6 minute read

Kva er kulturarv?

Next Article
Musikk

Musikk

Kulturarv er all den kulturen vi har arva frå generasjonane før oss. Kristendommen har vore viktig for norsk kulturarv dei siste tusen åra. Denne arven stikk djupare i kulturen enn meiningane og oppfatningane til kvart enkelt menneske. Kristendommen som kulturarv har ikkje berre betydning for kristne. Gudstru kan vere eit viktig spørsmål for mange, men det er ikkje så viktig for kulturarven, og det å tru treng ikkje vere ein viktig del av det vi kallar «religion». Nokre gonger er det å følgje ein bestemt praksis viktigare enn å tru.

Kulturarven stikk djupare i kulturen enn meiningane og oppfatningane til kvart enkelt menneske.

religionsvitskap – historisk og samfunnsvitskapleg fag som utforskar religionar

Ninian Smart skotsk religionshistorikar og forfattar

1927–2001

Dei som er ekspertar på religionsvitskap, har ikkje greidd å bli samde om ein felles definisjon på religion. Men i alle land og kulturar er religion ein viktig del av kulturarven. Han har vore med på å forme kulturen på mange ulike måtar som ikkje nødvendigvis har med tru å gjere. Ninian Smart, som har forska på kva religion er, og korleis han påverkar samfunnet, har laga ei liste over kva vi kan sjå på for å forstå ein religion: 1 Ritual og symbol – til dømes dåp eller å gjere korsteiknet 2 Forteljingar og mytar – til dømes historiene om Abraham, Moses, Maria og Jesus i Bibelen, men også i filmar, bøker og sosiale medium 3 Erfaringar og kjensler – til dømes når ein gler seg over musikk, eller kjenner seg skuldig for noko gale ein har gjort 4 Samfunn – til dømes kyrkja, som i seg sjølv er eit samfunn, men også skulen, som først blei organisert av kyrkja 5 Etikk og lover – til dømes dei ti boda og bodet om nestekjærleik 6 Filosofi og truslære – til dømes kva vi tenkjer om liv og død 7 Bygningar og konkrete ting – til dømes ei kyrkje, eit kunstverk eller gåver som blir gitt ved høgtider, som julegåver.

Alle dei sju punkta har med kulturarven å gjere. Bygningar er eitt døme på kulturarv (punkt 7). Kyrkjene, som står spreidde ut over landet, er døme på korleis kristendommen har prega den norske kulturarven.

Religion har vore med på å forme og prege kulturen på mange ulike måtar som ikkje nødvendigvis har med tru å gjere.

1 Kva er kulturarv? Kva er arv? Diskuter med ein medelev.

Skriv deretter minst tre setningar. 2 Kva meiner du er den viktigaste kulturarven du har med deg frå besteforeldra og oldeforeldra dine? Grunngi svaret ditt. 3 Kva delar av kulturarven synest du er dei viktigaste å føre vidare til dei som kjem etter oss? Forklar kvifor. 4 Er det delar av kulturarven vår som er negativ? I så fall kva? Grunngi svaret ditt. 5 Kva er religionsvitskap? 6 Forklar kva skilnaden på meining og tru er. Kom med døme.

7 Kva er religion? Skriv minst tre setningar. 8 Ninian Smart har laga ei liste over kva vi kan sjå på for å forstå religion. Nemn tre punkt på lista og vis til døme. 9 Det første punktet på lista til Smart er ritual og symbol.

Kva er eit ritual? Har du nokon ritual?

10 Kva synest du er det viktigaste punktet til Ninian Smart? Kvifor? Oppgåver

Snorre Sturlason islandsk høvding, historikar og diktar

1179–1241

Nidarosdomen og plassen til kristendommen i Noreg Viss du kjem til Trondheim i dag, får du raskt auge på Nidarosdomen. Hundretusen kjem for å sjå kyrkja kvart år. Historia om kyrkja og helgenen går tilbake til Olav Haraldsson, kongen som fekk æra for å ha kristna Noreg. Olav var hærførar, og i 1030 slost han mot bondehæren på Stiklestad. Det blei ein kamp på liv og død, og ifølgje Snorre var det Tore Hund som hogg Olav med sverdet så han døydde. Om Olav hadde vore ein mektig konge så lenge han levde, blei han kanskje endå viktigare etter at han var død. Snart følgde forteljingar om uforklarlege hendingar. Håret og neglene hans skal ha halde fram med å vekse etter at han var død, og sjuke skal ha blitt friske. Korleis skjedde dette? Var det fordi dei var i nærleiken av der han låg gravlagd? Eller nær der han døydde?

Olav Haraldsson var kongen som fekk æra for å ha kristna Noreg.

Vestfronten med skulpturane sine er hovudfasaden på Nidarosdomen.

helgen – ein person som blir rekna som heilag, og som har levd i ein spesiell nærleik til Gud

Kva var det som gjorde at kongen blei endå viktigare etter at han var død? Olav blei viktig på grunn av teikn og under. Jesus Kristus døydde i vanære på eit kors, men stod ifølgje kristendommen opp den tredje dagen og viste seg for disiplane sine. Då kongen døydde, blei undera tolka som teikn på at Gud hadde gitt Olav ei spesiell oppgåve for heile folket i nord. Han hadde redda folket sitt og blei rekna som helgen. Snart blei det reist ei kyrkje der Olav var gravlagd. Rundt 1070 bestemte kongen at det skulle byggjast ei større kyrkje, Kristkyrkja. Kristkyrkja er den eldste delen av Nidarosdomen i dag. Katedralen har brunne ned fleire gonger, men kvar gong har han blitt bygt opp igjen.

vanære – skam

protestantismen – retning innanfor kristendommen som oppstod etter reformasjonen og brotet med den katolske kyrkja Overgangen frå norrøn til kristen tru kom ikkje berre av krigane på slutten av vikingtida mellom kongar og høvdingar, men også av Olavs død. Arven frå Olav er også arven vår. Det er ein viktig del av kulturarven i Noreg. I 2030 blir dette feira med eit stort jubileum – tusen år etter at Olav døydde på Stiklestad. Men den kristne kulturarven er ikkje spesielt norsk. Tvert imot, det er denne arven som knyter oss til Europa og ei rekkje andre land i ulike delar av verda. Den kristne kulturarven er viktig for alle dei nordiske landa, men også for land som Tyskland, Italia, England, Etiopia, USA, Hellas og Ukraina – anten dei er katolske, ortodokse eller protestantiske.

Det er denne arven som knyter oss til Europa og ei rekkje andre land i ulike delar av verda.

1 Kva er Nidarosdomen, og kvar i Noreg ligg han? 2 Finn eit eller fleire bilete av Nidarosdomen i boka og på nettet. Korleis vil du beskrive han? Skriv minst fire setningar. 3 Kva er ein helgen? Kan du gi døme på nokon norske helgenar? 4 Sjå på biletet øvst til venstre på side 21. Kven trur du statuane skal førestille? 5 Forklar med eigne ord kva som skjedde på Stiklestad i 1030. 6 Kvifor blei Olav viktigare etter at han var død?

Kva skjedde med kroppen hans? 7 Etter at han var død, blei det reist ei kyrkje for Olav i 1070. Korleis er det vanleg å markere det når kjente personar døyr i dag? 8 Kvifor er ikkje den kristne kulturarven spesielt norsk? 9 Tre retningar innan kristendommen blir nemnde på side 22. Kva blir desse kalla? Kva retning innan kristendommen er mest vanleg i Noreg? Oppgåver

This article is from: