Rettslære 2 (2022) NYN (9788211042873)

Page 1

Rettslære 2 HASSE BERGSTRØM Rettslære 2 er skriven for læreplanen i programfaget rettslære 2 i vidaregåande skule, som gjeld frå 1. august 2022.

Ei av dei sentrale endringane er at strafferetten er flytta frå rettslære 1 til rettslære 2 og utvida med seksuallovbrot. Reglane om seksuallovbrota er grundig forklarte og illustrerte med rettspraksis. Vidare er det eit nytt kapittel om personvern, som tek føre seg personvernlovgjevinga og «juridiske problemstillingar som oppstår i samband med bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi». Omfanget og djupna i stoffet er også påverka av nyare eksamensoppgåvepraksis. Det er lagt vekt på grundige forklaringar av hovudreglar innanfor strafferett, erstatningsrett og forvaltningsrett, som tradisjonelt har vore kjernetema for eksamensoppgåver. Dei fleste kapitla blir avslutta med djupdykkoppgåver. Desse er meinte som grunnlag for djupneundersøkingar og utforsking. Læreverket omfattar • Lærebok • Lovsamling som blir oppdatert kvart år • Nettressursar for elev og lærar • SVAR – Slik løyser du oppgåver i rettslære, lære- og oppslagsbok

HASSE BERGSTRØM RETTSLÆRE 2

På grunn av endringane i læreplanen er denne 5. utgåva av Rettslære 2 ein gjennomgripande revisjon av tidlegare utgåver – både pedagogisk og juridisk.

NYNORSK

Forfattar Hasse Bergstrøm er cand.jur. og cand.oecon. frå Universitetet i Oslo. Han har meir enn 40 års erfaring frå undervisning i vidaregåande skule, medrekna fleire år ved lærarutdanninga (ILS) ved UiO. Han har lang erfaring som lærebokforfattar.

SAMFUNNSFAG OG ØKONOMI

NYN ISBN 978-82-11-04287-3

Rettslære 2


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.