
1 minute read
Forord
Utviklinga i yrket og utdanninga for barnehagelæraren har vore rivande dei siste åra. Ein drivande kraft er samspelet mellom praksisfelt og høgskule. Her veks ny innsikt, ny forståing og nye arbeidsmåtar fram. Her utviklar vi kunnskap saman.
Midt i dette står studenten, rettleiaren, høgskulen, undervisaren, forskaren og praksisstaden. Og rundt står føresette, styresmaktar og andre aktørar som set rammer, forventningar og retning.
Høgskulen på Vestlandet er ein av dei institusjonane i landet som utdannar flest barnehagelærarar. Eit sterkt samspel med praksisfeltet er grunnleggjande for dette arbeidet.
Bergen kommune er høgskulen sin største vertskommune og samarbeidspartnar, og som landets nest største skule- og barnehageeigar har kommunen ein sentral plass som kvalitetsutviklar i utdanning og forsking, både gjennom prosjekt og fastare strukturar.
Nye samspelsformer mellom akademia og praksis krev at vi eksperimenterer, utfordrar og konkretiserer og deler. Vi byggjer kunnskapsallmenningen saman, ikkje minst gjennom å ta barnehagelæraren som medforskar på alvor. I så måte er denne boka ei nyvinning og eit viktig tilskot til både høgskule og praksisfelt – og i bygginga av det nye universitetet på Vestlandet.
Det er såleis ei glede å opna denne arbeidsboka og lesa om erfaringar frå prosjekt, frå arbeidsmåtar, frå samspel og forsking. Ramma for denne boka er eit sterkt og systematisk forskingssamarbeid mellom BARNkunne – Senter for barnehageforsking ved Høgskulen på Vestlandet og Etat for barnehage, Bergen kommune.
Det har vore kjekt å følgje dette arbeidet både frå innsida og utsida. Her ser vi verkeleg korleis forskingsbasert kunnskap flyttar profesjon, arbeidslivet og høgskulen framover. Til grunn ligg eit rikt og ope kunnskapssyn som set sjølve utviklinga av kunnskapen i sentrum.
Og midt i dette står barnehagelæraren som medforskar og utviklingsaktør. Ikkje åleine, men i eit sterkt samspel og godt posisjonert for framtida..
Til lukke med ei viktig bok for høgskule og praksisfelt!
Gunnar Yttri Rektor, Høgskulen på Vestlandet
Mimi Bjerkestrand Direktør, Etat for barnehage, Bergen kommune