
1 minute read
Viktige steg p\u00E5 rett klimaveg

KrFs inntog i regjering medfører viktige steg på vegen mot eit klimavenleg samfunn. - Regjeringsplattforma er ambisiøs både på klimaforpliktingar og på miljøpolitikk generelt, seier KrFs miljøpolitiske talsperson Tore Storehaug.
Advertisement
Etter den siste IPCC-rapporten som kom sist haust 2018, er det enno klarere at det er naudsynt å skjerpe både klimamåla og verkemidla for å kutte utslepp. Leverer regjeringsplattforma konkret nok på dette?
- Plattforma inneheld nye og langt meir ambisiøse klimamål enn før. Den inneheld også viktige, nye verkemiddel. Viktige døme er opptrappingsplan for CO2-avgift og betre krav til byggeplassar som skal sørge for ei berekraftig omlegging, seier Tore.
Han viser til at KrF og Venstre saman har løfta viktige klimaprioriteringar i statsbudsjetta dei siste fem åra, men at ein ofte har enda opp med at regjeringa fekk skryt eller at opposisjonen har fremja forslag som likna veldig.
- Men klimakampen er global, og det grovt urettvise er at klimaendringane rammar enno hardare i lande som er hardt pressa frå før. Eg er svært glad for gjennomslaget for å gjennomføre ei internasjonal satsing for å fornybar energi, energieffektivisering og utfasing av kol i Sør. Alle ynskjer økonomisk vekst i utviklingslanda. Det er god klimapolitikk og utviklingspolitikk på same tid å bidra til at denne veksten blir miljøvenleg.
I førre periode var det ein stor siger for KrF at vi fekk på plass ein eigen klimalov. Korleis er denne reiskapen nytta i plattforma?
- Vi har eit eige punkt som forpliktar regjeringa på utvida klimarapportering, systematisk i kvart statsbudsjett. Det var ei mekanisme som låg i klimalova, men som no er skjerpa ytterlegare.
Er det noko nytt på miljøområdet generelt du gjerne vil trekkje fram?
-Ja, då vil eg særleg nemne oppfølging av strategien for villbier og andre pollinerande insekt. Den blei til på bakgrunn av eit KrF-forslag.
Regjeringsplattforma sine formuleringar viser at ein meiner alvor og vil gjere meir. Den siste tida har vi fått ei rekkje alarmerande meldingar om nedgang i talet på insekt generelt og pollinatorar spesielt. Det er livsfarleg for heile sivilisasjonen og samspelet i naturen. Her må Norge bli eit føregangsland, før det er for seint, slår Storehaug fast.
Mindre nøgd er Tore over at plattforma ikkje er konkret nok på forbruksreduksjonar.
- Mykje av våre utslepp er knytt direkte til materielt forbruk. Omgrepet «sirkulær økonomi» er i vinden, men eigentleg er det jo det same som mormor fortel at ein gjor i tidelegare generasjonar. Ein utnytta ressursane gjennom gjenbruk og reperasjon. KrF si ikkje-materalistiske verdiorientering gir oss høve til å heve denne fana høgare.