6 minute read

Full pupp i geitefjøset

På Gullbrå øverst i Eksingedalen har 130 mjølkegeiter nå starta årets produksjon.

Etter to månader med kvile er geitene på Gullbrå komne i produksjon igjen. Det er også tankbilane som fraktar geitemjølka til meieria i Telemark og i Nordfjord.

Advertisement

Tekst og foto: Thomas Førde

Årets første kvantum med geitemjølk blei levert frå fjøset til Anita og Olav Gullbrå 16. januar. Utover mot våren vil dei 130 mjølkegeitene koma i full produksjon og kan fylla opp bruket si mjølkekvote på 83 000 liter.

Fjøset gjekk gjennom omfattande renovering, ombygging og oppgradering for sju-åtte år sidan i samband med den landsomfattande saneringa som bransjen gjennomførte i kampen mot CAE-virus, byllesjuke og paratuberkulose.

Nytt mjølkeanlegg blei installert med totalt 12 mjølkeaggregat som kan nyttast samtidig.

– Dei fleste dagane i mjølkesesongen brukar me begge å vera i fjøset samtidig under mjølkinga. Då jobbar me mest effektivt og kan utnytta mjølkeanlegget best mogeleg, seier Olav Gullbrå. Han legg til at fjøsstellet brukar å gå unna på litt over ein time, når begge er i fjøset samtidig.

Gullbrå må kunne reknast som ei fjellbygd, ettersom garden ligg 600 meter over havet. Bustadhus og driftsbygningar ligg samla som i eit klyngetun øvst i Eksinge dalen. Her har det blitt halde mjølkegeiter heilt sidan slutten av 1960-talet. På den eine sida av tunet tårnar høge, bratte og snøkvite fjellsider, medan terrenget er noko slakare og oppskore av dalføre på andre sida av elva, som renn gjennom den fem mil lange Eksingedalen.

Ved sida av å vera geitebønder, har både Anita og Olav litt attåtinntekt som dei hentar utanfor bruket. Anita tar vakter på sjukeheimen i nabokommunen Modalen, medan Olav dagleg køyrer skulebuss i Eksingedalen.

Eng og fjellbeite På begge sider av elva ved Gullbrå ligg fine flatar med dyrka mark.

Om lag 50 mål med slåttemark gir vinterfôr til mjølkegeitene. Sjølv om enga

ligg relativt høgt over havet og vinteren kan vera lang, brukar dei å hausta gras til siloen to gonger i vekstsesongen.

År om anna må dei supplera fôrlageret med litt innkjøpt høyensilasje i store firkantballar.

Fjellbeite er det derimot rikeleg av. I beitesesongen kan mjølkegeitene gå fritt på dagstur innover i fjellet. – Me held gjerde mot innmarka, elles kan geitene gå så langt innover i fjellet som dei måtte ønskja, heilt til dei møter Sogne fjorden eller ski-resortane i Myrk dalen ved Voss, seier Olav Gullbrå spøke fullt. Men han legg til at mjølkegeitene er flinke til å koma heim til kvelds, i rett tid til mjølking.

Gardane med produksjon av geitemjølk og som ligg langs same ruta for tankbilen, er blitt samordna slik at november og desember er mjølkefrie månader. Dette for å kunne utnytta produksjons- og transport kapasiteten best mogeleg.

Utfordringar langs tankbilruta Litt ut i januar er det sesongstart. Frå då av kjem mjølkebilen til gards på Gullbrå tre gonger i veka. Det er firmaet Ulvund og Ure Transport som har kontrakt med Tine for innsamling og transport av geitemjølk i dette området.

Dagleg leiar i selskapet, Leif Gunnar Ure kan fortelja om ei lang mjølkerute på til dels smale, svingete og bratte vegar.

Ruta startar gjerne i Aurland kommune i Sogn, kor det er fleire geitemjølkprodusentar som ligg i bygdene Underdal, Flåm, Gudvangen og Aurland. To produsentar held til i Voss kommune, i nærleiken av Evanger. I Eksingedalen, på andre sida av Nesheimfjellet, sett frå Voss og Evanger, er Anita og Olav Gullbrå dei einaste som driv gard med mjølkegeiter.

Den neste produsenten langs ruta ligg seks mil unna, i Modalen. Deretter fer tankbilen, som kan lasta 12,5 tonn utan bruk av hengar, til Osterøy og sidan til Tørvikbygd i Kvam herad, før kursen kan setjast mot meieriet på andre sida av Haukelifjell, i Edland som ligg i Vinje kommune i Telemark. Denne lange mjølkeruta, tur-retur, brukar sjåføren å dela på to dagar. På heimveg kan tankbilen henta kumjølk frå produsentar i Hardanger og transportera denne til meieriet på Voss.

Stabil produksjon av geitemjølk – I blant køyrer me geitemjølka til Tine sitt meieri i Byrkjelo i Nordfjord. Då startar me innsamlinga i motsett ende, seier Leif Gunnar Ure, som i blant køyrer ruta som avløysar. Elles er det to faste sjåførar som byter på å køyra.

Om geitemjølka skal til Byrkjelo eller til Edland er rundturen om lag like lang, ca. 900 kilometer, som blir tilbakelagt tre gonger i veka.

Ure vedgår at det til tider kan vera utfordrande og halda ruta på vinterstid. Vegen over Haukelifjell kan bli stengd av uver. Fjellovergangen mellom Evanger og Eksingedalen kan også vera utfordrande under visse ver- og føretilhøve.

Ferske tal frå Tine viser at produksjonen av geitemjølk her i landet held seg på eit særs stabilt nivå. Det blei levert 19,9 millionar liter geitemjølk til Tine i

Frå mjølkerommet kan røktarane skuva fram i fjøset totalt 12 mjølkeaggregat som kan nyttast samtidig.

Tilhøvet mellom røktar og mjølkegeiter ser ut til å vera det aller beste på Gullbrå.

Mjølketanken er utstyrt med automatisk vaskeanlegg som tankbilsjåføren kan setja i gong etter at tanken er tømd. u

2020. Dette er same mengd som i 2019. Mjølka blei henta inn frå 259 leverandørar, same talet som året før.

Det kan også nemnast at 10 mjølkebruk leverte både ku- og geitemjølk i 2020. Det er ein færre enn i 2019.

Kje til påsett og framfôring Kjeinga på Gullbrå blei gjort unna frå midt i romjula til rundt 10. januar. 45 geitekje går nå samla i eigen binge under varmeomn og har fri tilgang til mjølkeerstatning frå blandeautomaten. Litt kraftfôr og grovfôr får dei også tilgang til. Til sommaren skal påsettkjea sleppast ut på eit romsleg, inngjerda beite i den bratte lia nær gardstunet.

Resten av kjea, som blei fødde i vinter, måtte bøta med livet. Olav Gullbrå seier at han ikkje har plass i det nyleg renoverte fjøset til å fôra fram bukkekje og andre kje som ikkje kan setjast på som framtidige mjølkegeiter. Fjøsbygninga kan heller ikkje utvidast i nokon retning i det tette klyngetunet.

Etter saneringa blei det kjøpt inn nye geiter frå ein tidlegare sanert buskap på Sunnmøre. Desse var vaksinerte mot paratuberkulose. Dermed får ikkje Anita og Olav Gullbrå lov til å selja kje til andre bruk som kunne ønskja å fôra dei fram til slakt.

Akkurat dette kjenner Olav Gullbrå som litt frustrerande ettersom Evelyn Gullbrå, på nabogarden, årleg kjøper inn kje til framfôring. (Sjå eiga sak annan stad i bladet) I dag lyt ho henta kjea frå eit geitemjølkbruk, som ligg seks mil unna. – Her kunne me gjort flytting av kje særs kortreist, berre rett over tunet, seier Olav Gullbrå. Men han legg til at om eit år eller to, når alle dei innkjøpte mjølke geitene er fasa ut, kan naboen overta kje til framfôring.

Fakta om geitemjølkbruket på Gullbrå

Kvar: Øvst i Eksingedalen, 600 meter over havet, i Vaksdal kommune i Hordaland Kven: Anita og Olav Gullbrå, som har fire born i alderen 14-24 år Buskap: 130 mjølkegeiter Mjølkekvote: 83 000 liter Areal: 50 mål med slåttemark pluss endelause fjellbeite

45 komande mjølkegeiter samlar seg under varmelampa i januar.

Mjølkegeitene set stor pris på å koma under børsten som er stasjonert i bingen deira.

Bratte fjellsider reiser seg høgt over Gullbrå på nordsida av tunet, kor skulebussen står parkert. Olav Gullbrå er fast sjåfør på ein av to skulebussar i dalen.

This article is from: