Soga om Fridtjov den frøkne er ei av dei mest kjende norrøne sogene utanfor Noreg. Soga handlar om Fridtjov frå Framnes og hans kjærleik til Ingebjørg, dottera til kong Bele. Etter at kongen døde, kjem Fridtjov og brørne til Ingebjørg i krangel. Brørne er imot eit bryllaup mellom dei to. Dei driv Fridtjov frå garden og gifter systera bort til den mange tiår eldre kong Ring. Men Fridtjov er klok og får til slutt både Ingebjørg og kong Ring sitt store rike.
Nobelprisvinnaren si nye omsetjing er basert på det opphavlege og lengste handskriftet av soga frå 1300-talet. Soga er ei underhaldande og lettlesen forteljing som gjev godt innsyn i tru og skikkar i vikingtida. Boka er ei av tre i serien: Sogene som har inspirert Jon Fosse.
ISBN 9788279593805, 12 x 18 cm, 144 sider, NOK 299,-