Samviten 2020 (høst)

Page 12

m ikkje o s g e d er for

KULTUR

sp

s ie

I ei svunnen ungdomstid var det relativt viktig å like “kule” ting, enten det var musikk, bøker eller eigentleg kva som helst som gav ein ei renteauke i street cred. I dagens samfunn har det derimot blitt litt lettare å berre like det ein likar. Likevel, vi er framleis generasjon prestasjon, og kan ikkje gjere noko som helst utan å ha ein indre agenda i jakt på likes, anerkjennelse og popularitet. Det er òg særs viktig å verke smart nok til å kunne sitje på ein litt skitten pub å diskutere politikk du har gløymt i morgon, medan du eigentleg helst vil ligge i fosterstilling under dyna og sjå Side om Side for femte gong.

Podcaster å lytte til medan du ligger på sofaen eller går ein tur etter dagens eksistensielle krise REPLY ALL: For deg som bruker eller har brukt for mykje tid på internett. Dette er timesvis med god lytting med over 150 episoder å kose seg med. Fellesnemnaren for alle episodene er at dei er knytta til internettet, men dei seier òg noko om oss som menneske og våre relasjonar.

ei ny episode i podcast-appen. Humoren er skarp, drøy og på ekte skikkelig morsom, og det føles litt som å henge med gode venner i godt lag. Å-Kjendis er ein god blanding av eigne anekdotar og det siste i kjendisverda, nasjonalt og internasjonalt. Bonus! Instagram-kontoen @a.kjendis for lokalproduserte memes Senterpartiet ville vore stolte av. Vil spesielt anbefale dei årlege halloween-kostyma.

Anbefalte episoder: #158 The Case of the Missing Hit – Handlar om ein frå USA som krystallklart hugsar ein song frå barndomen, men som det ikkje fins spor av på internett. Ei magisk reise frå start til slutt. #120 INVCEL – Handlar om korleis ei dame frå Canada med eit uhell skapte eit av internett sine mest giftige samfunn, incel-miljøet. Litt trist og veldig oppsiktsvekkande korleis ingen eig noko som helst på internett. Å-KJENDIS: For deg som interesserer deg for popkultur. Kjendisnytt og sladder står i fokus i og eg trur pulsen min aukar kvar gong eg ser det har kome

Anbefalte episoder: Å-awards episodene – Kven har hatt årets beef, er årets pikktryne eller årets beste å-kjendis? TORE SAGENS PODCAST: Berre særs kunnskapsrike folk som får snakke om det dei er særs kunnskapsrike om. Kanskje lærer du noko nytt? Det er variert tematikk, som gjer at episodene er noko for ein kvar smak. Det er òg hyggelig å kunne høyre på Tore Sagen i ei litt annleis rolle enn det den gjengse Radioresepsjons-lyttar er vant til. Anbefalte episoder: Ei episode om noko du vanlegvis ikkje ville ha valt.

lt o

ANBEFALINGAR

e p


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Samviten 2020 (høst) by Samviten - Issuu