7 minute read

Kristendom og kulturarv

krusifiks – eit kors med kristusfigur Det var ein varm sommarkveld, og heile fotballaget var samla på klubbhuset. Marte, som var trenar for jentelaget, hadde invitert både jentene og gutane til å sjå VM-kampen mellom Brasil og Portugal. Idet spissen til Brasil heada inn det første målet, eksploderte det på stadion, og alle spelarane kom springande bort for å gratulere, men spissen reiv seg laus, korsa seg og løfta armane og blikket mot himmelen. Publikum jubla, og dei andre spelarane kasta seg over han. – Kvifor gjorde han det? spurde Embla. – Målet var jo ferdig skåra, sa Johannes. – Han måtte berre setje han inn. – Ikkje det, sa Embla. – Kvifor gjorde han det teiknet? Og kvifor løfta han armane mot himmelen? – Fordi han er best, sa Johannes. – Han er jo heilt konge, derfor strekkjer han armane i vêret. – Han korsa seg, sa Marina. – Det gjer vi kvar søndag. Og elles òg. I kyrkja, eller heime framfor krusifikset.

Handa hennar strauk over korset ho hadde hengande rundt halsen. – Vi gjer det før vi et òg. Då betyr det ganske enkelt takk. Takk for maten. – Du er jo frå Polen, sa ein av dei andre. – Er du ikkje katolikk?

– Jo, det stemmer at vi er katolikkar. Det er dei fleste spelarane på Brasils lag òg. Dei fleste kristne i verda er faktisk katolikkar, over ein milliard, trur eg. – Å korse seg er som ei kort bønn. – Det gjer jo mange av spelarane, braut Thomas inn. – Dei korsar seg når dei går på banen, eller viss dei skårar.

Å korse seg er som ei kort bønn.

-Har du sett nokon korse seg på fotballbanen eller i ein annan samanheng?

Å korse seg er å gjere korsteiknet. Det blir gjort ved at ein bevegar handa slik at ein teiknar eit kors i lufta. Når presten gjer dette i kyrkja, pleier han eller ho samtidig å seie Herren velsigne deg og verne deg ... Dette er ei velsigning og ei bønn om at Gud skal vere med deg overalt kvar du går.

Korset og kulturarven Kulturarven handlar om alt vi har arva frå tidlegare generasjonar: bygningar, namn og lover, men også songar, symbol, mat, kunst, forteljingar, verdiar og tru. Kristendommen er ein viktig del av kulturarven i Noreg og heile Europa. I dette kapittelet skal vi sjå på korleis ulike delar av kulturen og samfunnet er prega av den kristne kulturarven. Korset finn vi i flagget, men også i kyrkjene – og kanskje på fotballbanen? Heilagdagane har ofte med kristne høgtider å gjere, og pilegrimsvandring er ein gammal arv som no har dukka opp igjen. Mot slutten av kapittelet skal vi sjå korleis den kristne kulturarven kjem til syne i arkitektur og litteratur, kunst og musikk.

kulturarv – all den kulturen vi har arva frå generasjonane før oss

pilegrimsvandring – vandring til eit religiøst mål, ein heilag stad

Kva er eigentleg korset eit symbol på? Det finst nesten overalt, men det verkar som det kan bety ganske ulike ting. Vi ser det i dødsannonsar og på kyrkjegardar. Vi finn det i kyrkjer og på fjelltoppar. Det heng rundt halsen på youtubarar og fotballspelarar, og så er det dette korsteiknet som kan gjerast med ei enkel handrørsle. Det kan bety takk, det kan bety bønn, det kan bety velsigning, og ganske mykje meir.

Korset kan uttrykkje erfaringar og kjensler, sorg og håp, tru eller tvil. Samtidig uttrykkjer korset for kristne kanskje det mest grunnleggjande mysteriet i kristendommen, inkarnasjonen. Med inkarnasjonen meiner vi at Gud blei menneske i Jesus Kristus, og at korset ikkje berre er teiknet på død, men at døden er overvunnen. Dette er den eigentlege betydninga når korset blir teikna.

Alt dette er ein del av kulturarven. Kristendommen er ein viktig del av kulturarven i store delar av verda, og han er ein viktig del av kulturarven i Noreg.

Korset kan uttrykkje erfaringar og kjensler, sorg og håp, tru eller tvil.

inkarnasjon – i kristendommen blir inkarnasjon brukt om det at Gud blei menneske gjennom Jesus

Kultur og samfunn er forma av arven Ser ein på korset som symbol, så handlar det om liv og død. Det handlar om død, fordi korset blei brukt for å avrette dei som var dømte til døden. Men for dei kristne handla det også om oppstoda frå dei døde. I historia om Jesus som døydde på korset, er det ikkje døden som er det viktigaste. I den kristne trua er det Jesu oppstode som er det viktigaste. Dette har påverka kva ein tenkjer om liv og død i store delar av verda.

Mange som veks opp i Europa og Amerika i dag, men også i Australia og store delar av Afrika og Asia, er prega av den kristne arven – anten dei er døypte eller ikkje, anten dei reknar seg som truande, tvilande eller ikkje-truande. På same måte har islam, buddhisme og hinduisme prega andre lands kultur, både blant dei som trur og dei som ikkje trur.

I ei gravferd kan dei sørgjande stå i ring rundt kista når ho blir senka ned i grava. Så blir velsigninga lyst, kanskje syng dei ein salme, og mange græt. Alle symbola knytte til jorda og grava er ein del av kristen kulturarv. Men når presten til slutt velsignar dei sørgjande og gjer korsteiknet, er det også eit teikn på håp fordi Jesus ifølgje den kristne tru stod opp frå dei døde. Korsteiknet uttrykkjer håpet om å treffast igjen på den andre sida av døden, som det står i Biblelen, «eit liv i den kommande verda».

Nesten ein tredel av jordas befolkning blir rekna som kristne eller tilhøyrer eit kyrkjesamfunn (ca. 2,4 mrd. i 2022). Kulturen og samfunnet har vore forma av kristen tenking og kristne symbol og verdiar gjennom hundrevis av år. Vi finn det igjen i filosofi og litteratur, i filmar, forteljingar og sosiale medium. Vi møter det i popmusikk og klassisk musikk, men også i bygningar, historie, verdiar og lover.

å lyse ei velsigning – å ønskje nokon Guds omsorg og nåde med teikn og/eller ord

I Noreg og resten av Skandinavia skjedde det ei gradvis endring for omtrent tusen år sidan, då samfunnet gjekk frå norrøn religion og mytologi (tilbeding av Tor og Odin) til kristen tru. Det norrøne samfunnet bygde på andre verdiar enn kristendommen. Det hende at folk sette små barn ut for å døy viss dei ikkje hadde moglegheit til å ta vare på dei. Etter at kristendommen blei innført i Noreg, blei dette etter kvart forbode ved lov. Ifølgje Bibelen er alle menneske skapte i Guds bilete. Dette har blitt ein grunnleggjande verdi. Her kan vi sjå at kristendommen har bidrege til å endre verdiar og lover på ein måte som kjem til uttrykk i samfunnet vårt fram til i dag.

Det norrøne samfunnet bygde på andre verdiar og andre førestillingar om Gud og menneske enn kristendommen.

1 Marina er katolikk. Kva veit du om katolisismen? Kan du finne litt meir informasjon om han på internett? Diskuter med ein medelev og bli samde om fire viktige setningar. 2 I teksten snakkar Marina om å korse seg. Kva vil det seie? Søk opp «korsteiknet» på nettet. Fortel eller skriv ned nokre setningar som forklarar kva det er. 3 På side 9 står nokre døme på kulturarv. Kan du komme på endå fleire? 4 Kjem du på noko i ditt liv som du tenkjer er døme på kulturarv? Bruk dine eigne døme eller noko frå teksten som hjelp. 5 Heilagdagar har ofte med høgtidene vi feirar, å gjere. Skriv ned namn på høgtider og heilagdagar og finn ut kvifor vi markerer desse. 6 Har du nokon gong vore i ei kyrkje, eller stått utanfor ei? Kva var spesielt med ho? Gi fleire døme. 7 Kyrkja er ein del av den norske kulturarven. Diskuter med ein medelev om påstanden stemmer, og kom med argument for og imot. 8 Kva er velsigning? Bruk eit døme for å forklare. 9 Korset blir beskrive som eit symbol. Kva er eit symbol? Kan du gi døme på fleire kristne symbol? 10 På kva måte kan vi merke den kristne kulturarven i Noreg? Diskuter med ein medelev og skriv ned minst to døme. 11 Søk opp dei ti boda. Synest du nokon av boda framleis er viktige? Forklar kvifor. 12 Finn ein film eller eit dataspel du meiner har spor av kristen kulturarv, og forklar kva som knyter desse til kristendommen.