3 minute read

Marthes regnbuedrøm

Ingen veit kvar påskeharen hoppar

AV JANNE KRISTIN EGSETH

Advertisement

Kaaaanskje kjem påskeharen. Etter uttalige leiteaksjonar under det som fins av små busker på heimegarden og ellers i nærmiljøet er no nesten alt håp ute for å få sjå ein slik ekte påskehare nokon gong. Kven er denne omstreifaren som lurer om husnovene kring påsketider, truleg mens alle søv?

Det einaste spor han etterlet seg er underlege egg i assorterte storleikar, gjerne fullstappa med påskesnop i alle verdens glorete fargar og valørar. Han,- eller ho har nok eit hjarteleg forhold til den tradisjonsrike kvikklunch`en for kvart einaste år er egget, som forøvrig er merka med «Til Jannemora, frå sjefsharen på Nytun» berika med denne kjeks-sjokoladen frå Freia, samt eit par meir eller mindre eksklusive solbriller frå Coop Barstadvik.

Hmm, men eg bestemte meg ein gong for alle for å lage min eigen påskehare. Eit prakteksemplar som glitrar i vinduskarmen gjennom heile påskehøgtida, og som eg ikkje treng å organisere leiteaksjonar under buskene for å sjå spor etter. Det einaste kjedlige med «min» harepus, er at den enda ikkje har lagt eit einaste egg. Men spenninga er til å ta og føle på! Kven kom først? Høna, påskeharen eller egget? «Kven kom først? Høna, påskeharen eller egget?»

Uansett er mitt påsketips heilt fritt ribba for hønsefjør og kyllingar, bortsett frå ein ting. Harekroppen er snurra på tradisjonsvis i same forma som dei noko spektakulære påskekyllingane som antagelegvis finst i dei fleste gode heimar som har ein rimeleg porsjon respekt for seg sjølve. Slike som har sans for skikkelege påsketradisjonar med «svong» i.

Ein levande tradisjon som sirklar omtrent i same bane som den staute og omdiskuterte dorullnissen kan ein vel seie, -om ein er ute etter å drage parallellar.

DU TRENG:

• Papp til å lage to stk. Like store papprundingar (Pappen kring Grændis`en er perfekt til slik bruk. Litt snikreklame for pizzaprodusenten i

Strandabygda Wolrd-wide frå Sykkylvsbygda her altså). • Saks • Blyant • Tusjar til å teikne harepusansikt • Limpistol • Vanleg tomt mjølkeglas til mal for å teikne papprundingane • Kvit vattkule til hovud • Litt kvit papp til øyrer • Litt kulørt papir til å friske opp øyrene med, og om du vel å rette deg etter underteikna sitt skjema så anbefalar eg her rosa. • Kvitt garn • Rosa garn (eller ein annan farge for dei meir kreative, og for dei som greier å kome seg ut av det tradisjonelle skjemaet om at harepusane har rosa i øyrene og på haledusken). • Underteikna slit framleis med å kvitte seg med akkurat dette skjemaet. I min noko feminine verden vil altså alle påskeharar for alltid vere kvite og rosa.

Men, stiller med åpent om enn noko krampeaktig sinn dersom nokon vel til dømes grøne øyrer. • «Levande auge», gjerne m/ fargar som samsvarar med øyrene/haledusken.

GJER SLIK, STEG FOR STEG:

• Bruk mjølkeglaset som mal, teikn to like sirklar på grændispappen og klipp ut. • Lag to små hol i midten på kvar sirkel på størrelse med ein femkroning. • Legg pappsirklane mot kvarandre og start med å snurre på den kvite tråden. (Kan vere eit tips å lage eit bittelie hakk i pappen for å feste den første tråden). • Snurr tråd heilt til «femkroneholet» er fyllt. • Så kjem vi til operasjon «klipp opp».(Denne operasjonen kan vere på høgde med ekstremsport, så her trengs det ofte ei hjelpande trygg vaksenhand i rimleg nærleik). • Smyg saksa ned mellom tråden og pappdelane. • Klipp forsiktig langs kanten. Unngå at trådane forskyver seg. • Knyt ein stram tråd kring dei oppklipte delane, og vips så har du laga ein dusk. • Du har no laga det som dannar kroppen til haren. Klipp den litt forsiktig med saksa så pelsen blir fin og jamn. • Teikn hare-ansikt på vattkula, lim på auger, og lim haudet til kroppen ved hjelp av limpistol. • Hugs harepusen har ofte store, ruvande fortenner til å knaske gulrot med. I allefall i min verden. • Teikn øyrer på den kvite pappen, samt eit lite smalt stykke kulørt papir til å fylle øyrene med, klipp ut og lim på toppen av hovudet med limpistol (lag ein liten knekk nederst på øyret før du limer. På den måten vil du lettare få øyrene til å stå). • Snurr bittelitt kulørt tråd mellom fingrane og knyt ihop. Dette dannar haledusken. Fest den midt bak med limpistol! • Påskeharen vert ekstra flott å sjå på om du monterer den f.eks på eit stykke drivved frå fjøra, eller ei flat steinhelle.

This article is from: