MARTHES REGNBUEDRØM
Ingen veit kvar påskeharen hoppar AV JANNE KRISTIN EGSETH
Kaaaanskje kjem påskeharen. Etter uttalige leiteaksjonar under det som fins av små busker på heimegarden og ellers i nærmiljøet er no nesten alt håp ute for å få sjå ein slik ekte påskehare nokon gong. Kven er denne omstreifaren som lurer om husnovene kring påsketider, truleg mens alle søv? Det einaste spor han etterlet seg er underlege egg i assorterte storleikar, gjerne fullstappa med påskesnop i alle verdens glorete fargar og valørar. Han,- eller ho har nok eit hjarteleg forhold til den tradisjonsrike kvikklunch`en for kvart einaste år er egget, som forøvrig er merka med «Til Jannemora, frå sjefsharen på Nytun» berika med denne kjeks-sjokoladen frå Freia, samt eit par meir eller mindre eksklusive solbriller frå Coop Barstadvik. Hmm, men eg bestemte meg ein gong for alle for å lage min eigen påskehare. Eit prakteksemplar som glitrar i vinduskarmen gjennom heile påskehøgtida, og som eg ikkje treng å organisere leiteaksjonar under buskene for å sjå spor etter. Det einaste kjedlige med «min» harepus, er at den enda ikkje har lagt eit einaste egg. Men spenninga er til å ta og føle på! Kven kom først? Høna, påskeharen eller egget?
52 : S F O N E T T 2 0 2 2
«Kven kom først? Høna, påskeharen eller egget?» Uansett er mitt påsketips heilt fritt ribba for hønsefjør og kyllingar, bortsett frå ein ting. Harekroppen er snurra på tradisjonsvis i same forma som dei noko spektakulære påskekyllingane som antagelegvis finst i dei fleste gode heimar som har ein rimeleg porsjon respekt for seg sjølve. Slike som har sans for skikkelege påsketradisjonar med «svong» i. Ein levande tradisjon som sirklar omtrent i same bane som den staute og omdiskuterte dorullnissen kan ein vel seie, -om ein er ute etter å drage parallellar.
DU TRENG: • Papp til å lage to stk. Like store papprundingar (Pappen kring Grændis`en er perfekt til slik bruk. Litt snikreklame for pizzaprodusenten i Strandabygda Wolrd-wide frå Sykkylvsbygda her altså). • Saks • Blyant • Tusjar til å teikne harepusansikt • Limpistol • Vanleg tomt mjølkeglas til mal for å teikne papprundingane • Kvit vattkule til hovud • Litt kvit papp til øyrer • Litt kulørt papir til å friske opp øyrene med, og om du vel å rette deg etter underteikna sitt skjema så anbefalar eg her rosa. • Kvitt garn • Rosa garn (eller ein annan farge for dei meir kreative, og for dei som greier å kome seg ut av det tradisjonelle skjemaet om at harepusane har rosa i øyrene og på haledusken). • Underteikna slit framleis med å kvitte seg med akkurat dette skjemaet. I min noko feminine verden vil altså alle påskeharar for alltid vere kvite og rosa. Men, stiller med åpent om enn noko krampeaktig sinn dersom nokon vel til dømes grøne øyrer. • «Levande auge», gjerne m/ fargar som samsvarar med øyrene/haledusken.