KRLE 8 frå Cappelen Damm Grunnbok (kapittel 1)

Page 1

KRLE

frå CAPPELEN DAMM

Grunnbok

Marius Timmann Mjaaland Kristian Borgen Stensgård Solbjørg Øvretveit

8
Nynorsk

Temaer i KRLE 8–10

KRLE 8

Kristendom og kulturarv

Heilage hus, stader og tekstar Filosofi og etikk

KRLE 9

Høgtider og tradisjonar Å leve saman Mangfald og miljø

KRLE 10

Kritisk tenking

Livssyn og nyreligiøsitet Liv og død

Kristendom og kulturarv Marius Timmann Mjaaland Kristendom og kulturarv 6 Kva er kulturarv? 16 Martin Luther og reformasjonen 24 Arkitektur og kunst 28 Kunst og litteratur 30 Musikk 34 Heilage hus, stader og tekstar Kristian Borgen Stensgård Religiøse bygningar 40 Kyrkjer 41 Moskéar 56 Synagogar 60 Tempel 68 Heilage tekstar 78 Bønn 98 Filosofi og etikk Solbjørg Øvretveit Filosofi og etikk 104 Kva er filosofi og etikk? 108 Kva er etikk og moral? 110 Kierkegaard og Sartre 116 Dei greske filosofane – dydsetikk 124 Immanuel Kant – pliktetikk 130 John Stuart Mill – konsekvensetikk 132
Religion har vore med på å forme og prege kulturen på mange ulike måtar som ikkje nødvendigvis har med tru å gjere. Kristendom og kulturarv

Kristendom og kulturarv

Det var ein varm sommarkveld, og heile fotballaget var samla på klubbhuset. Marte, som var trenar for jentelaget, hadde invitert både jentene og gutane til å sjå VM-kampen mellom Brasil og Portugal. Idet spissen til Brasil heada inn det første målet, eksploderte det på stadion, og alle spelarane kom springande bort for å gratulere, men spissen reiv seg laus, korsa seg og løfta armane og blikket mot himmelen. Publikum jubla, og dei andre spelarane kasta seg over han.

– Kvifor gjorde han det? spurde Embla.

– Målet var jo ferdig skåra, sa Johannes. – Han måtte berre setje han inn.

– Ikkje det, sa Embla. – Kvifor gjorde han det teiknet?

Og kvifor løfta han armane mot himmelen?

– Fordi han er best, sa Johannes. – Han er jo heilt konge, derfor strekkjer han armane i vêret.

krusifiks – eit kors med kristusfigur

– Han korsa seg, sa Marina. – Det gjer vi kvar søndag. Og elles òg. I kyrkja, eller heime framfor krusifikset.

Handa hennar strauk over korset ho hadde hengande rundt halsen.

– Vi gjer det før vi et òg. Då betyr det ganske enkelt takk. Takk for maten.

– Du er jo frå Polen, sa ein av dei andre. – Er du ikkje katolikk?

KRLE 8 FRÅ CAPPELEN DAMM6 1

– Jo, det stemmer at vi er katolikkar. Det er dei fleste spelarane på Brasils lag òg. Dei fleste kristne i verda er faktisk katolikkar, over ein milliard, trur eg. – Å korse seg er som ei kort bønn.

– Det gjer jo mange av spelarane, braut Thomas inn.

– Dei korsar seg når dei går på banen, eller viss dei skårar.

Å korse seg

er som ei kort bønn.

KAPITTEL 1 KRISTENDOM OG KULTURARV 7

- Har du sett nokon korse seg på fotballbanen eller i ein annan samanheng?

Å korse seg er å gjere korsteiknet. Det blir gjort ved at ein bevegar handa slik at ein teiknar eit kors i lufta. Når presten gjer dette i kyrkja, pleier han eller ho samtidig å seie Herren velsigne deg og verne deg ... Dette er ei velsigning og ei bønn om at Gud skal vere med deg overalt kvar du går.

KRLE 8 FRÅ CAPPELEN DAMM8 1

Korset og kulturarven

Kulturarven handlar om alt vi har arva frå tidlegare generasjonar: bygningar, namn og lover, men også songar, symbol, mat, kunst, forteljingar, verdiar og tru. Kristendommen er ein viktig del av kulturarven i Noreg og heile Europa. I dette kapittelet skal vi sjå på korleis ulike delar av kulturen og samfunnet er prega av den kristne kulturarven. Korset finn vi i flagget, men også i kyrkjene – og kanskje på fotballbanen? Heilagdagane har ofte med kristne høgtider å gjere, og pilegrimsvandring er ein gammal arv som no har dukka opp igjen. Mot slutten av kapittelet skal vi sjå korleis den kristne kulturarven kjem til syne i arkitektur og litteratur, kunst og musikk.

kulturarv – all den kulturen vi har arva frå generasjonane før oss

pilegrimsvandring – vandring til eit religiøst mål, ein heilag stad

9KAPITTEL 1 KRISTENDOM OG KULTURARV

Kva er eigentleg korset eit symbol på? Det finst nesten overalt, men det verkar som det kan bety ganske ulike ting. Vi ser det i dødsannonsar og på kyrkjegardar. Vi finn det i kyrkjer og på fjelltoppar. Det heng rundt halsen på youtubarar og fotballspelarar, og så er det dette korsteiknet som kan gjerast med ei enkel handrørsle. Det kan bety takk, det kan bety bønn, det kan bety velsigning, og ganske mykje meir.

KRLE 8 FRÅ CAPPELEN DAMM10 1

Korset kan uttrykkje erfaringar og kjensler, sorg og håp, tru eller tvil. Samtidig uttrykkjer korset for kristne kanskje det mest grunnleggjande mysteriet i kristendommen, inkarnasjonen. Med inkarnasjonen meiner vi at Gud blei menneske i Jesus Kristus, og at korset ikkje berre er teiknet på død, men at døden er overvunnen. Dette er den eigentlege betydninga når korset blir teikna. Alt dette er ein del av kulturarven. Kristendommen er ein viktig del av kulturarven i store delar av verda, og han er ein viktig del av kulturarven i Noreg.

Korset kan uttrykkje erfaringar og kjensler, sorg og håp, tru eller tvil.

inkarnasjon –i kristendommen blir inkarnasjon brukt om det at Gud blei menneske gjennom Jesus

KAPITTEL 1 KRISTENDOM OG KULTURARV 11

Kultur og samfunn er forma av arven Ser ein på korset som symbol, så handlar det om liv og død. Det handlar om død, fordi korset blei brukt for å avrette dei som var dømte til døden. Men for dei kristne handla det også om oppstoda frå dei døde. I historia om Jesus som døydde på korset, er det ikkje døden som er det viktigaste. I den kristne trua er det Jesu oppstode som er det viktigaste. Dette har påverka kva ein tenkjer om liv og død i store delar av verda.

Mange som veks opp i Europa og Amerika i dag, men også i Australia og store delar av Afrika og Asia, er prega av den kristne arven – anten dei er døypte eller ikkje, anten dei reknar seg som truande, tvilande eller ikkje-truande. På same måte har islam, buddhisme og hinduisme prega andre lands kultur, både blant dei som trur og dei som ikkje trur.

KRLE 8 FRÅ CAPPELEN DAMM12 1

I ei gravferd kan dei sørgjande stå i ring rundt kista når ho blir senka ned i grava. Så blir velsigninga lyst, kanskje syng dei ein salme, og mange græt. Alle symbola knytte til jorda og grava er ein del av kristen kulturarv. Men når presten til slutt velsignar dei sørgjande og gjer korsteiknet, er det også eit teikn på håp fordi Jesus ifølgje den kristne tru stod opp frå dei døde. Korsteiknet uttrykkjer håpet om å treffast igjen på den andre sida av døden, som det står i Biblelen, «eit liv i den kommande verda».

Nesten ein tredel av jordas befolkning blir rekna som kristne eller tilhøyrer eit kyrkjesamfunn (ca. 2,4 mrd. i 2022). Kulturen og samfunnet har vore forma av kristen tenking og kristne symbol og verdiar gjennom hundrevis av år. Vi finn det igjen i filosofi og litteratur, i filmar, forteljingar og sosiale medium. Vi møter det i popmusikk og klassisk musikk, men også i bygningar, historie, verdiar og lover.

å lyse ei velsigning –å ønskje nokon Guds omsorg og nåde med teikn og/eller ord

KAPITTEL 1 KRISTENDOM OG KULTURARV 13

I Noreg og resten av Skandinavia skjedde det ei gradvis endring for omtrent tusen år sidan, då samfunnet gjekk frå norrøn religion og mytologi (tilbeding av Tor og Odin) til kristen tru. Det norrøne samfunnet bygde på andre verdiar enn kristendommen. Det hende at folk sette små barn ut for å døy viss dei ikkje hadde moglegheit til å ta vare på dei. Etter at kristendommen blei innført i Noreg, blei dette etter kvart forbode ved lov. Ifølgje Bibelen er alle menneske skapte i Guds bilete. Dette har blitt ein grunnleggjande verdi. Her kan vi sjå at kristendommen har bidrege til å endre verdiar og lover på ein måte som kjem til uttrykk i samfunnet vårt fram til i dag.

Det norrøne samfunnet bygde på andre verdiar og andre førestillingar om Gud og menneske enn kristendommen.

14 1

1 Marina er katolikk. Kva veit du om katolisismen? Kan du finne litt meir informasjon om han på internett? Diskuter med ein medelev og bli samde om fire viktige setningar.

2 I teksten snakkar Marina om å korse seg. Kva vil det seie? Søk opp «korsteiknet» på nettet. Fortel eller skriv ned nokre setningar som forklarar kva det er.

3 På side 9 står nokre døme på kulturarv. Kan du komme på endå fleire?

4 K jem du på noko i ditt liv som du tenkjer er døme på kulturarv? Bruk dine eigne døme eller noko frå teksten som hjelp.

5 Heilagdagar har ofte med høgtidene vi feirar, å gjere. Skriv ned namn på høgtider og heilagdagar og finn ut kvifor vi markerer desse.

6 Har du nokon gong vore i ei kyrkje, eller stått utanfor ei? Kva var spesielt med ho? Gi fleire døme.

7 Kyrkja er ein del av den norske kulturarven. Diskuter med ein medelev om påstanden stemmer, og kom med argument for og imot.

8 Kva er velsigning? Bruk eit døme for å forklare.

9 Korset blir beskrive som eit symbol. Kva er eit symbol? Kan du gi døme på fleire kristne symbol?

10 På kva måte kan vi merke den kristne kulturarven i Noreg? Diskuter med ein medelev og skriv ned minst to døme.

11 Søk opp dei ti boda. Synest du nokon av boda framleis er viktige? Forklar kvifor.

12 Finn ein film eller eit dataspel du meiner har spor av kristen kulturarv, og forklar kva som knyter desse til kristendommen.

KAPITTEL 1 KRISTENDOM OG KULTURARV 1515 Oppgåver
KRLE 8 FRÅ CAPPELEN DAMM16 1

Kva er kulturarv?

Kulturarv er all den kulturen vi har arva frå generasjonane før oss. Kristendommen har vore viktig for norsk kulturarv dei siste tusen åra. Denne arven stikk djupare i kulturen enn meiningane og oppfatningane til kvart enkelt menneske. Kristendommen som kulturarv har ikkje berre betydning for kristne. Gudstru kan vere eit viktig spørsmål for mange, men det er ikkje så viktig for kulturarven, og det å tru treng ikkje vere ein viktig del av det vi kallar «religion». Nokre gonger er det å følgje ein bestemt praksis viktigare enn å tru.

Kulturarven stikk

djupare i kulturen enn meiningane og oppfatningane til kvart enkelt menneske.

KAPITTEL 1 KRISTENDOM OG KULTURARV 17

religionsvitskap

– historisk og samfunnsvitskapleg fag som utforskar religionar

Dei som er ekspertar på religionsvitskap, har ikkje greidd å bli samde om ein felles definisjon på religion. Men i alle land og kulturar er religion ein viktig del av kulturarven. Han har vore med på å forme kulturen på mange ulike måtar som ikkje nødvendigvis har med tru å gjere. Ninian Smart, som har forska på kva religion er, og korleis han påverkar samfunnet, har laga ei liste over kva vi kan sjå på for å forstå ein religion:

1

2

R itual og symbol – til dømes dåp eller å gjere korsteiknet

Forteljingar og mytar – til dømes historiene om Abraham, Moses, Maria og Jesus i Bibelen, men også i filmar, bøker og sosiale medium

3

Erfaringar og kjensler – til dømes når ein gler seg over musikk, eller kjenner seg skuldig for noko gale ein har gjort

4 Samfunn – til dømes kyrkja, som i seg sjølv er eit samfunn, men også skulen, som først blei organisert av kyrkja

5

6

Etikk og lover – til dømes dei ti boda og bodet om nestekjærleik

Filosofi og truslære – til dømes kva vi tenkjer om liv og død

7

Bygningar og konkrete ting – til dømes ei kyrkje, eit kunstverk eller gåver som blir gitt ved høgtider, som julegåver.

Smart skotsk religionshistorikar og forfattar

Alle dei sju punkta har med kulturarven å gjere. Bygningar er eitt døme på kulturarv (punkt 7). Kyrkjene, som står spreidde ut over landet, er døme på korleis kristendommen har prega den norske kulturarven.

Religion har vore med på å forme og prege kulturen på mange ulike måtar som ikkje nødvendigvis har med tru å gjere.
Ninian
1927–2001
KRLE 8 FRÅ CAPPELEN DAMM18 1

1 Kva er kulturarv? Kva er arv? Diskuter med ein medelev. Skriv deretter minst tre setningar.

2 Kva meiner du er den viktigaste kulturarven du har med deg frå besteforeldra og oldeforeldra dine? Grunngi svaret ditt.

3 Kva delar av kulturarven synest du er dei viktigaste å føre vidare til dei som kjem etter oss? Forklar kvifor.

4 Er det delar av kulturarven vår som er negativ? I så fall kva? Grunngi svaret ditt.

5 Kva er religionsvitskap?

6 Forklar kva skilnaden på meining og tru er. Kom med døme.

7 Kva er religion? Skriv minst tre setningar.

8 Ninian Smart har laga ei liste over kva vi kan sjå på for å forstå religion. Nemn tre punkt på lista og vis til døme.

9 Det første punktet på lista til Smart er ritual og symbol. Kva er eit ritual? Har du nokon ritual?

10 Kva synest du er det viktigaste punktet til Ninian Smart? Kvifor?

KAPITTEL 1 KRISTENDOM OG KULTURARV 1919 Oppgåver

Nidarosdomen og plassen til kristendommen i Noreg Viss du kjem til Trondheim i dag, får du raskt auge på Nidarosdomen. Hundretusen kjem for å sjå kyrkja kvart år. Historia om kyrkja og helgenen går tilbake til Olav Haraldsson, kongen som fekk æra for å ha kristna Noreg. Olav var hærførar, og i 1030 slost han mot bondehæren på Stiklestad. Det blei ein kamp på liv og død, og ifølgje Snorre var det Tore Hund som hogg Olav med sverdet så han døydde. Om Olav hadde vore ein mektig konge så lenge han levde, blei han kanskje endå viktigare etter at han var død. Snart følgde forteljingar om uforklarlege hendingar. Håret og neglene hans skal ha halde fram med å vekse etter at han var død, og sjuke skal ha blitt friske. Korleis skjedde dette? Var det fordi dei var i nærleiken av der han låg gravlagd? Eller nær der han døydde?

Snorre Sturlason islandsk høvding, historikar og diktar 1179–1241
KRLE 8 FRÅ CAPPELEN DAMM20 1

Kva var det som gjorde at kongen blei endå viktigare etter at han var død? Olav blei viktig på grunn av teikn og under. Jesus Kristus døydde i vanære på eit kors, men stod ifølgje kristendommen opp den tredje dagen og viste seg for disiplane sine. Då kongen døydde, blei undera tolka som teikn på at Gud hadde gitt Olav ei spesiell oppgåve for heile folket i nord. Han hadde redda folket sitt og blei rekna som helgen. Snart blei det reist ei kyrkje der Olav var gravlagd. Rundt 1070 bestemte kongen at det skulle byggjast ei større kyrkje, Kristkyrkja. Kristkyrkja er den eldste delen av Nidarosdomen i dag. Katedralen har brunne ned fleire gonger, men kvar gong har han blitt bygt opp igjen.

vanære – skam

helgen – ein person som blir rekna som heilag, og som har levd i ein spesiell nærleik til Gud

Vestfronten med skulpturane sine er hovudfasaden på Nidarosdomen.
Olav Haraldsson var kongen som fekk æra for å ha kristna Noreg.
KAPITTEL 1 KRISTENDOM OG KULTURARV 21

protestantismen – retning innanfor kristendommen som oppstod etter reformasjonen og brotet med den katolske kyrkja

Overgangen frå norrøn til kristen tru kom ikkje berre av krigane på slutten av vikingtida mellom kongar og høvdingar, men også av Olavs død. Arven frå Olav er også arven vår. Det er ein viktig del av kulturarven i Noreg. I 2030 blir dette feira med eit stort jubileum – tusen år etter at Olav døydde på Stiklestad. Men den kristne kulturarven er ikkje spesielt norsk. Tvert imot, det er denne arven som knyter oss til Europa og ei rekkje andre land i ulike delar av verda. Den kristne kulturarven er viktig for alle dei nordiske landa, men også for land som Tyskland, Italia, England, Etiopia, USA, Hellas og Ukraina – anten dei er katolske, ortodokse eller protestantiske.

Det er denne arven som knyter oss til Europa og ei rekkje andre land i ulike delar av verda.

KRLE 8 FRÅ CAPPELEN DAMM22 1

1 Kva er Nidarosdomen, og kvar i Noreg ligg han?

2 Finn eit eller fleire bilete av Nidarosdomen i boka og på nettet. Korleis vil du beskrive han? Skriv minst fire setningar.

3 Kva er ein helgen? Kan du gi døme på nokon norske helgenar?

4

Sjå på biletet øvst til venstre på side 21. Kven trur du statuane skal førestille?

5 Forklar med eigne ord kva som skjedde på Stiklestad i 1030.

6 Kvifor blei Olav viktigare etter at han var død? Kva skjedde med kroppen hans?

7 Etter at han var død, blei det reist ei kyrkje for Olav i 1070. Korleis er det vanleg å markere det når kjente personar døyr i dag?

8 Kvifor er ikkje den kristne kulturarven spesielt norsk?

9 Tre retningar innan kristendommen blir nemnde på side 22. Kva blir desse kalla? Kva retning innan kristendommen er mest vanleg i Noreg?

KAPITTEL 1 KRISTENDOM OG KULTURARV 2323 Oppgåver

Martin Luther og reformasjonen

avlatshandel –

å betale seg fri viss ein har synda eller gjort noko gale pilegrimsvandring

– å dra til ein stad som blir rekna som heilag i ein religion

Martin Luther var ein munk og teolog som levde i Tyskland på 1500-talet. Han meinte at mykje var feil i kyrkja på den tida. Luther reagerte på avlatshandelen. Avlatshandel betyr at kyrkja tok betaling når folk kom for å vedkjenne seg syndene sine. Han kritiserte også pilegrimsvandringane og at folk bad til helgenar. Kyrkja hadde gløymt at Gud sjølv ville tilgi menneska, meinte Luther. Luther påpeikte at Gud sjølv var kjærleik, og hans tilgiving og nåde kunne ein få gratis viss ein bad om det. Men i staden for å fortelje om Guds nåde hadde kyrkja sett opp masse bod og reglar som folk måtte følgje. Luther sa tydeleg frå om kva han meinte om både reglane, helgendyrkinga og avlatshandelen.

Han skulda paven for å vere ein løgnar. Han risikerte livet for det han trudde på, og blei kasta ut av kyrkja. Den endringa som Martin Luther sette i gang, og som førte til eit brot med den katolske kyrkja, kallar vi for reformasjonen. Det er på grunn av Martin Luther vi har ei luthersk kyrkje i Noreg i dag. Mykje har endra seg sidan 1500-talet, men dei fleste kristne i Noreg høyrer til den evangelisk-lutherske kyrkja. Det greske ordet evangelium betyr ganske enkelt «god bodskap». Martin Luther meinte at dette evangeliet var det viktigaste menneske treng å vite om til alle tider: At Gud elskar dei i livet og i døden.

«Det gjeld å finne ei sanning som gjeld for deg, ei sanning du kan leve og døy for.»
— Søren Kierkegaard
1483–1546
KRLE 8 FRÅ CAPPELEN DAMM24 1

Etter at reformasjonen blei innført i Noreg i 1536, blei det ganske snart slutt på pilegrimsreiser. Då den danske kongen bestemte at Danmark og Noreg skulle reformerast, forbaud han folket å be til helgenar og å dra på pilegrimsvandring. Olav den Heilage skulle i alle fall ikkje haldast i ære, for kongen sat i København og styrte Noreg og Danmark. Kongens menn prøvde å fjerne kista til Olav den Heilage.

Kyrkja heldt fram arbeidet sitt med skular, og i Noreg blei det no skular for alle, eigentleg fordi folk skulle bli konfirmerte og lære om kristendommen. Luther hadde omsett Det nye testamentet til tysk, og etter kvart blei Bibelen omsett til mange språk. Dermed fekk barna også lære å lese og skrive på sitt eige språk, morsmålet sitt. Dei lærte også matematikk. Snart fanst det skular for barn i Noreg, og i 1736 blei det innført konfirmasjon og i 1739 allmenn skulegang. Men under reformasjonen blei det også store endringar i korleis folk tilbad Gud, og det var ein del ting som forsvann: bruk av røykjelse, helgenar, stearinlys og pilgrimsreiser.

Då den danske kongen bestemte at Danmark og Noreg skulle reformerast, forbaud han folket å be til helgenar og dra på pilegrimsvandring.
KAPITTEL 1 KRISTENDOM OG KULTURARV 25

salme – religiøs song som blir brukt i kyrkjer og synagogar

For dei fattige blei det oppretta ei fattigkasse. Det var kanskje byrjinga på velferdsstaten. I kyrkjene kom det preiker på norsk kvar søndag, ikkje på latin, som var vanleg før. Luther var oppteken av at folk skulle forstå evangeliet. Det blei meir song i kyrkjene. Det var alltid song i gudstenesta, og det blei skrive ei mengd nye salmar. Mange av dei finn vi framleis i salmeboka. Døme på nokre kjente salmar er «Herre Gud, ditt dyre namn og ære». Han blei skriven av Petter Dass og står som første salme i salmeboka. Ein annan er ein påskesalme: «Deg vere ære, Herre over dødens makt». Han handlar om korleis kvinnene møter Jesus i hagen etter at han er stått opp frå dei døde. Eit tredje døme blir sunge til jul og heiter «Fager er jordi».

Petter Dass
norsk teolog og diktar
Luther var oppteken av at folk skulle forstå evangeliet.
1647–1707
KRLE 8 FRÅ CAPPELEN DAMM26 1

1 Martin Luther var både munk og teolog. Søk på nettet og forklar kva munk og teolog er.

2 Kvifor var Luther kritisk til kyrkja?

3 Skriv ein kort tekst om kva reformasjonen var. Fortel kva du har skrive til ein medelev.

4 Korleis har Martin Luther påverka kulturarven i Noreg?

5 Korleis endra synet på helgenar seg, som til dømes Olav den Heilage?

6 På kva måtar endra den kristne praksisen seg?

7 Kva er evangeliet? Kvifor var det så viktig at det skulle bli forstått?

8 K jenner du til nokon salmar? Skriv ned titlane.

9 Kven var Petter Dass? Skriv minst fire setningar, og samanlikn det du har funne ut, med det ein medelev har komme fram til.

10 Kvifor er salmar og songar viktige delar av gudstenesta, trur du? Grunngi svaret ditt.

11 Viss du skulle starta ein reformasjon i dagens samfunn, kva hadde du ønskt å endre på?

12 På side 24 står det eit sitat av Søren Kierkegaard. Kva trur du han meinte med dette?

Oppgåver

KAPITTEL 1 KRISTENDOM OG KULTURARV 2727

Arkitektur og kunst

Kyrkja som stad for kultur, forteljingar og erfaring I gamle kyrkjer, som Nidarosdomen, er det mykje historie. Det finst også heilt nye kyrkjer som fortel historier på ein ny måte, slik som Nordlyskatedralen i Alta. Han stod ferdig i 2013, og heile kyrkja reflekterer nordlyset.

I Nordlyskatedralen finst det ein stor stige som strekkjer seg opp mot lyset og himmelen. I Første Mosebok, kapittel 28, blir det fortalt at Jakob drøymde om ein stige der englane gjekk opp og ned. Så kom Herren sjølv og gav han eit løfte om at heile jorda skulle velsignast i hans namn. I Alta er det nordlyset som blir ein slik stige opp til himmelen, som eit løfte om at folket i nord ikkje er gløymt av Gud. I gudstenesta syng ein iblant ein salme

katedral – ei stor hovudkyrkje
1 KRLE 8 FRÅ CAPPELEN DAMM28

om denne forteljinga: «Nærmare deg, min Gud.» På denne måten blir kyrkjerommet, gudstenesta, forteljingar, kjensler og erfaringar kopla saman. Jakobs draum kan også vere ein draum for i dag, og nordlyset kan minne om dette.

Heilt fremst i Nordlyskatedralen er det ein statue av Kristus på korset. Idet han døyr, vender han blikket opp mot himmelen og lyset. Dette kan tolkast som eit teikn på at Kristus sigrar over døden og dermed sigrar over det vonde. Statuen er altså eit kunstverk (punkt sju hos Ninian Smart), men det viser også til noko som er viktig i kristendommen: at Gud lèt det gode vinne over det vonde. Idet Jesus døyr på korset, er det eit teikn på at livet sigrar over døden.

Idet Jesus døyr på korset, er det eit teikn på at livet sigrar over døden.

KAPITTEL 1 KRISTENDOM OG KULTURARV 29

Kunst og litteratur

Løva og kampen mellom godt og vondt Alle dei eldste bygningane som er bevarte i Noreg, er kyrkjer. I Stavanger finn vi Domkyrkja frå tidleg på 1100-talet. I Oslo står Gamle Aker kyrkje frå ca. 1080. Begge er bygde i stein. Den aller eldste kyrkja er ei stavkyrkje bygd i tre, Urnes kyrkje i Sogn, opphavleg frå 1060–70.

Norske stavkyrkjer er kjente over heile verda for den spesielle arkitekturen sin. Stavane er utskorne stokkar eller pålar som står på høgkant. Slike stavar eller pålar fanst det også i dei gamle husa der vikingane budde. Pålane var sette opp til minne om dei døde, anten dei var høvdingar, formødrer eller forfedrar. Då kristendommen kom, blei korset forstått som ein slik påle, der Jesus – som i kristen tru blir rekna som kongen over kongane – var til stades på ein spesiell måte. Derfor var det alltid eit kors ved inngangen og på toppen av stavkyrkjene.

På fotoet til venstre ser du Stavanger domkyrkje.

KRLE 8 FRÅ CAPPELEN DAMM30 1

Løva var i vikingtida eit symbol på kongen, men i kristendommen er ho også eit symbol på Kristus.

I Urnes kyrkje finn vi utskorne figurar som drakar og monster. Dette er motiv som fanst i norrøn mytologi, som vikingane trudde på, og som har blitt teke inn i dei kristne bileta. Løva var i vikingtida eit symbol på kongen, men i kristendommen er ho også eit symbol på Kristus. Dermed blir den kristne kulturarven voven saman med den norrøne mytologien.

I Narnia-bøkene av C. S. Lewis er løva brukt som symbol på Jesus. Løva er den gode herskaren som blir drepen, og som står opp igjen frå dei døde. Dette kan tolkast som eit bilete på Jesu død og oppstode. Forfattaren C.S. Lewis gir løva ei viktig rolle i kampen mellom det gode og det vonde.

Urnes kyrkje i Sogn, opphavleg frå 1060–70. C.S. Lewis britisk forfattar
1898–1963
KAPITTEL 1 KRISTENDOM OG KULTURARV 31

Grunnlova og løva som symbol på kongeriket Løva blir også brukt som symbol på kongeriket Noreg. Kristendommen er viktig for kongehuset si historie. For kong Harald og far hans, kong Olav, blei andre verdskrigen ei viktig påminning om at kampen mellom godt og vondt ikkje forsvinn. I kongens teneste for landet inngår kristendommen som ein naturleg del. Dette gjeld både historisk og i dag. Då Grunnlova blei endra i 2014 fordi kyrkja ikkje lenger var statskyrkje, bad kongen Stortinget om å la paragraf 4 bli ståande i Grunnlova. Han knyter kongehuset til «evangelisk-luthersk tru». Det er framleis veldig mykje som knyter staten og kyrkja saman, særleg lovene og kulturarven. Kristendommen og humanismen dannar saman eit viktig grunnlag for lovene i Noreg. I offentlege talar understrekar kongen at det er rom for andre historier og anna tru, for menneske av ulik bakgrunn og legning. I 2030 skal tusenårsjubileet for Olav den Heilage feirast. Dette er eit døme på at kristendommen framleis er ein del av kulturarven vår.

Noregs riksvåpen viser ei løve med ei øks. Symbolet har røter heilt tilbake til 1200-talet. Øksa er symbolet for Olav den Heilage, og løva viser til Kristus som konge og førebilete for kongehusa i Europa i mellomalderen. Også dei norske kongane brukte dette symbolet fordi dei ville vise at dei tilhøyrde den kristne sivilisasjonen i Europa. Løva er framleis eit symbol på makt, men i riksvåpenet finst det også mange andre symbol. I denne symbolikken kan vi lese mykje om kva som har forma den norske staten.

I Grunnlova § 2 blir Statens verdigrunnlag knytt til den religiøse og kulturelle arven: «Verdigrunnlaget skal framleis vere den kristne og humanistiske arven vår. Denne grunnlova skal tryggje demokratiet, rettsstaten og menneskerettane.»

KRLE 8 FRÅ CAPPELEN DAMM32 1
33KAPITTEL 1 KRISTENDOM OG KULTURARV

Musikk

Kristendom i populærkulturen

Den klassiske musikken som blei skriven av Bach og Händel, blir gjerne kalla for kyrkjemusikk og blir spela på orgel i kyrkja og elles i konsertsalar. Hos Bach syng kora gjerne frå evangelia og dramatiserer Jesu lidingshistorie. I stykka av Händel jublar dei over oppstoda, og ho har blitt ein viktig del av den kristne kulturarven.

1685–1750
KRLE 8 FRÅ CAPPELEN DAMM34 1

Dei afrikansk-amerikanske slavane drøymde om fridom mens dei song om Moses og israelsfolket som blei frelste frå undertrykkinga i Egypt.

Dei afrikansk-amerikanske slavane drøymde om fridom mens dei song om Moses og israelsfolket som blei frelste frå undertrykkinga i Egypt. Nokre av slavane brukte musikken til trøyst og håp om at Gud ein dag skulle la dei få fridom og rettferd. Sjølv om dei hadde det vondt, uttrykte songane eit håp og ei bønn om at det gode ein dag ville sigre over vondskap og undertrykking.

Fleire R&B-musikarar syng om eiga tru. I USA og mange andre land er det vanlegare enn i Noreg å syngje om det ein trur på. Der er det også mange fleire som snakkar offentleg om trua si, enn det er i Noreg.

Georg Friedrich Händel tysk komponist Justin Bieber og Kendrick Lamar er begge musikarar som snakkar ope om trua si.
1685–1759
KAPITTEL 1 KRISTENDOM OG KULTURARV 35
KRLE 8 FRÅ CAPPELEN DAMM36 1

1 Sjå på illustrasjonane på s. 36. Tenk deg at du var ein pilegrim, og beskriv kva du såg, og korleis det var å komme fram til Nidarosdomen etter mange dagar med vandring. Du kan skrive anten ei forteljing, eit rollespel eller eit dikt.

2 Jakob hadde ein spesiell draum. Kva handla han om, og kva skjedde etterpå?

3 Kva er høvdingar, formødrer og forfedrar? Finn informasjon og skriv ned eller fortel for ein medelev.

4 Kva symboliserte løva for vikingane, og for dei kristne? Kvifor trur du akkurat løva har vore eit viktig symbol?

5 På kva måte er staten og kyrkja framleis knytte saman?

6 Viss du kunne velje, kva for dyr og reiskap ville du hatt i det norske riksvåpenet? Forklar kvifor.

7 Har du høyrt nokon songar der det blir sunge om Gud eller tru? Søk opp teksten på nettet og skriv nokre døme frå songane.

8 Kvifor trur du det er mindre vanleg å lage songar om trua si i Noreg? Grunngi svaret ditt.

9 Kva handlar § 2 i Grunnlova om?

10 Finn ut kva som står i § 4 i Grunnlova.

KAPITTEL 1 KRISTENDOM OG KULTURARV 3737 Oppgåver
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.