Leserinnlegg Rovdyrjakt med hund I «gamle dagar» brukte mange jaktarar hund når dei skulle jakta på rovdyr. Dette var spisshundar, buhundar, elghundar og lapphundar. Dei halsa «gjødde» når dei var på sporet. Dette er i dag kalla «på sporet halsande hund». Hunden er ei god hjelp, og dei oppnår rask og effektiv jakt. I dag er det fleire hunderasar som høver til slikt oppdrag, og som oftast tek dei lærdom snøgt når dei får vera med på jakt. Hohundane har denne jaktforma i genane sine, og med opplæring ein jaktsesong kan dei verta flinke. På ulv og bjørn må hunden læra å halda avstand slik at han kan redda seg på angrep frå det dyret han forfylgjar. Bruk av slike hundar gjer jakta spennande og er slett ikkje brutal eller dyreskadeleg. Det er ei human jaktform. Motstandarar hevdar noko anna, men det er brukt som motargument og bør gløymast.
Plotthund. Foto: Per Fossheim
I Nationen 1. desember har Erling Aas-Eng teke fram tre punkter som grunnlag for å få ei god løysing på denne viktige saka. Det er all grunn til å få dette
til slik at rabiate rovdyr plukkast bort snøgt. Alvdal i desember 2020 Ola Tronsmoen
Ulveleiken, kor lenge skal han halda fram? No har dei flytta ulven «Elgåulven» som kom frå Finland eller Russland. Kven veit, innvandraren sjølv fortel ingenting, han er her berre. Til stor fortviling for dei som får øydelagt beitedyr, og stressar alle dyr som han kjem i nærleiken av. Hadelandstispa kosta over 30 millionar kroner det året ho gjesta her til lands. Ein storfordrande gjest. Saman med den store ettersøkinga og dei mange timane dei jakta vart utan resultat, kom innhegn av ulv som bevaringstiltak nærmare. Men vedtaksterskelen er høg, og skrevs over sit WWF! Flyttinga gjekk greitt, no er siste redningsaksjonen ute for tredje eller fjerde gongen. Dei som ymta frampå om å avliva ulven vart ikkje høyrd, dei som skulle ha han var sterkare enn dei som meinte at det er
64
rein terror både mot folk og dyr å ha fritt laupande ulv i landet. Det er ein ulv med verdifulle genar dette gjeld. Hugs det! Men kvifor då lata han flyga fritt omkring med risiko for skadeverk som resultat. Dette veit me av røynsle vil verta resultatet av ulvefredinga. Har ein aldri prøvd innhegning? Jau, her er fleire av det slaget som har ulv i innhegning. Her får dyra mat og tilsyn kvar dag, og den som vil sjå desse dyra har mange gongar uttrykt kor fint det er å gå til innhegninga, der er det heilt sikkert å få sjå desse dyra – og særleg i fôringstida. Da er det liv og aktivitet i ulvane. I innhegninga har ein all kontroll til å halda talet på dyr, og kan ta ut dei som trengs enkelt og greitt. Med flytting er det også vågsamt at dyra vil undersøka alt i sitt nye revir, mellom anna omverda og
tilgangen på mat og drikke. Ei øy kan godt vera ein god løysing som bustad for ulv, dette er brukt fleire stader. Her i landet er Namsskogan og Langedrag vel kjent, og dei har vore i drift i fleire år. Tenk om me her i landet vil prøva! Utsett ulv kan finne vegen attende dit han kom fra. Ulven «innvandraren» vår har gjort prøve på heimreise tre gonger, han kan tru seg til det nok ein gong. Ein kan såleis ikkje vera trygg om han slår seg til ro dit han vart utsett. Statsråden og ulven om flytting: «Dei flytter i dag dei to, men eg trur flyttinga blir til inga nytte, song nissen og lo». Januar 2021 Ola Tronsmoen
1/2021 SAU OG GEIT