Barnehagelæreren som medforsker: Utdrag

Page 6

Forord

Utviklinga i yrket og utdanninga for barnehagelæraren har vore rivande dei siste åra. Ein drivande kraft er samspelet mellom praksisfelt og høgskule. Her veks ny innsikt, ny forståing og nye arbeidsmåtar fram. Her utviklar vi kunnskap saman. Midt i dette står studenten, rettleiaren, høgskulen, undervisaren, forskaren og praksisstaden. Og rundt står føresette, styresmaktar og andre aktørar som set rammer, forventningar og retning. Høgskulen på Vestlandet er ein av dei institusjonane i landet som utdannar flest barnehagelærarar. Eit sterkt samspel med praksisfeltet er grunnleggjande for dette arbeidet. Bergen kommune er høgskulen sin største vertskommune og samarbeidspartnar, og som landets nest største skule- og barnehageeigar har kommunen ein sentral plass som kvalitetsutviklar i utdanning og forsking, både gjennom prosjekt og fastare strukturar. Nye samspelsformer mellom akademia og praksis krev at vi eksperimenterer, utfordrar og konkretiserer og deler. Vi byggjer kunnskapsallmenningen saman, ikkje minst gjennom å ta barnehagelæraren som medforskar på alvor. I så måte er denne boka ei nyvinning og eit viktig tilskot til både høgskule og praksisfelt – og i bygginga av det nye universitetet på Vestlandet.

8


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Barnehagelæreren som medforsker: Utdrag by Cappelen Damm - Issuu