1 minute read

Arkitektur og kunst

Next Article
Kva er kulturarv?

Kva er kulturarv?

katedral – ei stor hovudkyrkje Kyrkja som stad for kultur, forteljingar og erfaring I gamle kyrkjer, som Nidarosdomen, er det mykje historie. Det finst også heilt nye kyrkjer som fortel historier på ein ny måte, slik som Nordlyskatedralen i Alta. Han stod ferdig i 2013, og heile kyrkja reflekterer nordlyset.

I Nordlyskatedralen finst det ein stor stige som strekkjer seg opp mot lyset og himmelen. I Første Mosebok, kapittel 28, blir det fortalt at Jakob drøymde om ein stige der englane gjekk opp og ned. Så kom Herren sjølv og gav han eit løfte om at heile jorda skulle velsignast i hans namn. I Alta er det nordlyset som blir ein slik stige opp til himmelen, som eit løfte om at folket i nord ikkje er gløymt av Gud. I gudstenesta syng ein iblant ein salme

om denne forteljinga: «Nærmare deg, min Gud.» På denne måten blir kyrkjerommet, gudstenesta, forteljingar, kjensler og erfaringar kopla saman. Jakobs draum kan også vere ein draum for i dag, og nordlyset kan minne om dette.

Heilt fremst i Nordlyskatedralen er det ein statue av Kristus på korset. Idet han døyr, vender han blikket opp mot himmelen og lyset. Dette kan tolkast som eit teikn på at Kristus sigrar over døden og dermed sigrar over det vonde. Statuen er altså eit kunstverk (punkt sju hos Ninian Smart), men det viser også til noko som er viktig i kristendommen: at Gud lèt det gode vinne over det vonde. Idet Jesus døyr på korset, er det eit teikn på at livet sigrar over døden.

Idet Jesus døyr på korset, er det eit teikn på at livet sigrar over døden.

This article is from: