne opp av kjedeavtalar, der kjedene har einerett på avtalte varer. Difor er det ein stor jobb å finna leverandørar til mange av varegruppene, og å få inn varer i rett tid. Vidar har eit stort kontaktnett og får tak i det meste. Han trivest i butikken, han er kreativ, flink og praktisk, og kjenner folk på pulsen.

Internett og ikkje minst Heiane er dei største konkurrentane, med press på prisar og med eit overveldande utval.

Annemor levde like til 2010. Ho hadde ansvar for rekneskapen i firmaet like til 1990. Odd og Annemor Larsen var begge yrkesaktive til 80-årsalderen.

Odd Sverre Larsen tek eit siste overblikk før nyopning i -89. Vidar Larsen med kunden Vilhelm Sjøvold i 2. etasje i nyopna butikk, Ikkje lett å få fyllt på varer her, Anne Marie på mjølke/fruktkjølen 1994.

BUTIKKEN NÆR DEG

Det kostar tid og pengar å køyra ut av kommunen og handla, sjølv i våre Elbil-tider. Difor er dei lokale butikkane gull verd. Eit gamalt ord seier at butikken vert betre og betre til meir du brukar den. Det gjeld også i dag. Når du handlar lokalt, held du oppe varetilbod og arbeidsplassar i bygda du bur i.

Ein forretning må ha ein marknad, men forretningen må vera rusta til å ta imot marknaden. Personalet og kundane er dei viktigaste elementa, samtidig som vareutvalet må vera aktuelt og attraktivt. Når du får spørsmålet: «Kvifor går du i den butikken?» kan kanskje svaret vera: «Butikken ligg nær oss, den er ryddig, og der finn eg eit breitt vareutval med kvalitet. I tillegg får eg god service hos dei som jobbar der.» Me kan slå fast at den lokale Fitjar-marknaden er attraktiv, og den har heile tida vore det berande grunnlaget for drifta hos Larsen. Det er er stor kjøpekraft hos innbyggjarane i Fitjar, og deira bruk av Larsen-butikkane er og har vore fullstendig avgjerande for drifta og den gode utviklinga verksemda har hatt.

I tillegg er båtturistane ei god kundegruppe, og utbygginga i Kråko kjem mange aktørar i Fitjar til gode. Oppdrettsnæringa er også viktig. I løpet av ei veke er det mange oppdrettsbåtar inne til Larsen-kaien.

Odd-Sverre og Vidar seier at det er veldig kjekt å møta kundane. Dei kjenner mange i alle generasjonar, og har livet i bygda tett på pulsen. Det er spanande å vera lagleiarar i ei verksemd der vegen er kort frå idé til handling.