På Gullbrå øverst i Eksingedalen har 130 mjølkegeiter nå starta årets produksjon.
Full pupp i geitefjøset Etter to månader med kvile er geitene på Gullbrå komne i produksjon igjen. Det er også tankbilane som fraktar geitemjølka til meieria i Telemark og i Nordfjord. Tekst og foto: Thomas Førde
Å
rets første kvantum med geitemjølk blei levert frå fjøset til Anita og Olav Gullbrå 16. januar. Utover mot våren vil dei 130 mjølkegeitene koma i full produksjon og kan fylla opp bruket si mjølkekvote på 83 000 liter. Fjøset gjekk gjennom omfattande renovering, ombygging og oppgradering for sju-åtte år sidan i samband med den landsomfattande saneringa som bransjen gjennomførte i kampen mot CAE-virus, byllesjuke og paratuberkulose. Nytt mjølkeanlegg blei installert med totalt 12 mjølkeaggregat som kan nyttast samtidig. 24
– Dei fleste dagane i mjølkesesongen brukar me begge å vera i fjøset samtidig under mjølkinga. Då jobbar me mest effektivt og kan utnytta mjølkeanlegget best mogeleg, seier Olav Gullbrå. Han legg til at fjøsstellet brukar å gå unna på litt over ein time, når begge er i fjøset samtidig. Gullbrå må kunne reknast som ei fjellbygd, ettersom garden ligg 600 meter over havet. Bustadhus og driftsbygningar ligg samla som i eit klyngetun øvst i Eksingedalen. Her har det blitt halde mjølkegeiter heilt sidan slutten av 1960-talet. På den eine sida av tunet tårnar høge, bratte og snøkvite fjellsider, medan terrenget er noko
slakare og oppskore av dalføre på andre sida av elva, som renn gjennom den fem mil lange Eksingedalen. Ved sida av å vera geitebønder, har både Anita og Olav litt attåtinntekt som dei hentar utanfor bruket. Anita tar vakter på sjukeheimen i nabokommunen Modalen, medan Olav dagleg køyrer skulebuss i Eksingedalen. Eng og fjellbeite På begge sider av elva ved Gullbrå ligg fine flatar med dyrka mark. Om lag 50 mål med slåttemark gir vinterfôr til mjølkegeitene. Sjølv om enga 1/2021 SAU OG GEIT