KAPITTEL 1 | Rett og rettferd i ein rettsstat
Statsminister Margaret Thatcher forsøkte i 1970 å innføre ein koppskatt i Storbritannia. Det skapte store opptøyar. Skatten vart ikkje innført, og forsøket innleidde slutten på Thatcher si regjeringstid.
1.3.1
Verkar lova etter føremålet?
Alle lover har eit føremål, og det er derfor naturleg å spørje i kva grad lova bidreg til å oppnå føremålet, og om ho har utilsikta verknader som motarbeider føremålet. La oss ta kontantstøttelova av 1998 som døme. Paragraf 2 bestemmer at kontantstøtte blir ytt for barn mellom eitt og to år dersom foreldra ikkje nyttar seg av offentleg finansiert barnehageplass. Føremålet er at familiane får meir tid til omsorg for eigne barn. Eit omstridt spørsmål er om lova har uønskte og utilsikta sosiale verknader. Lova kan føre til at ein av ektefellane fell utanfor arbeidslivet, og det kan i sin tur føre til dårleg familieøkonomi, som ikkje er til barnas beste. Barna får kanskje ikkje den sosiale læringa som dei gjer i ein barnehage. Eit anna døme kan vere innføringa av straffelova § 316 som forbyr og set straff for kjøp av seksuelle tenester frå vaksne. Føresegna blir gjerne omtalt som «sexkjøpslova». Føremålet er å få ned omfanget av prostitusjon. Forsking tyder på at lova har redusert omfanget av prostitusjon
18