Rettslære 2 (2022) NYN (9788211042873)

Page 40

KAPITTEL 2 | Juridisk metode

tilfelle spriker argumenta. Nokre taler for, medan andre taler imot eit bestemt resultat. Då må argumenta vektleggjast og vegast mot kvarandre før du kjem til eit tolkingsresultat.

Argument frå • Lovtekstar • Førearbeid • Rettspraksis • Forvaltningspraksis • Sedvane • Juridisk teori • Reelle omsyn • EU/EØS-rett

Lovtolking

Tolkingsresultat

Fig. 2.2 Tolkingsprosessen.

2.5.2

Tolkingsresultatet

Tolkingsresultatet er det vi kjem fram til gjennom tolkingsprosessen. Argument hentar vi frå alle rettskjelder som er rekna som relevante for det problemet som skal løysast. Deretter skal argumenta vektleggjast. Nokre får større vekt enn andre. Argument frå ordlyden i lovteksten veg som regel svært tungt. Det skal gode argument til for å fråvike den vanlege språklege forståinga av ein lovtekst. Tenk deg at du skal tolke ordet «skip» i ei lovføresegn som bestemmer straff for å føre eit slikt fartøy i ruspåverka tilstand. Korleis oppfattar folk flest ordet «skip»? Dei fleste ser nok føre seg relativt store båtar, som tankskip, passasjerbåtar, bilferjer osv. Tilsvarande gjeld dersom lovteksten inneheld ordet «motorkøyretøy». Du tenkjer først og fremst på bil og buss, og ikkje på elektrisk sparkesykkel. Støyter du på slike ord i ein lovtekst, blir spørsmålet korleis du skal tolke orda ut frå vanleg språkbruk. Skal du bruke ordet i ei utvida eller innskrenka tyding samanlikna med vanleg språkbruk? Svaret blir gjeve i tolkingsresultatet når du har vurdert og vege mot kvarandre alle dei argumenta du henta frå rettskjeldene.

38


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.