KrF medlemsblad Idé nr 1 2019

Page 17

Viktige steg på rett klimaveg KrFs inntog i regjering medfører viktige steg på vegen mot eit klimavenleg samfunn. - Regjeringsplattforma er ambisiøs både på klimaforpliktingar og på miljøpolitikk generelt, seier KrFs miljøpolitiske talsperson Tore Storehaug. Tekst: Alf Rose Sørgaarden — Foto: Daniel Mork/FlipFilm

Etter den siste IPCC-rapporten som kom sist haust 2018, er det enno klarere at det er naudsynt å skjerpe både klimamåla og verkemidla for å kutte utslepp. Leverer regjeringsplattforma konkret nok på dette? - Plattforma inneheld nye og langt meir ambisiøse klimamål enn før. Den inneheld også viktige, nye verkemiddel. Viktige døme er opptrappingsplan for CO2-avgift og betre krav til byggeplassar som skal sørge for ei berekraftig omlegging, seier Tore. Han viser til at KrF og Venstre saman har løfta viktige klimaprioriteringar i statsbudsjetta dei siste fem åra, men at ein ofte har enda opp med at regjeringa fekk skryt eller at opposisjonen har fremja forslag som likna veldig. - Men klimakampen er global, og det grovt urettvise er at klimaendringane rammar enno hardare i lande som er hardt pressa frå før. Eg er svært glad for gjennomslaget

for å gjennomføre ei internasjonal satsing for å fornybar energi, energieffektivisering og utfasing av kol i Sør. Alle ynskjer økonomisk vekst i utviklingslanda. Det er god klimapolitikk og utviklingspolitikk på same tid å bidra til at denne veksten blir miljøvenleg. I førre periode var det ein stor siger for KrF at vi fekk på plass ein eigen klimalov. Korleis er denne reiskapen nytta i plattforma? - Vi har eit eige punkt som forpliktar regjeringa på utvida klimarapportering, systematisk i kvart statsbudsjett. Det var ei mekanisme som låg i klimalova, men som no er skjerpa ytterlegare. Er det noko nytt på miljøområdet generelt du gjerne vil trekkje fram? -Ja, då vil eg særleg nemne oppfølging av strategien for villbier og andre pollinerande insekt. Den blei til på bakgrunn av eit KrF-forslag.

Regjeringsplattforma sine formuleringar viser at ein meiner alvor og vil gjere meir. Den siste tida har vi fått ei rekkje alarmerande meldingar om nedgang i talet på insekt generelt og pollinatorar spesielt. Det er livsfarleg for heile sivilisasjonen og samspelet i naturen. Her må Norge bli eit føregangsland, før det er for seint, slår Storehaug fast. Mindre nøgd er Tore over at plattforma ikkje er konkret nok på forbruksreduksjonar. - Mykje av våre utslepp er knytt direkte til materielt forbruk. Omgrepet «sirkulær økonomi» er i vinden, men eigentleg er det jo det same som mormor fortel at ein gjor i tidelegare generasjonar. Ein utnytta ressursane gjennom gjenbruk og reperasjon. KrF si ikkje-materalistiske verdiorientering gir oss høve til å heve denne fana høgare.

17


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
KrF medlemsblad Idé nr 1 2019 by Kristelig Folkeparti - Issuu