
2 minute read
Kondisen
Det vart nesten eit tidsskilje i sentrum då Henriksen-eigedomen og dermed den godt innarbeidde kafeen «Kondisen» skulle rivast i 2002. Kondisen var ein samlingsstad for bygdefolket. Der sette gjestene seg ned med ein kopp kaffi og noko attåt. Så løyste dei viktige spørsmål i tida samtidig som dei hadde full utsikt til livet i gata utanfor.
Magnus Stokken, kjend diktar i bygda, skreiv ein «nekrolog» som stod i Haugesunds Avis 9. desember 2002. Der skildrar han kundegruppene og diskusjonane på kafeen:
Advertisement
«Kondisen»
Melodi: Vesle Daniel
Ei store sorg er komen her til Fitjar, gamle Kondisen skal rivast ned. Folk skal inkje lenger her få sitja, lepja kaffigrut og fylgja med.
Frå ni til tolv so er da eldrebylgja, dei kjem stiklande med stokk og stav. Sjølv om stormen blæs og regnet hylja gneg dei sukkerbrød og spelar gnav.
Dei talar varmt om dei so sist gjekk heden, og røre fløyten i sin kaffikopp. Dei skryte litt av presten og av smeden so lagar smijernspynt til mang ei tropp. Frå tolv til fira kjem ein annan rase, dei trygda har omsider reist seg opp. Dei snakkar bomber med og utan klase, og meiner kaffi lekjer sjel og kropp.
På folk som driv med politikk dei klagar, dei verste kjem jo rett på tinget inn. Og stakrar dei med pærebrann i hagar, går so på dør, til kvar sin kant forsvinn.
Til slutt kjem bygdas store, sterke karar, med lunger fylt av nikotin og sot. Dei sete fyr på piper og sigarar, og ser at lensmann skriv parkeringsbot. På mobil dei sender grove vitsa, etter unge møyar dei seg snur. Stappar i seg store mengder pizza, pumpar jarn i bygdas «Apebur».
Tårer fell når Kjell med grabben knusar deg so hyste mang ein slask og trel. Nordavind i plankarøysa susar, gamle Kondisen, farvel, farvel.
Magnus Stokken

Frå venstre: Arne Røyrøy, Knut Rimmereid, Vidar Kjemperud, Gjert Breivik, Torvald Rimmereide, Osvald Nesbø, Per Flatøy.

Jan Helge Tufteland, Aud Vedøy og Oscar Helland kosar seg på Kondisen. Laura Skumsnes, Anna Nesbø, Anna Stokken og Hannemor Landa med ein kaffikopp på Kondisen.


