1 minute read

Framtidstankar

JK-Arkitekt

Me har sett tilbake på dei siste 25 åra. No skal me sjå framover. Fokuset til Vidar og Odd-Sverre er framleis å tilby dei varene folk ynskjer og har bruk for, og stadig utvikla tilbodet. Alle ser at både verda og handlevanane endrar seg, men det er veldig viktig for lokalsamfunnet at folk brukar dei lokale tenestene. Butikkane på si side skal tilby ei breidde og kvalitet på varene som gjer at kundane er nøgde. Då vert verdiar skapte, og dei vert verande i det lokale området og gjev positive ringverknader både for næringslivet og det frivillige arbeidet. Dersom det motsette skjer, at dei lokale butikkane vert lagde ned, vil mykje lokalt arbeid tapa inntekter og stoppa. Tenk berre på idrett og kultur. Det syner seg også at dersom bygda misser eit tilbod, er det tungt å få det på plass att seinare. I tillegg kjem synet av tome butikklokale, noko som gir eit negativt preg i mange bygder og byar. Samtidig ser Vidar at dei som handlar på nettet, må i butikken hans for å henta varene. Det skaper trafikk i butikken, og vareutvalet vert synt fram for alle som kjem inn. Med Fitjarbygda sine kvalitetar bør alt liggja til rette for at butikkane til Larsen har ei god framtid, og at me også i åra som kjem har eit levande sentrum.

Advertisement