Statsraad Lemkuhl 1 2021

Page 4

Eit heilt liv på ­s jøen Tekst: Guni Kaldestad

David og Marc i 2004.

I besøksstolen på kontoret mitt sit overstyrmannen på Statsraad Lehmkuhl, David Seidl, med ein rykande kaffikopp i hendene. Han er komen inn i varmen frå eit surt og grått februarvær, men vinterværet ser ikkje ut til å plage den vante sjømannen. – Fortel om deg sjølv David. Korleis byrja historia di på Statsraad Lehmkuhl? – Vel, jeg startet som tredjestyrmann/instruktør sammen med min bror Marc på skipets første seiltokt på mange år. Toktet gikk med skoleungdommer mellom Bergen og Bremerhaven i 1986. Da ­jobbet jeg for tiden med min bror på Christian Radich som sesong­arbeider etter endt styrmannsskole i Tønsberg. På den tiden ble ikke seilskipene drevet på samme måte som i dag. Det var mye frivillighetsarbeid og det meste var sesongbetont. Så fikk da­værende kaptein på Christian Radich, Asbjørn Espenak, jobb som kaptein på Statsraad Lehmkuhl og måtte skaffe mannskap til å rigge opp og seile skipet, så da hentet han en gjeng fra Radich til dette. Det var sånn det startet.

Ein båt i hagen David har opplevd mykje og har hatt ein nokså uvanleg barndom og ungdomstid. Han vaks opp i Vancouver i Canada med foreldre, to eldre systre og ein eldre bror, Marc, som i dag er ein av kapteinane

på Statsraad Lehmkuhl. Dei var ein familie som tilbrakte mykje tid på sjøen i båt. – Faren vår bygde jo seilbåt i hagen, en liten ketsj på 56 fot. Jeg var ikke mer enn fem eller seks år da vi begynte å seile i Stillehavet. Det vart ikkje mykje tid til ordinær skulegong, så dei måtte bruke dei ressursane dei hadde for handa. – Foreldrene våre var påpasselige når de skaffet mannskap, at de hadde litt bakgrunn. Det var i alle fall et par, tre stykker som kunne undervise oss i ulike fag. Då foreldrene vart skilt tidleg på 70-talet vart systrene buande hos mora mens David og Marc fortsatte å segle med far sin og hans dåverande båtpartnar Garry, og etter kvart også med stemora Alise. Etter ei stund bestemte faren og Garry seg for å kjøpe ei gammal fiskeskøyte dei fann til salgs i Kristiansund. Skøyta heitte «Moder». – Tanken var at «Moder» blant annet skulle brukes til filminnspillinger og chartervirksomhet i USA, så de bygde den om til seilskute i sjørøverstil. Mens ombygginga held på i ca. to år i Kristiansund gjekk dei to ungdomane David og Marc på skule. 4

Dei måtte lære seg norsk og sidan dei mangla den formelle grunnleggande skulegongen vart det ei strevsam tid. Men «Moder» vart omsider ferdig og ferda gjekk så ned langs norskekysten til Danmark, Tyskland, Kanariøyene, Karibia og USA.

Draumen om noko større Det var ei vidunderleg tid. Dei kunne bade heile dagen i varmt vatn, gå i land på strender og vandre på oppdagelsesferd i regnskogen. Men draumen om å få segle på større fartøy vart stadig sterkare. Det hendte også at dei møtte Christian Radich. – Det var liksom drømmen å seile på mye større skip med mer system, så vi tenkte at der må vi prøve å komme oss om bord. Vi traff jo mannskapet der en gang i blant. Og i 1980, då David var berre 15 år og Marc var 16, fekk dei endeleg kadettplass på Christian Radich. Etter dette jobba dei som jungmenn og vart etter kvart lettmatrosar og matrosar. Så stod styrmannsskule i Tønsberg for tur. – Vi måtte anstrenge oss mer og jobbe hardere på skolen enn de andre i klassen. Det ble mange lange netter og helger for å komme gjennom stoffet. Mens de andre kunne være ute og feste, drev vi med lekser.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.