2 minute read

Musikk

Johann Sebastian Bach tysk komponist

1685–1750

Kristendom i populærkulturen Den klassiske musikken som blei skriven av Bach og Händel, blir gjerne kalla for kyrkjemusikk og blir spela på orgel i kyrkja og elles i konsertsalar. Hos Bach syng kora gjerne frå evangelia og dramatiserer Jesu lidingshistorie. I stykka av Händel jublar dei over oppstoda, og ho har blitt ein viktig del av den kristne kulturarven.

Dei afrikansk-amerikanske slavane drøymde om fridom mens dei song om Moses og israelsfolket som blei frelste frå undertrykkinga i Egypt.

Justin Bieber og Kendrick Lamar er begge musikarar som snakkar ope om trua si.

Dei afrikansk-amerikanske slavane drøymde om fridom mens dei song om Moses og israelsfolket som blei frelste frå undertrykkinga i Egypt. Nokre av slavane brukte musikken til trøyst og håp om at Gud ein dag skulle la dei få fridom og rettferd. Sjølv om dei hadde det vondt, uttrykte songane eit håp og ei bønn om at det gode ein dag ville sigre over vondskap og undertrykking.

Fleire R&B-musikarar syng om eiga tru. I USA og mange andre land er det vanlegare enn i Noreg å syngje om det ein trur på. Der er det også mange fleire som snakkar offentleg om trua si, enn det er i Noreg.

Georg Friedrich Händel tysk komponist

1685–1759

1 Sjå på illustrasjonane på s. 36. Tenk deg at du var ein pilegrim, og beskriv kva du såg, og korleis det var å komme fram til Nidarosdomen etter mange dagar med vandring. Du kan skrive anten ei forteljing, eit rollespel eller eit dikt.

2 Jakob hadde ein spesiell draum. Kva handla han om, og kva skjedde etterpå? 3 Kva er høvdingar, formødrer og forfedrar? Finn informasjon og skriv ned eller fortel for ein medelev. 4 Kva symboliserte løva for vikingane, og for dei kristne? Kvifor trur du akkurat løva har vore eit viktig symbol? 5 På kva måte er staten og kyrkja framleis knytte saman? 6 Viss du kunne velje, kva for dyr og reiskap ville du hatt i det norske riksvåpenet? Forklar kvifor. 7 Har du høyrt nokon songar der det blir sunge om Gud eller tru? Søk opp teksten på nettet og skriv nokre døme frå songane. 8 Kvifor trur du det er mindre vanleg å lage songar om trua si i Noreg? Grunngi svaret ditt. 9 Kva handlar § 2 i Grunnlova om? 10 Finn ut kva som står i § 4 i Grunnlova. Oppgåver

This article is from: