Til festen der heile bygda blei invitert, var Vemund Bergo med og laga plakatar og anna presentasjonsmateriell etter prosjektarbeidet om ull.
Ull blei til gull for liten skule Ein av landets minste skular har fleire år på rad vunne heider og ære og jamvel litt pengar med, i den landsomfattande Nysgjerrigper-tevlinga. Tekst og foto: Thomas Førde
E
ksingedalen skule, som er ein kombinert barne- og ungdomsskule, har 10 elevar og like mange undrande, unge forskarar. Tema for forskingsarbeidet har dei henta frå nærmiljøet. Det eine året følgde dei utviklinga til eit lam frå tida før fødsel fram til det hamna på slakteriet. I det førebels siste prosjektet har dei undersøkt berekraft i vid forstand for saueull nytta som materiale i klede og i teppe. To prosjekt førte dei til andreplass i den nasjonale Nysgjerrigper-tevlinga og i 2020 blei det bronseplass. – Prosjektarbeid på tvers av fag og der elevar på ulike årstrinn samarbeider, høver 16
særs godt for ein liten skule som vår, seier rektor Liv Anne Bergo. Skule med eigen peis Undervegs til Eksingedalen hadde eg ei hotellovernatting på Voss. Der spurde eg meg litt føre mellom dei tilsette i resepsjon og i restaurant om veg- og køyretilhøve på siste etappe fram til mitt reisemål. Ei av dei tilsette melde at ho ikkje ein gong visste korleis ho skulle finna vegen dit og den andre gjorde det straks klart at i Eksingedalen hadde ho aldri vore. Neste morgon gav eg meg dermed i veg utan nemnande innsidekunnskap. Vegen over fjellet frå Evanger ved Voss
er til tider svingete, bratt og vinterglatt, langs ein tidlegare anleggsveg som BKK (Bergenhalvøens Kommunale Kraftselskap) bygde i samband med kraftutbygging i Eksingedalen på 1960-talet. På glattisen nedover mot dalen, tenkte eg at for å ferdast trygt på slike veg- og føretilhøve bør bilførar påleggjast vidareutdanning eller få godskrive lang tids erfaring. Etter vel ein times køyring frå Voss var eg vel nede i dalbotnen og fekk varm mottaking ved Eksingedalen skule, som er ein av særs få barne- og ungdomsskular her i landet med eigen peis. Med 12 kalde minusgrader ute, var denne dagen seks elevar, vikarlærar og 1/2021 SAU OG GEIT