Kje-bab kan bli nytt tilbod i gatekjøkenet På ein fjellgard øvst i Eksingedalen blir 120 geitekillingar tekne hand om. Elles hadde dei truleg blitt slakta straks etter fødsel. Nå får kjea eit bonusliv i fleire månader før dei kan bli omgjort til lekre kjøtmåltid. Tekst og foto: Thomas Førde
K
jøt av geitekillingar er ein delikatesse og ein verdfull ressurs som me må utnytta betre, seier Evelyn Gullbrå. I fleire år har ho tatt imot kje frå gardsbruk med mjølkegeiter. Etter kvart som kjea blir slaktemogne utover våren og sommaren, har ho selt heile slakt til finare restaurantar i Bergen og til private forbrukarar. I koronaens år skrumpa restaurantmarknaden brått inn til mest ingenting. Men kjeoppdrettaren fekk likevel seld alle slakta i fjor og ho går nå på med ny giv for sesongen 2021. For snautt fem år sidan skipa ho, saman med tre andre aksjonærar, selskapet Gullkjøt AS for omsetnad mellom anna av kjekjøt. – Me må finna nye marknadar for dette framifrå kjøtet. Kvifor ikkje nytta det til å laga kebab av og marknadsføra dette som noko spesielt, til dømes som kje-bab frå gatekjøken, seier Evelyn Gullbrå. Samling rundt automaten Straks etter at årets første pulje av kje er komne inn i fjøset, kjem me på besøk. Evelyn Gullbrå sin sambuar, Kjetil Vassenden, har henta ein flokk med om lag 40 geitekillingar frå ein gard i Modalen, som ligg seks mil unna. Denne garden blir driven av sonen til Eveleyn Gullbrå. I fjøset i Modalen er det førebels ikkje plass til å fostra opp alle kjea. Det er difor høveleg å flytta dei til moderleg omsorg på Gullbrå. Evelyn arbeider nå for fullt med klargjering av fôringsautomaten som i dei næraste vekene skal løfta fram dei små kjea i vekst og utvikling. Gjennomsiktige slangar mellom smokk og mjølke-
Gullkjøt AS heiter selskapet som Evelyn Gullbrå har skipa og som skal stå for omsetnad av kjekjøt til restaurantar, butikkar og forbrukarar elles.
28
1/2021 SAU OG GEIT