Gamle Ingeborg blei redninga for Olaug
- Mange eldre har mykje meir å bidra med enn dei kanskje trur, seier Olaug Bollestad. Då ho vaks opp, var det fleire eldre menneske som blei viktige i livet hennar. Tekst: Erlend Kjærnsrød — Foto: Øyvind Ganesh Eknes
KrF-nestleiaren vaks opp på Jørpeland i Rogaland. Ho har fleire gonger dei seinare åra fortalt om korleis mora hennar fekk ein fødselsdepresjon då ho vart fødd. - Mora mi var psykisk sjuk, så plutseleg kunne det gå fleire veker utan at ho snakka til oss ungane. Eg tenkte ofte på om det var min feil, om det var noko eg hadde gjort gale. Det var vondt og gjorde meg usikker, fortel Olaug. Faren arbeidde på stålverket på staden og var ein av bautaene i livet
20
Ho trygga meg på at det ikkje var min feil at mor var sjuk
hennar. Men også ei av dei eldre kvinnene på bedehuset blei særs viktig for Olaug. - Det er ikkje noko att etter ho, inga gravstein, ikkje noko minnesmerke eller noko slikt. Men sånne menneske som Ingeborg Sørhus, dei skulle ha vore på ein pidestall, utbryt Olaug engasjert. - Eg meiner at Ingeborg blei ei redning for meg. Det at ho hadde tid, og at ho såg ei ung Olaug som hadde så mange spørsmål og tankar, det var utruleg verdifullt for meg.