Ei stor kjelde til glede, frustrasjon, tårer og latter i ungdomstida er kjærleik og forelsking. Få ting kan få oss til å bli løfta så høgt opp som forelskingsrusen, og få ting kan få oss til å falle så hardt i bakken som når vi kjenner oss avviste eller oversett, og slit med kjærleikssorg. Der og då er det vanskeleg å tru at ein nokon gong skal komme seg ut av det. Og i løpet av dei neste åra er sjansen stor for at du sjølv kjem til å elske og bli elska – men også såre og bli såra.
Vi har ulike behov for nærleik Ein del av det store prosjektet som er å finne identiteten sin, blir for mange å finne ut kven dei elskar, om dei elskar, og i kva grad dei har behov for å ha andre tett på seg. Nokre går gjennom livet og treng stadfesting frå andre for å kunne føle at dei er noko. Andre går gjennom livet utan å ha nokon livspartnar eller kjærast, og utan noko ønske om å få det.
28
SAMFUNNSFAG 9 FRÅ CAPPELEN DAMM
Kjærleik og seksualitet
Så fint å vere forelska! Så godt det kan gjere å vere så viktig for eit anna menneske!