Sosialistisk framtid nummer 1 2022

Page 34

BOKOMTALE

Den nye fisken «Den nye fisken - om temming av laksen og alt det forunderlige som fulgte» av Simen Sætre og Kjetil Østli, Spartacus, 2022.

Av Alf Holmelid, tidlegare medlem av næringskomiteen for SV

Forfattarane av boka leverer eit meisterverk i kritisk journalistikk og formidlingskunst. Ein del av det dei skriv om, er kjent frå media og det politiske ordskiftet. Men dei presenterer mykje nytt stoff, og dei går grundig til verks. Samtidig klarer dei å løfte blikket og skape eit heilskapleg bilete av ei næring med store veksesmerter. Det er ikkje problemfritt å utvikle ei ressursbasert næring frå ei lita attåtnæring til ei av våre største eksportnæringar i løpet av nokre tiår. Problema blir ikkje tatt på alvor. Kapital, stat og forskingsmiljø forsvarar eksportinntektene for ein kvar pris. Boka startar med å presentere den optimistiske satsinga på ei ny næring. Forskarar ser eit potensiale i å overføre erfaringar frå husdyrhald på land til ein ny art i eit nytt element. Vill laks skal foredlast og bli grunnlag for ny matproduksjon. Samtidig er det mange fiskarar og forretningsfolk som prøver å tene nokre kroner på å ale opp den dyrebare laksen i improviserte anlegg. Optimismen er stor sjølv om det er få som ser for seg den enorme veksten som skulle komme. Men naturen slår tilbake. Forfattarane

34

Sosialistisk framtid nr. 1 - 2022

gir oss ei grundig innføring i problemet med lakselus. Dei viser oss kvifor dette parasittiske krepsdyret blir eit problem når laksen blir trengt saman i oppdrettsanlegg. Lusa på oppdrettslaksen blir i sin tur eit problem for villaksen som må passere oppdrettsanlegga i si vandring. Vi får ei levande innføring i korleis næringa stadig må bytte til nye kjemikaliar og avlusingsmetodar som alle har negative konsekvensar for miljøet. Bak den spennande framstillinga ligg det ein bodskap om at politikarane lar næringa vekse utan å krevje at den har tilstrekkeleg innsikt i konsekvensane av aktiviteten. Etter kvart blir næringa storkapital og ekspanderer til den andre sida av jordkloden. Laks var ein ukjent art i Chile. Men Pinochet ville ha nye næringar og la til rette for lakseoppdrett ved å stille mindre krav enn andre land. Laksen såg ut til å trivast - i starten. Men den sterke og ukontrollerte veksten førte til ei dramatisk oppblomstring av sjukdom på fisken. Det resulterte i ein kamp om kva som var årsaka til problema. Kunne smitten komme med smolt frå Noreg? Eit gjennomgåande tema i boka er situasjonen til dei forskarane som legg fram resultat som oppdrettsnæringa mislikar. I forskingsmiljø er ein vant til å møte motargument når nye resultat blir presentert. Men når forskarar gjer funn som bryt med det biletet næringar ønskjer å skape, er det ikkje berre snakk om faglege motargument. Forskarane blir møtte med

juristar og trakassering. Lista over fagpersonar som har fått munnkorg eller krav om fjerning frå jobben, er lang. Oppdrettsnæringa har ikkje stått åleine i kampen for å tone ned kritisk informasjon om fiskeoppdrett. Den har fått solid støtte frå forvaltninga og regjeringsapparatet som er opptatt av å sikre omdømmet og eksportinntektene - koste kva det koste vil. Jamvel ein fiskeriminister rykka ut med angrep på forskarar han meinte var for lite opptatt av å støtte regjeringa sin politikk på området. Boka er i det heile ein god dokumentasjon på korleis kommersielle interesser og lite prinsippfaste politikarar kan skade den frie forskinga. Mot slutten av boka får vi ei levande skildring av korleis ei attåtnæring i distrikta raskt utviklar seg til å bli dominert av store konsern med eit sterkt innslag av utanlandsk eigarskap. På ti år har vi fått 37 laksemilliardærar i Noreg. Halvparten av all lakseproduksjon i norske fjordar er samla i fire multinasjonale selskap, og utlendingar eig 35% av produksjonskapasiteten. Fellesskapet sine naturressursar langs kysten har blitt ei pengemaskin for norsk og internasjonal storkapital. Men skatt til fellesskapet vil dei ikkje betale. Boka har mange eksempel på at oppdrettsnæringa er ein uvanleg effektiv lobbyorganisasjon. Den vellukka kampen mot å betale grunnrenteskatt går utanpå det meste når det gjeld lobbyarbeid her


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.