KULTUR
TEKST & FOTO Sigbjørn Løland Torpe
BERGEN TRE STYGGE BYGG? «Styggest: dessverre fleire kandidater, her men dei fleste nyare boksane er stygge; t.d. nye Gulating og ADO. Mathallen, Rådhuset, Realfagsbygget og Bygarasjen er sjølvsagt kandidater, i tillegg er Grieghallen støgg’ på avstand (betongtoppen). Likevel...Rådhuset med si plassering. (riv det og kjør *eventuell* bybane igjennom tomten og inn i tunnel.»
Her er eksempel frå kommentarfelt i Bergens Tidende (BT), den 19.07.2019 som illustrerer meningsytring av kva som er stygge bygg i Bergen, som det er delte meiningar om og som vert heftig diskutert, med jamne mellomrom. BT. inviterte lesarane til å delta på ei uhøgtidleg kåring i 2019 av Bergens styggaste og finaste bygg. Med utgangspunkt i kåringa arrangerte Studentersamfunnet i Bergen, tidlegare i haust ei byvandring med Hans Jacob Roald, dosent i byplanlegging ved HVL, har eg vald å ta for meg tre byggverk frå 1970-åra, med eigen vri: siste, midterste og første plass på BT sin verstinglista. Eller er dei så ille?
1 REALFAGBYGGET Realfagbygget til MATNAT ved Allégaten, vart ferdigstilt i 1977, og teikna av Harald Ram Østgård etter inspirasjon frå japansk samtidsarkitektur til f.eks. Kunio Maekawa sitt konserthus Kyoto Kaikan (1960), der du kan sjå enkelte likskapstrekk. Prinsippa med dei er prefabrikerte modular, som vert sett saman som byggesett på byggeplassen. Dette kjenneteiknar 1960-talet modernistisk etterkrigsarkitektur. Realfagbygget har detaljerte gesimsar som gjev rytme i fasaden med klassisme med fordekt geomertriske former, og i uteområde med fontene og nedre del av fasaden mot gateplan er kledd i naturstein. Det høyre og med i historia at Statsbygg og plansjefen i Bergen var usamd i gjennomføringa av dette prosjektet. Også Bergen Arkitektforening protesterte mot dette bygget. Statsbygg stod likevel på sitt og trumfa dette byggeprosjektet gjennom som var ein av ein samla plan for fleire av UiB sine nybygg på Nygårdshøyden. Tilbakemeldingane til dette bygget var alt anna enn positiv. Den vart stempla som overdimensjonert, stygg, grå, trist og innelukka. Dette 14
var stikk i strid med kva forventningar ein hadde til universitetsbygg med ein meir opnare fasade. Ideelt sett burde Allégaten vore open med meir utsikt i retning Ulriken, men diverre vart ein del av Fysikkbygget plassert over gata som sperra utsikta. Hans Jacob Roald kom med følgjande resonnement: “- Om det ikkje er dårleg arkitektur, så er det dårleg byplanlegging med dominerande bygg som kjempar om merksemda,” og legg til at Staten sin endelege hemn med dette kontroversielle Realfagbygget vart freda av Riksantikvaren i 2014. I faglitteraturen vert Realfagbygget framheva som representant for modernistisk «brutalisme», som er ubehandla betong med merke etter forskalingstreverk. Roald stiller seg kritisk til brutalisme-omgrepet som han meiner verkar nokså skjematisk-konstruert og lite gjennomtenkt. Han gjev kunsthistorikarane skulda for å ha konstruert opp dette, altså ikkje arkitektene som bygde det. Men Roald har ikkje noko forslag på eit anna passande omgrep. 2 GRIEGHALLEN Konsert- og konferansehuset Grieghallen er kalla opp etter komponisten Edvard Grieg. Dette bygget