1 minute read

2.3.1 Problem

Eit god svar på eit rettsspørsmål skal ha problemstilling, drøfting og konklusjon utforma på ein måte som heng logisk og harmonisk saman. Det er ikkje nødvendigvis klare overgangar mellom dei tre fasane. Dette blir her illustrert med biletet av ein fisk. Den har hovud, kropp og hale, men alle delane inngår i ein samanhengande organisme – ein fisk.

2.3.1 Problem

Første fase er å identifisere og formulere rettsspørsmåla.

Generelle rettsspørsmål blir stilte som ei meir eller mindre avgrensa problemstilling. Nokre er vide og omfattande, til dømes: «Kva for vilkår må oppfyllast for å bli dømt til straff?» Andre generelle rettsspørsmål kan vere meir avgrensa og presisert, til dømes: «Kva er valdtekt i straffelova si meining?», eller «I kva for tilfelle er ein offentleg tenestemann inhabil til å treffe vedtak i ei sak?».

Individuelle rettsspørsmål blir skildra som ein sivil rettstvist mellom to eller fleire partar, eller som ei straffesak mellom staten og ein lovbrytar. Saka kan vere skildra med mange faktiske opplysningar. Juristane si oppgåve er «å omsetje» saka til rettslege krav og påstandar som er forankra i rettsreglar. Eit typisk individuelt rettsspørsmål i ei straffesak er om tiltalte er skuldig i det han er tiltalt for, til dømes eit drap.

Sivile saker har partar, til dømes partane i ein tvist om erstatning eller om eit offentleg vedtak er ugyldig. Partane blir omtalte som høvesvis saksøkjar og saksøkte. Eit individuelt rettsspørsmål i ei erstatningssak kan til dømes vere: «Har Lars Holm krav på erstatning frå Lise Berg?» I éi og same setning blir rettsspørsmålet og partane identifiserte. Lars Holm er saksøkjar, og Lise Berg er den saksøkte.

Straffesaker har også «partar», men her bruker ein omgrep som «mistenkte», «sikta» eller «tiltalte» om lovbrytaren, avhengig av kor langt straffeprosessen har kome. Staten er lovbrytaren sin motpart, representert ved påtalemakta. Eit individuelt rettsspørsmål i ei straffesak kan formulerast slik: «Kan Lars Holm straffast for valdtekt?» Her er det underforstått at staten og Holm er partar i saka. Den som er fornærma i ei straffesak, er ikkje direkte part, sjølv om vedkomande har sterke interesser i utfallet av saka.

Formulere rettsspørsmål

Partar i saka

This article is from: