1 minute read

2.5.1 Lovtolking

alkohol. Passasjeren i Finanger-sakene fekk ikkje full erstatning frå forsikringsselskapet for bilen, fordi norsk lov vart lagd til grunn i dommen, sjå RT-2000-1811. Lova vart seinare endra og ført i samsvar med EU-retten.

TEST DEG SJØLV

1. Kva skil rettsreglar frå andre normer og reglar? 2. Kva er eit rettsspørsmål? 3. Kva er ei rettskjelde? Set opp ei liste over dei viktigaste rettskjeldene og forklar kort kva dei går ut på. 4. Kva meiner vi med lovtekst?

2.5 Tolking av lovtekstar

Når vi bruker lovtekstar, må vi alltid tolke dei. Det gjeld anten rettsspørsmålet er generelt eller individuelt.

Lovtekstar er av og til så klare at dei nesten ikkje gjev rom for tolkingar. Når det til dømes står i vegtrafikklova § 22(2) at den som har større alkoholkonsentrasjon i blodet enn 0,2 promille, alltid er å rekne som påverka av alkohol, er det ingen tvil. «0,2 promille» gjev ikkje mykje rom for tolking. Det er heller ikkje mykje tvil når ekteskapslova § 1a bestemmer at den som er under 18 år, ikkje kan inngå ekteskap. Verken «under 18 år» eller «ekteskap» gjev rom for ulike tolkingar.

Andre lovtekstar inneheld vage og generelle ord og uttrykk utan eit klart og eintydig meiningsinnhald. Lovene bruker til dømes ord som edrueleg, påliteleg, ueigna, aktlaus, rimeleg, vond tru, osv. Slike og mange andre ord og uttrykk må tolkast i den samanhengen dei står.

2.5.1 Lovtolking

Tolkinga av lovtekstar startar med å kartleggje alle moglege språklege forståingar av ord og uttrykk som står i lovteksten. Kva forståing du til slutt vel, vil avhenge av dei argumenta du hentar frå dei andre rettskjeldene. Av og til stør dei fleste og viktigaste argumenta kvarandre, og taler for eit bestemt tolkingsresultat. Då er tolkinga enkel. I andre

This article is from: