
1 minute read
2.4.8 Folkerett og EU/EØS-rett
Eit anna døme kan vere å argumentere for at omsynet til tryggleik i trafikken taler for å rekne ein elektrisk sykkel som motorkøyretøy, slik at alle dei tryggleikskrava som gjeld for motorkøyretøy, også skal gjelde for slike syklar.
2.4.8 Folkerett og EU/EØSrett
Norsk rett er rekna for å vere i samsvar med folkeretten. Det vil seie at folkeretten er ei rettskjelde som kan avgjere korleis norske reglar skal tolkast.
På strafferetten sitt område kjem dette prinsippet til dømes til uttrykk i straffelova § 2. Straffelovgjevinga gjeld med dei avgrensingane som følgjer av overeinskomstar mellom Noreg og andre statar, og av folkeretten elles. Eit døme er å finne i tolkinga av straffelova § 185 Hatefulle ytringer. Etter ein FN-konvensjon frå 1964 har Noreg forplikta seg til å avskaffe alle former for rasediskriminering. I samsvar med artikkel 4 i konvensjonen har Noreg forplikta seg til å «erklære som straffbar handling all spredning av idéer om raseoverlegenhet eller rasehat». Dette bidrog til at spreiing av partiprogrammet til Hvit valgallianse og utsegner om tvangssterilisering og tvangsabort for mørkhuda var strafflagd.
Folkerettslege reglar blir ikkje norsk lov før Stortinget har bestemt det. Eit typisk døme er Den europeiske menneskerettskonvensjon (EMK) som bestemmer at innbyggjarane i europeiske land skal ha bestemte rettar, til dømes rett til rettferdig rettargang, tanke-, samvits- og religionsfridom og ytringsfridom. For å sikre at norske borgarar får desse rettane, er EMK vedteken av Stortinget som norsk lov, sjå menneskerettslova av 1999.
Sjølv om norsk rett skal tolkast så mykje som mogleg i samsvar med folkerett og EU/EØS-rett, kan dommarane i einskildsaker likevel kome til at det er motstrid som ikkje lèt seg tolke vekk. I slike tilfelle gjeld norske reglar. Eit kjent døme kan hentast frå «Finanger-sakene». Kjernen i sakene var at den norske bilansvarslova § 7 bestemte at ikkje berre bilføraren, men også passasjerar, ikkje fekk personskadeerstatning dersom dei var klar over at bilføraren var påverka av alkohol. Eit direktiv frå EU bestemte likevel at berre bilføraren og ikkje passasjerane kunne miste kravet på erstatning når bilføraren var påverka av