Sommarvind 2019

Page 11

SOMMARVIND

• CHILE •

• ISLAND •

• STORBRITANNIA •

Jorge Antonio Flores Perez

Sverrir Eðvaldsson

Sandra Ann Håvardsholm

– Det er lett å komma i kontakt og bli kjend med folk. Det er alltid nokon som kjenner alle, det gir større nærleik til andre.

– Det beste med å bu i Sveio (Auklandshamn), er den fine naturen, som er lett tilgjengeleg for turgåing og båtliv. I tillegg er folk svært hjelpsame og snille.

– Her har ungane mine, Sebastian og Katelyn, gode venner. Det har eg også. Det er sosialt her, og eg elskar å gå tur rundt golfbana.

• ETIOPIA •

• NEDERLAND •

• EGYPT •

Hiwot Getachew

Marij De Winter

Naser Abou Taleb

– Det er veldig rolig og fint, og eg kjenner mange her i Sveio. Eg har no budd her i fire år med mann og to barn. Eg har gått på Vaksenopplæringa med flinke lærarar i Førde. NAV har også vore hjelpsame. Eg vil også takka familien min, Sveio kommune, sjefen min Marta Hammersland, Bent Rune m/fam. og Ingebjørg m/fam. No må eg dra til jobben min, som er på Rema 1000 Heiane!

– Det er fint å kunne bu landleg med naturen rundt seg, og at det ikkje er langt til skule, jobb og Sveio sentrum. Me har mange moglegheiter til å bruka naturen her, på vinteren pleier me å gå på ski rett bak garden der me bur.

– Det er ein flott, roleg plass der ein veit kven folk er. Det er trygt, også for ungane. Folk er hyggelege og kjekke. Om ein treng hjelp er det lett å få. Det er slik det skal vera, meiner eg, som ein god gamaldags livsstil. Eg er ikkje bymenneske, sjølv om eg er oppvaksen i Kairo.

• ERITREA •

• PALESTINA •

• DANMARK •

Nurhammed T. Nurhammed

Mohamed Elkhaldy

Bente Arnesdtr. Thorkildsen

– Eg likar meg her for det er ein roleg plass, og ein kan vera sikker på at barn er i gode omgivnadar. Eg fekk tilbod om å bu i Oslo, men takka nei, eg likar ikkje storbyar. På dei seks åra eg har budd her, har eg ikkje vore redd eller bekymra for barna mine.

– Alle er veldig hyggelege. Eg likar Språksprell svært godt. Eg vil takka alle, spesielt dei eldre i frivilligsentralen, som hjelper flyktningar med tips, og kommunen (vaksenopplæringa i Førde) som har lært meg språket så fort.

– Utsikta frå ein fjelltopp ein klar haustmorgon! Det er også mange valmoglegheiter i Sveio når det kjem til butikkar og aktivitetar. Eg set pris på tilbod om yoga, Rex Garden, fiske, golfbana – ein treng ikkje alltid køyra så langt.

11


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.