3 minute read

Kunst og litteratur

Løva og kampen mellom godt og vondt Alle dei eldste bygningane som er bevarte i Noreg, er kyrkjer. I Stavanger finn vi Domkyrkja frå tidleg på 1100-talet. I Oslo står Gamle Aker kyrkje frå ca. 1080. Begge er bygde i stein. Den aller eldste kyrkja er ei stavkyrkje bygd i tre, Urnes kyrkje i Sogn, opphavleg frå 1060–70.

Norske stavkyrkjer er kjente over heile verda for den spesielle arkitekturen sin. Stavane er utskorne stokkar eller pålar som står på høgkant. Slike stavar eller pålar fanst det også i dei gamle husa der vikingane budde. Pålane var sette opp til minne om dei døde, anten dei var høvdingar, formødrer eller forfedrar. Då kristendommen kom, blei korset forstått som ein slik påle, der Jesus – som i kristen tru blir rekna som kongen over kongane – var til stades på ein spesiell måte. Derfor var det alltid eit kors ved inngangen og på toppen av stavkyrkjene.

På fotoet til venstre ser du Stavanger domkyrkje.

Urnes kyrkje i Sogn, opphavleg frå 1060–70.

Løva var i vikingtida eit symbol på kongen, men i kristendommen er ho også eit symbol på Kristus.

I Urnes kyrkje finn vi utskorne figurar som drakar og monster. Dette er motiv som fanst i norrøn mytologi, som vikingane trudde på, og som har blitt teke inn i dei kristne bileta. Løva var i vikingtida eit symbol på kongen, men i kristendommen er ho også eit symbol på Kristus. Dermed blir den kristne kulturarven voven saman med den norrøne mytologien.

I Narnia-bøkene av C. S. Lewis er løva brukt som symbol på Jesus. Løva er den gode herskaren som blir drepen, og som står opp igjen frå dei døde. Dette kan tolkast som eit bilete på Jesu død og oppstode. Forfattaren C.S. Lewis gir løva ei viktig rolle i kampen mellom det gode og det vonde.

C.S. Lewis britisk forfattar

1898–1963

Grunnlova og løva som symbol på kongeriket Løva blir også brukt som symbol på kongeriket Noreg. Kristendommen er viktig for kongehuset si historie. For kong Harald og far hans, kong Olav, blei andre verdskrigen ei viktig påminning om at kampen mellom godt og vondt ikkje forsvinn. I kongens teneste for landet inngår kristendommen som ein naturleg del. Dette gjeld både historisk og i dag. Då Grunnlova blei endra i 2014 fordi kyrkja ikkje lenger var statskyrkje, bad kongen Stortinget om å la paragraf 4 bli ståande i Grunnlova. Han knyter kongehuset til «evangelisk-luthersk tru». Det er framleis veldig mykje som knyter staten og kyrkja saman, særleg lovene og kulturarven. Kristendommen og humanismen dannar saman eit viktig grunnlag for lovene i Noreg. I offentlege talar understrekar kongen at det er rom for andre historier og anna tru, for menneske av ulik bakgrunn og legning. I 2030 skal tusenårsjubileet for Olav den Heilage feirast. Dette er eit døme på at kristendommen framleis er ein del av kulturarven vår.

Noregs riksvåpen viser ei løve med ei øks. Symbolet har røter heilt tilbake til 1200-talet. Øksa er symbolet for Olav den Heilage, og løva viser til Kristus som konge og førebilete for kongehusa i Europa i mellomalderen. Også dei norske kongane brukte dette symbolet fordi dei ville vise at dei tilhøyrde den kristne sivilisasjonen i Europa. Løva er framleis eit symbol på makt, men i riksvåpenet finst det også mange andre symbol. I denne symbolikken kan vi lese mykje om kva som har forma den norske staten.

I Grunnlova § 2 blir Statens verdigrunnlag knytt til den religiøse og kulturelle arven: «Verdigrunnlaget skal framleis vere den kristne og humanistiske arven vår. Denne grunnlova skal tryggje demokratiet, rettsstaten og menneskerettane.»

This article is from: