Soga om Torstein Vikingsson

Page 1



Soga om Torstein Vikingsson



Soga om Torstein Vikingsson

Frå gammalnorsk til nynorsk ved Jon Fosse

Skald 2023



1

Denne soga byrjar med ein konge som heitte Loge. Han rådde over landet lengst nord i Noreg. Han var større og sterkare enn nokon annan i landet. Det forlengde namnet hans var Håloge, og landet tok namn etter han og vart kalla Hålogaland. Loge var den venaste mann. Han var av riseætt og hadde styrken og høgda til ætta si. Han var gift med Glod, dotter til Grim av Grimsgard, nord i Jotunheimen, som då var nord i Elivågane. Grim var den største berserken. Han var gift med Alvor, syster til Alv den gamle. Han rådde over det riket som ligg mellom to elvar. Gautelv vart den elva kalla som ligg sør for landet til kong Gaute og avgrensa Gautland. Og Raumelv var i nord og var kalla opp etter kong Raum av Raumariket. Riket kong Alv rådde over vart kalla Alvheim, og dei som ættar frå han er alle av alveætt. Dei var venare enn andre folk, nest etter riseætta. Kong Alv var gift med Bryngerd, dotter til kong 4–5


Raum av Raumariket. Ho var ei stor kvinne, men ikkje vakker, for kong Raum var stygg og dei menn som var store og stygge vart kalla store raumar. Kong Håloge fekk to døtrer med Glod, dronninga si. Den eine heitte Eisa, den andre Eimyrja. Dei var vakrare møyar enn nokon andre i landet. Dei hadde det frå ætta si, slik var både far og mor deira. Og slik eld gjev ljos der det før var mørker, tok desse landslutene namn etter dei alt nemnde folka. Håloge hadde to jarlar. Den eine heitte Vivill, den andre Vesete. Dei var begge sterke og mykje til menn. Dei verja landet for kongen. Ein dag gjekk jarlane fram føre kongen og Vivill bad om Eimyrja og Vesete bad om Eisa. Kongen sa nei til begge. Dei vart då så harme at dei litt seinare stakk frå landet og førde møyane bort. Då landlyste Håloge dei og lét ei galdre gjerast som sa at dei aldri meir skulle få vera i landet, og han la til at ætlingane deira heller ikkje skulle få råda over det dei der åtte. Vesete sette då bu på den øya eller holmen som vert kalla Borgundarholmen, og vart så far til Bue og Sigurde Kåpe. Vivill siglde lenger aust og sette bu på ei øy som heiter Vivillsøy. Han fekk så ein son med Eimyrja, kona si, som heitte Viking. Han vart tidleg svært stor og var sterkare enn andre menn.


6–7



2

Ring heitte kongen som var fylkeskonge i Sviaveldet. Han hadde dronning og ei dotter, ho heitte Hunvor. Ho var vakrast og best oppseda av alle kvinner. Ho hadde ei stor stove og eit følgje av kvinner. Ingebjørg heitte ho som stod henne nærast, dotter til Herfinn jarl av Ullaraker. Dei fleste folk tykte at Ingebjørg ikkje stod til atters for kongsdottera anna enn i byrd, for i klokskap stod Ingebjørg over alle i landet. Mange kongar og kongssøner fridde til henne, men ho viste dei ifrå seg. Og alle tykte hovmodet hennar var overmodig. Mange folk sa at ho kom til å få seg ein knekk. No gjekk det ei tid slik.

Eit fjell var bak kongssetet. Det var så høgt at ingen mann la vegen over det. Men så ein dag kom ein mann gåande frå fjellet, om han no kunne kallast for mann. Han var større og styggare enn nokon folk før hadde sett. Han likna meir på ein jotun enn på eit menneske. I handa hadde han eit 8–9


tviodda spyd. Det var på den tid kongen sat til bords. Denne raumen gjekk til halldøra og spurde om å få koma inn, men dørvaktene nekta. Då sette han spydet i dei slik at oddane gjekk igjennom brystet på den eine og ut ryggen på den andre, og så lyfte han begge over hovudet sitt og kasta dei døde langt bortover vollen, og så gjekk han inn og fram føre kongens høgsete og sa: «Når eg har synt deg slik vyrdnad, kong Ring, at eg har vitja deg heime, så tykkjer eg det sømer seg at du gjer det eg bed deg om.» Kongen spør kva det kunne vera, og kva han heitte. Han svarar: «Eg heiter Hårek Jarnhaus. Eg er son til kong Kol Krokrygg av Indialandet, og ærendet mitt er at eg vil du skal gjeva i mitt vald dotter di, landet og folket ditt. Dei fleste vil nok meina at landet står seg best om eg styrer heller enn du, avgammal og duglaus, gjer det. Og om du ikkje vil lata meg få riket skal eg koma deg til møtes ved å gifta meg med dotter di, Hunvor, og om du ikkje likar det kan eg drepa deg og eiga riket og ta Hunvor til frille.» Kongen skjøna at han hadde fått ein stor vanske å handsama, for alt folket hadde vorte fælne av det dei sa. Kongen sa:


«Eg tykkjer vi må få vita kva ho sjølv vil svara.» Hårek sa at det likte han godt. Så vart det sendt bod etter Hunvor, og spørsmålet vart lagt fram for henne.

Ho sa: «Eg likar godt denne mannen, og eg trur han kan gjera mykje for meg på alle måtar, men eg stolar ikkje på lyndet hans, så eg vil likevel spørja kva som skal til for at eg kan sleppa.» «Det trengst ikkje,» seier Hårek, «dersom kongen, etter tre netters frist, vil møta meg i holmgang eller få ein annan mann til å stilla i sin plass, då skal den som feller den andre på holmen råda i alle ting.» «Det er visst ingen,» seier Hunvor, «som kjem til å sigra over deg i holmgang, men eg seier likevel ja til framlegget ditt.» Hårek går så ut, og Hunvor fór til stova si og gret sårt. Kongen spurde mennene sine om ingen ville vinna dotter hans ved å stridast mot Hårek. Og sjølv om det var mykje å vinna, ville ingen melda seg, for alle var sikre på at døden då var viss. Mange tykte òg at dette var til pass for henne, så mange som ho hadde vist ifrå seg, for no ho skulle giftast med Hårek vart nok hovmodet hennar mindre. Øymund heitte tenaren hennar. Han var henne 10 – 11


trufast og litande på alle vis. Ho kalla han til seg ein dag og sa: «Eg kan ikkje vera her lenger. No skal du ta eit skip og ro til Vivillsøy, den øya som ligg ute ved Ullaraker. Det er ein gard på øya. Dit skal du fara og koma dit den neste kvelden, i skyminga. Du skal gå inn den vestre døra og når du kjem inn vil du sjå ein røsleg godt vaksen mann og ei gammal kone. Det er ingen andre der. Dei har ein son som heiter Viking. Han er no femten vintrar gammal, ein særs dugande mann. Han står nok ikkje på berget og ser etter deg. Anten får vi hjelp der eller så ser det dårleg ut. Ikkje lat nokon sjå deg, men om det berst slik til at du ser han, kastar du dette brevet i fanget hans og fer så sidan heim.» Øymund gjer seg snøgt klar og fer til skipet med tolv mann og kjem til Vivillsøy, han går åleine i land og til garden og stiller seg i døra til årestova. Bonden og husfrua sit ved elden. Han kunne sjå at bonden var ein djerv mann. Elden var vorten til oske, så det var vanskeleg å sjå. Husfrua tok til orde: «Eg meiner, Vivill min, at det hadde vore godt for oss om Viking, son vår, kom seg fram, for hans like finst ikkje, og holmgangen med Hårek nærmar seg.»


«Det tykkjer ikkje eg er eit godt råd, Eimyrja,» seier han, «for son vår er ung og uvørden, pågåande og uforsiktig. Det vert lett banen hans om han lèt seg overtala til å slåst mot Hårek, men du får avgjera.» Litt etter spratt døra bak bonden opp og inn kom ein svær og sterkbygd mann og sette seg attmed mora. Øymund kasta brevet i fanget til Viking og sprang sidan ut og til skipet og kom til Hunvor og seier at ærendet er gjort. Ho seier at no får lagnaden råda. Viking tok brevet og der var det helsing frå kongsdottera og der stod at ho bad han om å slåst mot Hårek Jarnhaus og at ho då ville verta hans. Viking raudna litt, og då Vivill såg det spurde han kva det var. Viking synte han brevet. «Ja visste eg det ikkje,» seier Vivill, «og det beste hadde vore om eg fekk avgjera, Eimyrja, eller kva meiner du?» Viking seier: «Vil det ikkje vera bra å berga kongsdottera?» Vivill sa: «Det vert din bråe bane om du slåst med Hårek.» «Vi får no sjå,» seier Viking. «Då er det lite vi kan gjera med det,» seier Vivill, «men eg må fortelja deg både om ætta hans og om han sjølv.» 12 – 13



3

Tirus den store var konge over Indialandet. Han var på alle vis ein gjæv hovding. Han hadde ei særs gjæv dronning og ei dotter, ho heitte Trona. Ho var den vakraste av alle kvinner, ulik dei fleste kvinner på grunn av visdomen sin, der var ho fremst av alle kongsdøtrer. Ein mann som heiter Kol høyrer òg soga til. Mangt godt kan seiast om han, fyrst at han var svær som ein jotun, stygg som fanden sjølv og så trollkunnig at han fór i jord og elv og limde saman stad og stjerner. Han skifte ham så lett at han kunne syna seg som allslags levande skapnader. Han kunne fara like godt med vinden som med sjøen. Han hadde så stor sekk over skuldrene at når han stod rett opp var pukkelen over hovudet. Han fór til Indialandet med stor hær og felte Tirus frå landet og gifte seg med Trona og la under seg land og folk og gjorde seg til konge over det. Han hadde mange 14 – 15


born med Trona, og dei likna meir på ætta til faren enn til mora. Kol vart kalla Krokrygg. Han hadde tre kostesame eigneluter: Det var eit sverd som beit så godt at ingen var betre på den tid. Sverdet heitte Angrvadill. Ein annan var ein gullring som heitte Glæse. Den tredje var eit horn. Det var av natur slik at kvar den som drakk av nedste delen fekk den sjukdomen som heiter lepra og miste minnet slik at han ikkje lenger hugsa kven han hadde vore, men fekk han drikka av den øvste delen av hornet besna minnet. Det eldste barnet deira var Bjørn Blåtann. Tanna hans var blå av farge og stod halvannan alen fram or munnen hans. Ofte gav han i slag folk bane med tanna, eller når han vart sint. Dis heitte dotter til Kol. Det tredje barnet deira heitte Hårek. Då han var sju vintrar gammal vart han skalla over heile hovudet. Hausen hans var hard som stål. Difor vart han kalla Jarnhaus. Det fjerde barnet deira heitte Ingjald. Overlippa hans var fleire alen langt frå nasen. Difor vart han kalla Ingjald Trane. Då desse brørne var heime moroa dei seg med at Bjørn Blåtann hogg tanna si så hardt han kunne i hausen til Hårek, bror sin, utan å skada han. Ingen våpen beit på overlippa til Ingjald. Kol Krokrygg seida til dess ingen våpen


kunne gjeva avkomet hans bane, bortsett frå sverdet Angrvadill. Ikkje noko anna jarn beit på dei. Då Kol var fullgammal døydde han ein fæl død. Då var Trona med barn og fødde ein son som heitte Kol etter far sin. Han var så lik far sin som om det var han. Då Kol var ein vinter gammal plaga han andre born ille. Han vart kalla Kol den krappe. Dis gifte seg med Jøkul Jarnrygg, ein svart berserk. Syskena skifte arven etter far sin. Dis fekk hornet, og Bjørn Blåtann sverdet, Hårek ringen, Ingjald kongedømet og Kol lausøyren. Tre vintrar etter at kong Kol døydde gifte Trona seg med Herfinn jarl, son til kong Rodmar av Marseraland, og fekk ein son med han fyrste vinteren, han heitte Framar. Han var evnerik og ulik brørne sine. «No tykkjer eg,» seier Vivill, «at du ikkje skal våga livet ditt mot denne helvetesmannen som jarn ikkje bit på.» «Det må til,» seier Viking, «og det får gå som det må.» Og då Vivill skjønar at det er hans alvor å slåst mot Hårek, då sa han: «Eg må seia deg meir om Kol-sønene: Vesete og eg hadde landvernet for kong Håloge. Vi var 16 – 17


på hærferd om sommaren. Då møtte vi ein gong Bjørn Blåtann i Grøningasundet, vi slåst og Vesete slo handa til Bjørn så hardt med klubba si at han miste sverdet og eg fekk tak i sverdet og køyrde det igjennom han, og der lét han livet. Sidan har eg bore sverdet og no vil eg gjeva det til deg, frende.» Han tok sverdet fram og gav det til Viking. Han lét vel om sverdet. Så gjorde Viking seg klar og fór åleine i båten. Han kom til kongsgarden den same dagen som holmgangen skulle vera. Der var det stilt og sorgtungt. Viking gjekk fram føre kongen og helste han. Kongen spør etter namnet hans. Viking seier kva det er. Hunvor sat attmed kongen. Viking spør om ho hadde bede han om å koma. Ho seier at slik var det. Viking spør kva han får om han går i holmgang mot Hårek. Kongen sa: «Du skal få dotter mi med sømeleg medgift.» Viking sa ja til dette. Han feste seg Hunvor. Dei fleste meinte at no var Viking død, sidan han ville slåst med Hårek.


18 – 19



4

Så gjekk Viking til holmen. Kongen følgde han med hirda si. Så kjem Hårek og spør kven han skal slåst med. Viking gjekk fram og sa: «Her er han.» Hårek sa: «Eg tykkjer det er stakkarsleg gjort å fella deg på vollen, for eg veit at du er død om eg slår deg med neven min.» «Og eg trur at du er redd for å slåst med meg,» seier Viking, «for du vart redd då du såg meg.» Hårek seier: «Det er eg ikkje, og eg tilbaud deg å berga livet, men du vil sjølv heller gå inn i opne helvetes­ munnen, og du skal hogga fyrst, slik lova om holmgang seier, sidan det er eg som har bede om han, og eg skal stå heilt still, for eg er ikkje redd sidan det ikkje kjem til å skada meg.» 20 – 21


Viking drog då Angrvadill, og det var som om eld kom frå sverdet. Og då Hårek såg det, sa han: «Med deg skulle eg aldri ha slåst om eg visste at du hadde Angrvadill. Det ser ut til å sannast, det far min sa, at vi sysken skulle vera kortliva, bortsett frå ein, han som bar hans namn. At Angrvadill kom ut or ætta er det verste som har hendt henne.» Og med det same hogg Viking ovanfrå i hausen til Hårek og kløyvde han i to til sverdet stod nedi jorda til hjaltet. Kongens menn ropte då høge sigersrop. Lykkeleg fór kongen heim til hallen. Så kom det på tale at bryllaup skulle førebuast, men Viking sa at han ikkje ville det – «i tre vintrar skal ho sitja i feste, og eg skal fara på hærferd,» sa han. Det vart gjort slik at Viking la ut med to skip, og det gjekk godt, for han sigra i kvart slag. Og då han hadde vore to år i viking la han om hausten inn til ei øy. Det var fint vêr og svært varmt.


22 – 23


142 – 143


2. utgåve Førsteutgåva frå 2015 blei utgitt med støtte av Norsk kulturråd og innkjøpt av Norsk kulturfond. Grafisk form: Modest [Rune Døli] Omslagskalligrafi: Stefan Ellmer Font: Tiempos Text 9,3 /14,1 pkt og Neue Haas Grotesk Papir: 115g Munken Print Cream 15 Trykk og innbinding: Balto Print © SKALD 2023 www.skald.no ISBN 978-82-7959-380-5


Jon Fosse

Jon Fosse

Soga om Torstein Vikingsson

Soga om Torstein Vikingsson

Med Soga om Torstein Vikingsson tek Jon Fosse for seg forteljinga om far til Fridtjov den frøkne, Torstein. Soga fortel om vikingferda til Torstein og far hans og fører oss frå garden i Sogn gjennom Noreg, Sverige og heilt til ­Indialandet. Denne fornaldersoga frå ­mellomalderen er underhaldande lesnad med både hærferder, trolldom, kjærleik og hat.

www.skald.no ISBN 978-82-7959-380-5

12225 Fridjov-Edda-Torstein omslag 04.indd 12-16

27/10/2023 08:52


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.