4 minute read

Martin Luther og reformasjonen

avlatshandel – å betale seg fri viss ein har synda eller gjort noko gale pilegrimsvandring – å dra til ein stad som blir rekna som heilag i ein religion Martin Luther var ein munk og teolog som levde i Tyskland på 1500-talet. Han meinte at mykje var feil i kyrkja på den tida. Luther reagerte på avlatshandelen. Avlatshandel betyr at kyrkja tok betaling når folk kom for å vedkjenne seg syndene sine. Han kritiserte også pilegrimsvandringane og at folk bad til helgenar. Kyrkja hadde gløymt at Gud sjølv ville tilgi menneska, meinte Luther. Luther påpeikte at Gud sjølv var kjærleik, og hans tilgiving og nåde kunne ein få gratis viss ein bad om det. Men i staden for å fortelje om Guds nåde hadde kyrkja sett opp masse bod og reglar som folk måtte følgje. Luther sa tydeleg frå om kva han meinte om både reglane, helgendyrkinga og avlatshandelen.

Han skulda paven for å vere ein løgnar. Han risikerte livet for det han trudde på, og blei kasta ut av kyrkja. Den endringa som Martin Luther sette i gang, og som førte til eit brot med den katolske kyrkja, kallar vi for reformasjonen. Det er på grunn av Martin Luther vi har ei luthersk kyrkje i Noreg i dag. Mykje har endra seg sidan 1500-talet, men dei fleste kristne i Noreg høyrer til den evangelisk-lutherske kyrkja. Det greske ordet evangelium betyr ganske enkelt «god bodskap». Martin Luther meinte at dette evangeliet var det viktigaste menneske treng å vite om til alle tider: At Gud elskar dei i livet og i døden.

Martin Luther tysk teolog

1483–1546

«Det gjeld å finne ei sanning som gjeld for deg, ei sanning du kan leve og døy for.»

— Søren Kierkegaard

Då den danske kongen bestemte at Danmark og Noreg skulle reformerast, forbaud han folket å be til helgenar og dra på pilegrimsvandring.

Etter at reformasjonen blei innført i Noreg i 1536, blei det ganske snart slutt på pilegrimsreiser. Då den danske kongen bestemte at Danmark og Noreg skulle reformerast, forbaud han folket å be til helgenar og å dra på pilegrimsvandring. Olav den Heilage skulle i alle fall ikkje haldast i ære, for kongen sat i København og styrte Noreg og Danmark. Kongens menn prøvde å fjerne kista til Olav den Heilage.

Kyrkja heldt fram arbeidet sitt med skular, og i Noreg blei det no skular for alle, eigentleg fordi folk skulle bli konfirmerte og lære om kristendommen. Luther hadde omsett Det nye testamentet til tysk, og etter kvart blei Bibelen omsett til mange språk. Dermed fekk barna også lære å lese og skrive på sitt eige språk, morsmålet sitt. Dei lærte også matematikk. Snart fanst det skular for barn i Noreg, og i 1736 blei det innført konfirmasjon og i 1739 allmenn skulegang. Men under reformasjonen blei det også store endringar i korleis folk tilbad Gud, og det var ein del ting som forsvann: bruk av røykjelse, helgenar, stearinlys og pilgrimsreiser.

Luther var oppteken av at folk skulle forstå evangeliet.

salme – religiøs song som blir brukt i kyrkjer og synagogar

Petter Dass norsk teolog og diktar

1647–1707

For dei fattige blei det oppretta ei fattigkasse. Det var kanskje byrjinga på velferdsstaten. I kyrkjene kom det preiker på norsk kvar søndag, ikkje på latin, som var vanleg før. Luther var oppteken av at folk skulle forstå evangeliet. Det blei meir song i kyrkjene. Det var alltid song i gudstenesta, og det blei skrive ei mengd nye salmar. Mange av dei finn vi framleis i salmeboka.

Døme på nokre kjente salmar er «Herre Gud, ditt dyre namn og ære». Han blei skriven av Petter Dass og står som første salme i salmeboka. Ein annan er ein påskesalme: «Deg vere ære, Herre over dødens makt». Han handlar om korleis kvinnene møter Jesus i hagen etter at han er stått opp frå dei døde. Eit tredje døme blir sunge til jul og heiter «Fager er jordi».

1 Martin Luther var både munk og teolog. Søk på nettet og forklar kva munk og teolog er. 2 Kvifor var Luther kritisk til kyrkja? 3 Skriv ein kort tekst om kva reformasjonen var. Fortel kva du har skrive til ein medelev. 4 Korleis har Martin Luther påverka kulturarven i Noreg? 5 Korleis endra synet på helgenar seg, som til dømes

Olav den Heilage? 6 På kva måtar endra den kristne praksisen seg? 7 Kva er evangeliet? Kvifor var det så viktig at det skulle bli forstått?

8 Kjenner du til nokon salmar? Skriv ned titlane. 9 Kven var Petter Dass? Skriv minst fire setningar, og samanlikn det du har funne ut, med det ein medelev har komme fram til. 10 Kvifor er salmar og songar viktige delar av gudstenesta, trur du? Grunngi svaret ditt. 11 Viss du skulle starta ein reformasjon i dagens samfunn, kva hadde du ønskt å endre på? 12 På side 24 står det eit sitat av Søren Kierkegaard. Kva trur du han meinte med dette? Oppgåver