Sosialistisk framtid nummer 3 2021

Page 10

Blå, raud og grøn kolonialisme i Sápmi

Av Svein Lund Sápmi. Berre ved å bruke dette ordet har eg truleg allereie provosert ei rekke potensielle lesarar. Nokre vil derfor slutte å lese her, andre vil halde fram for å sende hissige innlegg om at ein med å skrive Sápmi går inn for samisk stat med tilhørande etnisk utreinsking av alle nordmenn og andre ikkje-samar. Lappland, Laponia og Finnmark derimot, gir sjølv om det eigentleg betyr det same, heilt andre assosiasjonar. Er det enno i 2021 provoserande å omtale eit område på folket sine eige språk? For ikkje å snakke om å hevde at det finst norsk kolonialisme i nord. Mens ordet Sápmi er så godt som fråverande i offisielle dokument frå norske styresmakter, finn vi ei rekke omtalar av "samiske område" eller "samiske distrikt". Men kva er "samiske område"? Alt etter kven som skriv og formålet vil vi kunne få totalt forskjellige definisjonar. Sametinget har illustrert med kart 6 måtar samiske område er definert på i norsk forvaltning.1 Omfanget av samiske område er ikkje berre forskjellig mellom dei forskjellige formåla, dei varierer også innafor kvart av desse. F.eks. blei Forvaltningsområdet for samisk språk oppretta for 6 kommunar i 1990, mens det no er utvida til 13. Dermed er 7 kommunar blitt samiske. Var dei det ikkje før? På tilsvarande vis har

10

Sosialistisk framtid nr. 3 - 2021

området for næringsstøtte endra seg, og samarbeidsavtalane mellom Sametinget og fylkeskommunane har kome etter tur og på grunn av fylkessamanslåingar ser det forskjellig ut i dag. Sjølv om her er heile 6 variantar av samiske område, er det fleire som manglar. Nokre har forsøkt å avgrense det til området der eit fleirtal er samisktalande (2 kommunar) eller til området der fleirtalet reknar seg som samar (truleg 5-6 kommunar). Mange vil i det heile ikkje godta omgrepet. Noreg er norsk, Finland er finsk, Russland er russisk og Sverige er svensk. Og ferdig med det. Til sist vil eg trekke fram ein siste, men politisk svært viktig definisjon: Samiske område er der kor sa-

mane har rett til å hindre naturinngrep frå storsamfunnet. Den definisjonen gir same resultat: 0 – null. Om vi legg til grunn eit minimum av sjølvstyre – retten til å stoppe inngrep – kjem vi altså til at det ikkje eksisterer. Heile Sápmi er kolonisert og lovar og proklamasjonar om samisk medverknad og omsyn til samisk kultur og næring er spel for galleriet. Med omsyn til naturinngrep og nedbygging finn eg det naturleg å definere "samiske område" alias Sápmi som der naturinngrep vil kunne påverke og vanskeliggjøre samisk næring og kulturutøving. Det er områda som tradisjonelt har hatt større eller mindre samisk befolkning, som har utnytta naturen i området til reindrift,

Sametinget har illustrert med kart 6 måtar samiske område er definert på i norsk forvaltning.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.