
6 minute read
1.3.1 Verkar lova etter føremålet?
Statsminister Margaret Thatcher forsøkte i 1970 å innføre ein koppskatt i Storbritannia. Det skapte store opptøyar. Skatten vart ikkje innført, og forsøket innleidde slutten på Thatcher si regjeringstid.
1.3.1 Verkar lova etter føremålet?
Alle lover har eit føremål, og det er derfor naturleg å spørje i kva grad lova bidreg til å oppnå føremålet, og om ho har utilsikta verknader som motarbeider føremålet.
La oss ta kontantstøttelova av 1998 som døme. Paragraf 2 bestemmer at kontantstøtte blir ytt for barn mellom eitt og to år dersom foreldra ikkje nyttar seg av offentleg finansiert barnehageplass. Føremålet er at familiane får meir tid til omsorg for eigne barn. Eit omstridt spørsmål er om lova har uønskte og utilsikta sosiale verknader. Lova kan føre til at ein av ektefellane fell utanfor arbeidslivet, og det kan i sin tur føre til dårleg familieøkonomi, som ikkje er til barnas beste. Barna får kanskje ikkje den sosiale læringa som dei gjer i ein barnehage.
Eit anna døme kan vere innføringa av straffelova § 316 som forbyr og set straff for kjøp av seksuelle tenester frå vaksne. Føresegna blir gjerne omtalt som «sexkjøpslova». Føremålet er å få ned omfanget av prostitusjon. Forsking tyder på at lova har redusert omfanget av prostitusjon
med 20–25 %.2 Tala er usikre fordi det er vanskeleg å berekne i kva grad lova har ført til meir skjult prostitusjon innandørs i staden for på gata.

Forbodet mot kjøp av sex har etter straffelova § 316 ei strafferamme på 6 månader i fengsel. Forsøk på kjøp var strafflagd inntil det vart bestemt at forsøk på strafflagde handlingar med strafferamme under eitt år ikkje lenger skulle straffast, jf. straffelova § 16. Det er berre fullbyrda kjøp som no kan straffast, noko som er vanskeleg å bevise. Det er framleis omstridt om lova verkar etter føremålet.
TEST DEG SJØLV
1. Kva kjenneteiknar ein rettsstat? 2. Kva meiner vi med maktfordelingsprinsippet? 3. Kva meiner vi med legalitetsprinsippet? 4. Kva for prinsipp kan brukast for å ta stilling til om ei lov er rettferdig?
2 Vista Analyse leverte ein analyse om verknadene til Justisdepartementet i 2014. Det er likevel strid om røyndomsskildringa.
ØVINGAR
1.1 Kina innførte ei lov i 2021 (tryggleikslova) som gjer det strafflagd å distribuere skrifter med «opprørsk innhald». Seks personar i ei nettavis vart pågripne, og avisa vart lagd ned. Alle dei tilsette vart sagde opp.
• Drøft og vurder hendinga i lys av prinsippa for ein rettsstat. 1.2 Polen innførte ei lov i 2020 som blant anna gjorde det mogleg for styresmaktene å sparke dommarar som kritiserer politiske styresmakter. Lovreforma blir grunngjeven med at rettssystemet bruker for lang tid, og at dommarane har for stor makt.
• Drøft og vurder lovreforma i lys av prinsippa for ein rettsstat. 1.3 Frida Karlsrud er motstandar av vaksinen mot covid-19. Regjeringa innførte reglar om vaksinepass for å kunne delta på aktivitetar og besøke restaurantar. Frida bestemte seg for å markere motstanden sin med ein demonstrasjon utanfor lokala til helsedepartementet. ho laga dokker av fleire regjeringsmedlemer, som ho hengde opp i heimesnikra galgar. Dokkene hadde ein plakat på brystet der det stod «Vaksinefascist».
Politiet kom raskt til staden og pågreip Frida og sette henne på glattcelle i ei veke. Deretter tok politiadvokat Peder Ås ut tiltale mot Frida for brot på straffelova § 181 (ordensforstyrring), § 182 (opptøyar) og § 183 (oppfordring til ei strafflagd handling).
Statsminister hedda Anfinsen fekk høyre om saka. ho syntest opptrinnet med galgar og hengjande dokker var skremmande. Regjeringa fekk derfor i all hast sendt eit lovforslag til Stortinget som auka strafferammene i §§ 181–183.
Like før straffesaka mot Frida skulle behandlast i tingretten, ringde statsministeren til dommaren og sa at ho forventa streng straff for handlingane. Det burde bli minst fire år i fengsel for slike handlingar, meinte ho.
Frida sin forsvarar hevda at Frida ikkje hadde gjort noko ulovleg i det heile. ho hadde vorte utsett for ei rekkje brot på menneskerettane sine, medrekna ytringsfridomen. Styresmaktene hadde brote prinsippa for ein rettsstat på ei rekkje område, hevda han.
• Drøft og vurder om staten kan ha brote prinsippa for rettsstaten i saka mot Frida.
Djupdykk
Dykk 1
Bruk prinsippa om likevektsrettferd og fordelingsrettferd, og fi nn fram til lover, innanfor eller utanfor rammene av læreplanen, som kan seiast å byggje på eit av desse prinsippa.
Dykk 2
Finn ei lov eller ein paragraf i ei lov som du meiner er urettferdig. Forklar kvifor.
Juridisk metode 2
2.1 Rettsreglar og andre reglar .........................24 2.2 Rettsspørsmål .................................................25 2.3 Juridisk metode ...............................................26 2.4 Rettskjeldene ..................................................29 2.5 Tolking av lovtekstar .....................................37 2.6 Lovgjevingslære ..............................................44 Djupdykk .......................................................................50


2 Juridisk metode
Frå læreplanen: Kjerneelementet juridisk metode handlar om å bruke rettsreglar og skilje rettsreglar frå andre normer og reglar i samfunnet. Juridisk metode er læra om kva rettskjelder som finst, og korleis ein går fram når ein bruker rettskjeldene for å løyse rettsspørsmål. Kjerneelementet handlar om å bruke prinsippa i rettskjeldelæra og juridisk oppgåveteknikk for å løyse rettslege spørsmål.
Du skal kunne • utforske og bruke ulike rettskjelder for å løyse juridiske problemstillingar • identifisere partar, krav, rettsleg grunnlag og juridisk problemstilling, og gjennomføre juridisk drøfting og kome fram til ein konklusjon
Ein norsk jurist er ein person som har studert rettsvitskap ved eit universitet i Noreg og fullført ein mastergrad. Som jurist kan du få jobb som advokat, dommar, saksbehandlar i eit departement eller i andre offentlege organ. Du kan også jobbe i privat sektor, til dømes på eit juridisk kontor i ein bank eller ei anna verksemd. Det kryr av juristar i arbeidslivet, og dei har alle éin ting felles. Når dei skal ta stilling til eit «rettsspørsmål», bruker dei «juridisk metode». Dersom du som jurist skal svare på eit rettsspørsmål, kan du ikkje berre synse med eigne meiningar. Du må finne fram til svar som er forankra i metodelæra. Men kva er eigentleg det? Og kva er eit rettsspørsmål?
Rettsreglar
Andre reglar
2.1 Rettsreglar og andre reglar
Rettsreglar er kjenneteikna ved at dei er vedtekne av offentlege organ, til dømes Stortinget eller eit departement. Styresmaktene kan straffe eller bruke makt for å få folk til å følgje lovene.
Brot på andre reglar i samfunnet, som ikkje er rettsreglar, gjev verken straffansvar eller erstatningsansvar. Det kan dreie seg om enkle normer for skikk og bruk, men også reglar der brot kan få store konsekvensar, til
Ein jurist bruker alltid juridisk metode når eit rettsspørsmål skal belysast og avgjerast.

dømes brot på ein dopingregel i idretten, som ikkje samtidig er ein rettsregel. Utestenging frå deltaking i konkurransar på grunn av doping er ein privat reaksjon frå idrettsrørsla sine eigne organ, men er ikkje straff i juridisk forstand.
2.2 Rettsspørsmål
Eit rettsspørsmål skil seg frå andre spørsmål fordi du må bruke rettsreglar for å løyse det. Du må finne fram til kva for rettsreglar som gjeld, og kva innhald dei har. Vi skil mellom generelle rettsspørsmål og individuelle rettsspørsmål.
Generelle rettsspørsmål
Generelle rettsspørsmål er spørsmål om kva reglar som gjeld i situasjonar som er felles for alle eller ei gruppe personar. Eit døme er: «Kva reglar gjeld for erstatningsansvar for barn og ungdom under 18 år?» Spørsmålet er generelt, fordi vi er ute etter dei reglane som gjeld alle barn og ungdomar under 18 år. Eit anna generelt rettsspørsmål kan vere: «Kva er forskjellen på tjuveri og underslag?» Også dette spørsmålet er generelt.
Individuelle rettsspørsmål
Individuelle rettsspørsmål er spørsmål om kva reglar vi skal bruke for å løyse eit konkret tilfelle, til dømes i ei sivil sak mellom to partar, eller i ei straffesak. Skal du løyse eit individuelt rettsspørsmål, må du først formulere spørsmålet generelt for å fastleggje innhaldet i dei reglane du vil bruke. Deretter må du vurdere om det konkrete tilfellet passar til den generelle regelen. Dette blir på fagspråket kalla subsumsjon.
2.3 Juridisk metode
Juridisk metode er læra om kva for nokre relevante rettskjelder som finst, og korleis dei argumenta som kan hentast frå dei, blir vektlagde og avvegde mot kvarandre for å ta stilling til eit rettsspørsmål.
Når juristar skal ta stilling til eit rettsspørsmål, bruker dei juridisk metode. Noko forenkla kan vi seie at framgangsmåten består av tre fasar:
Fase 1. Problem Fase 2. Drøfting Fase 3. Konklusjon
PROBLEM KONKLUSJON
DRØFTING
Fig. 2.1 Ei god juridisk framstilling skal ha hovud, kropp og hale – i ein heilskap. hovudet er problemstillinga, kroppen er drøftinga, og halen er konklusjonen. Til saman utgjer dei ein samanhengande organisme som ein fisk, utan klare grenser mellom delane. Du kan lese meir om korleis du kan svare på oppgåver i rettslære, i læreboka SVAR (Fagbokforlaget 2020).