Det fleirspråklege Noreg

Page 23

oM ein islendinG hadde ByrJa å skrive på dialekt på faceBook, hadde folk vorte uroleGe. ein vil Jo ikkJe øydeleGGJe språket!

alfre ð örn finnsson

– Det VaR ein tØFF OVeRgang. Eg trudde dansk og norsk var mykje likare. Islendingen Alfreð Örn Finnsson smiler. Han bestiller ein kopp svart kaffi på kafeen i Volda som heiter nettopp «Kaffikoppen». Folk snur seg etter han. Alfreð Örn Finnsson er ein kjend person i lokalmiljøet. Islendingen har løfta Volda Handball til nye høgder, og med det følgjer stor merksemd frå pressa i fylket. Alfreð Örn Finnsson trudde språket skulle vere grei skuring då han sa ja til å flytte til Volda og verte heiltids handballtrenar. Den språkmektige mannen frå Reykjavik snakkar flytande dansk og engelsk, i tillegg til noko tysk, gresk, latin og hebraisk. Litt meir enn gjennomsnittet, kan ein trygt seie. – Eg er utdanna teolog. Tilfeldigheitene gjorde likevel til at eg no ikkje arbeider som prest, men som handballtrenar, sportsleg leiar for Vti Handball, som lærar på vidaregåande og som postmann. Den tidlegare toppspelaren i islandsk handball vart skadd, og karrieren måtte leggjast på is. Han begynte å arbeide som trenar, og ein agent skaffa han jobb som trenar for Volda Handball i 2010. Vips, så hadde han flytta til Volda, og ikkje lenge etter fekk kona Eva Björk arbeid i banken og kom flyttande saman med borna deira, sonen Gisli og dottera Anna Margret. No trenar Alfreð tre lag, eitt av dei i toppen i 2. divisjon. – Eg lærte dansk på skulen, og foreldra mine

budde ti år i Danmark. Mange islendingar er negative til å lære dansk på skulen. Eg ser det ikkje slik. Eg likar språk! Men norsk og dansk er veldig ulikt. På mange måtar øydela dansken litt for meg, eg kunne dansk litt for godt. Alfreð ville lære norsk med ein gong. Då han tok over trenaransvaret for handball-laget, nekta han å snakke engelsk. – Kan ikkje kome her og vere islending og måtte snakke engelsk – i Volda! Han brukte kvinnene på handballaget til å lære språk. Spurde kva det og det heiter. Gule lappar. Han las lokalavisa og norske bøker. Så kom språket sigande, og han blei meir og meir volding for kvar dag. Borna Gisli og Anna Margret snakkar no klingande voldadialekt. For fireåringen Gisli var det ein krevjande overgang å kome frå Reykjavik til norsk barnehage. – Den første månaden sa han ikkje eit ord. Så opna han munnen og snakka volding. Det var heilt snålt, seier pappa Alfreð. Dei norske dialektane er det som forundrar Alfreð mest når det gjeld språk. På Island er dialekttoleransen svært liten. Folk er ikkje stolte over å ha ein dialekt, islandsken skal vere rein. Ein kan knappast høyre skilnad på ein person frå Reykjavik og ein person frå Akureyri i nord. – I starten var eg irritert på dialektane. Kvifor 108 109


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.